Liv Ragnhild Holdhus Sjursen


 Liv Ragnhild

Eg tok master i språkleg kommunikasjon rett og slett fordi eg er interessert språk; både språk i seg sjølv og korleis språk fungerar og blir brukt i verda. Eg har før studert språk der fokuset var på grammatikk og språk som system. Språkleg kommunikasjon derimot set språk i samband med menneska som brukar det, situasjonane det blir brukt i og samfunnet rundt. Eg likte òg at faget er tverrfagleg og trekk inn kunnskap frå mellom anna sosiologi, medievitskap, psykologi, pedagogikk, lingvistikk og kulturstudier. Tverrfaglegheita og fokuset på bruken av språk gjer utdanninga i språkleg kommunikasjon svært anvendbar der ute i det store, skumle arbeidslivet, og det er kjekt for oss som uansett ikkje ville ha endt opp med ein yrkestittel i baklomma.

 

Eg skreiv masteroppgåve om media, kjønn og identitet og foretok ein  diskusranalyse av reportasjane i damebladet KK for å undersøke kva media skriv om norske kvinner sine liv; om korleis dei gjer arbeid, omsorg og kjærleik. Eg såg etter det som blir tatt for gitt om verda i tekstane, og handlingsrommet tekstane gjer kvinner. Korleis skal ein vere og gjere kvinne i Noreg i dag i følgje media

Tilbake