Geologisamlinga

Geologisamlinga

NTNU Vitskapsmuseet si samling av mineral, bergartar og fossil høyrer til blant dei tidlegaste innsamla museumsobjekta i Noreg.

Zoologiske fossiler. Foto Karstein Hårsaker, NTNU Vitenskapsmuseet.

Allereie i den første katalogen frå 1779 over museet sine samlingar er det om lag  30 mineral, mellom anna sølv frå Kongsberg, og 15–20 forsteiningar. Samlinga inneheld også originalkorrespondanse frå Kongsberg gruver frå 1760. Dette gir samlinga historisk verdi. 

Samlinga som inneheld rundt 8000 objekt er ikkje utstilt.