Om å velje utdanning

Person som tenker på valget foran seg. Foto
Foto: Victor Kleive

Om å velje utdanning

Ein del av karrieren din er å velje utdanning. Tenk gjennom kva som er viktig for deg når du skal velje studium, og kvifor. Fyll ut skjema for studieval for å reflektere over dine interesser, korleis du lærer best og kva for informasjon du trenger. 

Skjema for studieval

Det kan vere vanskeleg å velje, og det er heilt vanleg å vere usikker. Sjå filmen om det å ta eit utdanningsval. 

Søk informasjon om studia

Å oppsøke informasjon er første skritt på vegen til å ta eit studieval. Ver nysgjerrig og undersøk fleire utdanningsmoglegheiter. Les om utdanningsområda våre og kva studieprogram vi tilbyr på NTNU. For kvart studieprogram kan du sjå på:

  • Kva faga inneheld i heile studietida
  • undervisningsforma som blir brukt
  • valmoglegheiter innafor studieprogrammet
  • læringsutbytte
  • kva for mogligheiter det kan gi i arbeidslivet 

Du kan kontakte studierettleiar på det studiet du vil vite meir om. 

Ta utgangspunkt i arbeidsoppgåver i arbeidslivet 

Studieval kan òg ta utgangspunkt i arbeidsoppgåver du ønsker etter utdanninga. 

Med jobbkompasset frå utdanning.no kan du velje tema som interesserer deg og finne yrke og utdanningar som passar. 

I stillingsutlysingar kan du finne informasjon om konkrete arbeidsoppgåver og kva som er ønskeleg av utdanning i jobbar som interesserer deg. Ved å jamleg lese stillingsutlysingar kan du også halde deg orientert i arbeidsmarknaden gjennom heile studietida. Du finn stillingsutlysingar i jobbportalar.

Kva kan eg bli?

Å ta eit val

Å velje utdanning er for dei aller fleste ei stor avgjerd. Mange er usikre på kva dei ønsker å studere, og det er mange utdanningsretningar å velje mellom. Du tenker kanskje at utdanningsvalet du gjer no, er avgjerande for resten av karrieren din, men det er sjeldan slik. Det er mange moglegheiter til å skifte retning både undervegs i studia og i løpet av livet. Og all utdanning og erfaring gir deg kompetanse som kan vere nyttig i mange ulike typar jobbar.   

Så ei utdanning kan føre til mange ulike jobbar, det opnar seg ofte langt fleire moglegheiter enn ein kjenner til. Og mange ulike studium kan føre til same jobb. Nye typar jobbar oppstår, medan andre forsvinn. Interessene og ønska dine og kva som er viktig for deg, vil truleg også forandre seg over tid. Derfor vil du sannsynlegvis måtte stå i endringar og ta fleire karriereval gjennom livet. Nokre synest det høyrest vanskeleg ut, men det gir deg også høve til å velje den retninga du sjølv ønsker gjennom karrieren din. Så det å bli god på å sjå moglegheitene dine og vere bevisst på den kompetansen du har og ønsker, er bra å jobbe med under studietida. 

Kva blir eg?

"Kva blir du" så med utdanninga du vel? Jobbmoglegheiter etter utdanninga avheng av meir enn kva studieprogram du vel. Andre faktorar som kan ha verknad, er kva for bachelor- eller masteroppgåve du skriv og  kva arbeidserfaringar og kontaktar du får gjennom studiet. Sjå i filmen under for meir informasjon om kva som kan bety noko for kva for jobb du får etter avslutta utdanning. 

Nokre konkrete tips til valprosessen

Sett av tidspunkt for når du skal tenke på dette. Du treng pausar! 

Skriv ned tankane dine rundt valet for å unngå at tankane går rundt og rundt. Ta frem det du skreiv førre gong du tenkte på dette. Stemmer det framleis? 

Sjå på valprosessen som eit prosjekt som du deler opp i mindre delprosjekt. Delprosjekt kan for eksempel vere: 

  • Kva er viktig for deg, kva for verdiar må du ta omsyn til?
  • Kva for fordelar og ulemper har dei ulike alternativa på kort og lang sikt? 
  • Kva er motivasjonen din for dei ulike alternativa?
  • Kva har du gjort tidlegare når du skulle ta viktige val? Kva fungerte bra?
  • Kva eller kven kan hjelpe deg til å ta eit val? 

Ta eigarskap til valet ditt

Eit val kan vere tungt før ein har tatt det, det er då ein har alle tankane og redsel for konsekvensane. Men ofte blir det ikkje heilt feil uansett kva valet fell på. Samtidig må ein også nokre gonger våge å ta eit nytt val. 

Tenk over:

  • Kva kan du gjere for å ha det godt med det valet du tar? 
  • Korleis vil du forplikte deg til det valet du har tatt?
  • Om du må velje på nytt: Tenk på dette som noko du lærer av. 

Usikker på studievalget og redd for å angre?

Usikker på om du har valt riktig?

Har du allereie starta eit studium, men er usikker på om du vil halde fram? Då kan det vere greitt å ha nokon å snakke med, og du har moglegheit til å få  rettleiing. Hugs likevel at det ofte tar litt tid å komme inn i eit studium og lære seg korleis ein best kan studere. Gode studievanar er òg noko som må lærast, så ver litt tolmodig. Men er du sikker på at du vil studere noko anna, kan du søke om å byte studieprogram. Skaff deg først informasjon om studieprogrammet du ønsker å skifte til og snakk med ein rettleiar.

Snakk med en rettleiar

Det kan være lurt å snakke med studierettleiaren på studieprogrammet ditt før du tar avgjerda om å skifte studieretning. Du er også velkommen til å snakke med ein av våre rådgjevarar i NTNU Karriere om det å velje studium.

Korleis er er overgangen frå videregåande skule til å begynne som student?

Gå til hovudsida til NTNU Karriere

Studium og rettleiing ved NTNU

Kva seier tidlegare NTNU-studenter?

Kva seier tidlegare NTNU-studenter?

I Kandidatundersøkinga 2022 har 9000 studentar som ble uteksaminerte frå NTNU mellom 2019 og 2021 svart på mellom anna

  • er kandidatane våre tilfredse med utdanninga si?
  • kvar finn dei jobb etter utdanninga?
  • korleis opplever dei overgangen til arbeidslivet?
  • har utdanninga gjort dei kvalifiserte og attraktive i arbeidslivet?

Sjekk nettportalen for å sjå kva tidlegare studentar frå kvart studieprogram meiner. 

NTNUs kandidatundersøking 2022

Studentintervju

Studentintervju

Les intervju med studentar som uttalar seg om jobbmoglegheiter, studiemiljø og utanlandsopphald. 

Intervju med studentar

Interessetester

Interessetester

Du kan prøve fleire testar som kan hjelpe i utdanningsvalet ditt:

Jobbmuligheter for de ulike utdanningsområdene

Jobbmogligheiter for ulike utdanningsområde

Studieprogramma ved NTNU er samla i 14 utdanningsområde. Her følger ei omtale av kva for kompetanse studentane opparbeider seg gjennom studieløpet, og kva for jobbar som ofte kan vere aktuelle etter avslutta utdanning. 

Jobbmuligheter

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • drama og teater
  • biletkunst
  • kunsthistorie
  • musikkteknologi
  • musikkvitskap
  • utøvande musikk

Her blir kreative sjeler utdanna til profesjonelle kunstnarar, artistar, teknikarar og skodespelarar, men òg teoritunge kandidatar med evne til å analysere og tenke kritisk om kunst. 

Relevante jobbar for desse studentane varierer frå kulturadministrasjon, designbyrå og konsultasjon til jobb i studio, media eller som lærar. Kandidatane evnar å arrangere og produsere musikk, leie kor, jobbe som teknikar og dramaturg, med multimedia og med å legge til rette for eller leie barne-, ungdoms- og amatørteater. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • antikkens kultur og klassiske fag
  • arkeologi
  • filosofi
  • historie
  • kulturminneforvaltning
  • religionsvitenskap

Dette utdanningsområdet dekker eit breitt felt – frå grunnleggande, tradisjonsrike fag til nyare fag. 

Relevant arbeid for kandidatane frå desse studia kan variere frå HR via reiselivsnæringa til feltarbeid. Dei er spesielt eigna for yrke innan kultur og formidling, både i privat sektor og offentleg næringsliv. Det inkluderer for eksempel yrke som omsettar, journalist, bibliotekar, sakshandsamar, samfunnsplanleggar, lærar, konsulent/rådgjevar, tekstforfattar, forskar eller flyktningearbeidar. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogrammet biomarin innovasjon. Dette er eit tverrfagleg studium som kombinerer biologiske og marine fag, grunnleggande kunnskap i ulike realfag og dessutan kunnskap om marknadsføring og innovasjonsleiing. 

Utdanning innan innovasjon og nyskaping er relevant for alle område i arbeids- og næringslivet, både innanfor nye og etablerte verksemder. Spesielt eigna er kandidatane for å arbeide innanfor sjømat, akvakultur og anna marin næring. Arbeidsområde kan vere innan administrasjon, utvikling, drift og kvalitetssikring. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar) 

  • rørslevitskap
  • lektorutdanning i kroppsøving
  • idrettsfag
  • samfunns- og idrettsvitskap.

Her studerer ein kroppens rørsler i eit tverrfagleg perspektiv som kombinerer og integrerer helsefaglege, naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege aspekt ved fysisk aktivitet. 

Yrkesmoglegheitene er allsidige og knytte til ulike jobbar som relaterer seg til menneskeleg rørsle, fysisk aktivitet og trening. Studentane kvalifiserer som trenarar og leiarar, til stillingar innan førebyggande arbeid og rehabilitering i helsesektoren, innan fitness-industrien og i fritidssektoren med friluftsliv og naturopplevingar. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • datateknologi
  • elektronisk systemdesign og innovasjon
  • informatikk
  • ingeniørvitskap og IKT
  • IT-drift og informasjonssikkerheit
  • IT-støtta bedriftsutvikling
  • kommunikasjonsteknologi
  • kybernetikk og robotikk
  • programmering

I tillegg finst det ei rekke toårige masterprogram. 

Yrkesmoglegheitene varierer frå systemutviklar, IT-konsulent eller prosjektleiar til sal og kundekontakt. Kandidatar kan utvikle system for e-læring, visualisering, simulering, webapplikasjonar eller grafikkbaserte datasystem. Dei har erfaring med planlegging, design og administrasjon av nett og nettbaserte tenester og med system-, programvare- og utstyrsutvikling. Nokre har kompetanse innan det å handtere og etterforske sikkerheitshendingar, gjere risikoanalysar og sette i verk tiltak for å forbetre sikkerheita. 

 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma

  • grunnskolelærarutdanning
  • lektorutdanning
  • yrkesfaglærarutdanning

Grunnskolelærarutdanninga gir kompetanse både innanfor klasseleiing, pedagogikk og didaktikk, og kandidatane har kompetanse innanfor bruk av IKT i alle fag.  

Lektorutdanninga kombinerer lærarutdanning og mastergradsutdanning i eit bestemt fag. Studentane får kompetanse til å undervise for trinna 8–13 og kvalifiserer til lektorstilling i skolen. Mastergraden gjer samtidig at dei kvalifiserer til andre stillingar innan offentleg og privat forvaltning, og innan forsking og arbeid i nasjonale og internasjonale organisasjonar som krev fag- og utgreiingskompetanse. 

Yrkesfaglærarutdanninga er ei treårig utdanning innanfor elektro og datateknologi, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag eller teknologi- og industrifag. Studenten kvalifiserer som yrkesfaglærer i vidaregåande skole, og i tillegg kan utdanninga bli brukt i jobbar som lærar i ungdomsskolen, konsulent ved opplæringskontor og ingeniør i næringslivet. 

Under dette utdanningsområdet finn du mellom anna studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • biologi
  • bioteknologi
  • fysikk
  • geologi
  • kjemi
  • matematiske fag

Dette er alle studium for eit betre samfunn og miljø. Det er læra om jorda og livet på jorda, frå den minste cella til heile økosystem, og samspelet mellom artane og naturmiljøet. 

Yrkeskompetansen er relevant både i offentleg og privat sektor. Kandidatane kan gå inn i mange ulike stillingar ved sjukehus, universitet, høgskolar og forskingsinstitutt. Eller i forvaltarstillingar innan natur og miljø i kommune, fylke og stat. Dei kan vere konsulentar innan miljøutgreiing, i lækjemiddelfirma, oppdrettsverksemd, i miljøforvaltninga og i media- og forlagsbransjen. Dei er kvalitetsleiarar, laboratorieingeniørar, forskarar og rådgjevarar.  

 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • film- og videoproduksjon
  • filmvitskap
  • grafisk design
  • interaksjonsdesign
  • medievitskap
  • webutvikling

Desse studentane er engasjerte i film, design, kreativ utfalding og verkemiddel for å underhalde, provosere, inspirere, informere og røre. 

Disse kandidatane går inn i yrke innanfor mellom anna den audiovisuelle bransjen, produksjonsselskap og undervisningssektoren. Enkelte blir til dømes rekrutterte til bibliotek, høgskolar, filmformidling (festivalar, kino, filmbyrå), filmarkiv og journalistikk og utfører informasjons- og kommunikasjonsarbeid. Designkandidatane går til design, reklame­ eller kommunikasjonsbyrå, web- og multimedieutviklingsbyrå, forlag, aviser og museum.

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar) 

  • audiologi
  • barnevern
  • bioingeniør
  • ergoterapi
  • fysioterapi
  • medisinstudiet
  • radiografi
  • sosialt arbeid
  • sjukepleie 
  • vernepleie 

Desse har til felles at dei studerer menneskekroppen og korleis han heng saman med samfunn og miljø. 

Medisinstudiet utdannar studentar til eit framtidig legeyrke og stiller høge krav til medisinsk kunnskap, praktiske ferdigheiter, vitskapleg og profesjonell kompetanse. Barnevernsstudenten har kompetanse i å møte utsette barn og unge og korleis vi kan forsøke å hindre at barn og unge får problem. Radiografar skaffar seg informasjon om menneskekroppen gjennom bildemateriale for å oppdage eller behandle/lindre sjukdom og lidingar. Sosialt arbeid er eit praksisbasert yrke og eit vitskapleg fagområde som skal fremme sosial endring og utvikling. Sjukepleiarutdanninga gir kompetanse til å behandle og ta vare på menneske gjennom dei viktigaste hendingane i livet, og vernepleiarutdanninga gir kompetanse til å yte bistand til menneske med ulike funksjonshemmingar. Bioingeniørstudiet utdannar autorisert helsepersonell med kompetanse innan både naturvitskap og samfunnsvitskap. Ergoterapi er eit studieprogram som gir kunnskap om korleis aktivitetar, omgjevnadar og miljø kan leggast til rette slik at menneske oppnår auka meistring. Fysioterapeutar kan kropp og bevegelse og kartlegg kva for moglegheiter pasientar/brukarar har til å bli betre gjennom behandling og trening. 

Desse kandidatane jobbar gjerne på laboratorium, klinikkar og helsestasjonar, hjelpemiddelsentralar, som privatpraktiserande, som rådgjevarar, i bedriftshelsetenesta og innan ulike helsetenester i kommunane. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar) 

  • pedagogikk
  • rådgjeving og vaksne si læring
  • praktisk-pedagogisk utdanning

Desse studentane blir kvalifiserte for oppgåver i eit variert spekter av roller i yrkeslivet. Dei kvalifiserer særleg for arbeid i oppvekst- og utdanningssektoren. Dei er godt eigna til å jobbe med barn og unge, med kompetanseutvikling, formidling, opplæring eller undervisning for ulike aldersgrupper og i ulike samanhengar, offentlege som private. Etter avslutta utdanning jobbar mange som rådgjevarar i offentleg sektor, studie- og karriererettleiarar, miljøarbeidarar, pedagogisk-psykologisk rådgjevar, konsulent i høgskoleutdanning, konsulent, barnevernskonsulent, miljøterapeut, fagarbeidar, sjølvstendig næringsdrivande og inntaksleiar. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar) 

  • arkiv- og samlingsforvaltning
  • europastudium med framandspråk
  • geografi
  • psykologi
  • psykologiutdanning
  • studier av kunnskap, teknologi og samfunn (STS)
  • shipping management
  • sosialantropologi
  • likestilling og mangfald
  • sosiologi
  • statsvitskap

Kompetansen til desse kandidatane er i skjeringspunktet mellom menneske, samfunn, teknologi, politikk og økonomi. Yrkesmoglegheitene er mange og inkluderer IT, arkivvitskap museologi, læringsprosessar, teknologiprosessar, rådgjeving, organisasjonsutvikling og leiing. Kandidatar frå desse studia kan analysere kulturelle og samfunnsøkonomiske problemstillingar. Dei kan vurdere forhold innanfor og mellom grupper, organisasjonar, institusjonar og samfunn og har innsikt i politiske avgjerdsprosessar og menneskeleg åtferd og psykologi. Dei har kompetanse i korleis arbeidskraft blir brukt i samfunnet, naturressursar, produksjonsutstyr eller teknologisk kunnskap. 

 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • allmenn litteraturvitskap
  • engelsk
  • fransk
  • logopedi
  • nordisk språk og litteratur
  • norsk som andrespråk
  • teiknspråk og tolking
  • spansk
  • tysk

Dette er ein bred kompetanse som er nyttig i arbeid innanfor mange forskjellige typar yrke. I arbeidslivet finn vi desse kandidatane mellom anna som kulturarbeidarar, journalistar, litteraturkritikarar, forlagsredaktørar, kommunikasjonsrådgjevarar og reklamekonsulentar. Mange driv med undervisningsverksemd eller jobbar innan administrasjon og offentleg forvaltning. Enkelte har òg etablert seg som forskarar og forfattarar. 

 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • byggingeniør
  • dataingeniør
  • elektroingeniør
  • ingeniørvitskap og IKT
  • kjemiingeniør
  • logistikkingeniør
  • maskiningeniør
  • arkitektur
  • automatiseringsteknikk
  • bygg- og miljøteknikk
  • berekraftige byggeprosessar
  • elektronisk systemdesign og innovasjon
  • energi og miljø
  • fornybar energi
  • fysikk og matematikk
  • geomatikkingeniør
  • industriell design
  • industriell kjemi og bioteknologi
  • kommunikasjonsteknologi
  • marin teknikk
  • materialteknologi
  • matteknologi
  • nanoteknologi
  • nautikk
  • olje- og gassteknologi
  • petroleumsfag, produkt og systemdesign
  • produktutvikling og produksjon
  • skipsdesign
  • tekniske geofag
  • teknologidesign og leiing
  • tradisjonelt bygghandverk

I tillegg finst det ei rekke toårige masterprogram. 

Dette er eit breitt og stort utdanningsområde, og kandidatane går ut i arbeid i eit varierande omfang av yrke. Dei kan jobbe både offentleg og privat, med energi og miljøspørsmål, bygg og design, IKT og elkraft, i petroleumsbransjen og med nautikk. 

Under dette utdanningsområdet finn du studieprogramma (med atterhald om endringar)

  • industriell økonomi og teknologileiing
  • logistikk
  • marknadsføring og leiing
  • politisk økonomi
  • samfunnsøkonomi
  • økonomi
  • leiingog berekraft
  • økonomi og administrasjon

Kandidatar frå desse områda er ettertrakta i det norske næringslivet, og vi finn dei i over 700 forskjellige bedrifter i Noreg og i utlandet. Dei finst eksempelvis innan store industriselskap, i høgteknologibedrifter, bank og forsikring, IT og telekommunikasjon eller i konsulentverksemder. Eksempel på oppgåver og jobbar er lagerstyring, salsprognosar, befrakting, sjeføkonom, finansrådgjevar, makroanalytikar eller sakshandsamar og utgreiar. 

Veiledning valg

Karriererettleiing

NTNU Karriere tilbyr rettleiing per telefon, videomøte eller fysisk. Dette er eit gratis tilbod til noverande, kommande og nyleg uteksaminerte NTNU-studentar (inntil 6 månader etter avsluttande studium). 

Vi rettleiar om tema som

  • utdanningsval
  • kompetansekartlegging
  • korleis du kan bruke utdanninga di
  • jobbsøkarprosessen
  • CV og søknad

For faglege spørsmål: Ta kontakt med studierettleiaren din

Karriererettleiing: Bestill via bookingkalenderen vår

NTNU karriere - lokal social media