Jens Stoltenberg som vestlending
Alle veit at Jens Stoltenberg kjem frå Oslo, og at han snakkar oslodialekt. Men sjå på denne videoen her, plutseleg høyrest han ut som ein forfina vestlending. Kva er det i tonefallet hans som gjer at han plutseleg høyrest vestlandsk ut?
Litt enkelt sagt er tonefallet justert slik at det som gjekk oppover i melodien i originalopptaket, går nedover i den «vestlandske» varianten, og motsett. Dette er ikkje heile historia, men men. I illustrasjonen under er originaltonefall markert i grått, justert tonefall er markert i grønt. Utdraget som er illustrert her, er delsekvensen «Dette er grunnen til at vi fra og med i dag får et helt nytt pen[sjonssystem]». Sjølve vokalane og konsonantane er akkurat som før, det er berre tonefallet som er justert, om enn må ein litt unøyaktig måte, men det fungerer.
Det er klart at i språk er tonefallet veldig viktig. Ser vi på den neste videoen, forstår vi litt av kvifor. Det tonefallet vil vi aldri møte i naturleg språkbruk. I denne andre videoen går vi altså langt utanfor dei grensene som finst for tonefall i eit språk, i dette tilfellet norsk:
Kva kan så dette brukast til, bortsett frå å ha det morosamt? Jau, dette illustrerer jo at tonefallet har ein funksjon i språket. Den funksjonen går faktisk langt utover for eksempel det som er kjent som tonelagsforskjell, altså forskjellen på dei to orda «skrive» og «skrivet», eller «bønder» og «bønner».
Ved å justere tonefallet i slike lydopptak kan vi gjennomføre eksperiment for å finne ut nøyaktig kva det er i tonegangen som er viktig, og korleis det er viktig. Kva skal for eksempel til for å oppfatte at eit ord har eit ekstra sterkt trykk? Og i eit større perspektiv: Kva konsekvensar vil slik innsikt ha for eksempel for folk som skal lære norsk, eller for datamaskiner som skal gjenkjenne eller produsere mennesketale?
Å justere tonefallet i denne videosnutten sveiper innom to forskjellige fagområde. Det eine fagområdet er fonetikk, som handlar om dei konkrete lydane, i dette tilfellet dei konkrete frekvensane i tonefallet, altså sjølve lydbølgjene. Det andre fagområdet er lingvistikk, her med underdisiplinen fonologi, som i dette tilfellet tok for seg korleis tonefallet vert brukt i forskjellige språk og dialektar, og ikkje minst kva slags grenser som finst og som tonefallet må forhalde seg til.
Og heilt til slutt, her er originalvideoen med Oslo-tonefall: