Namnekonsulenttenesta

Illustrasjonsbilde/FOTO

Namnekonsulenttenesta

Statens namnekonsulentar for Midt-Noreg
Statens navnekonsulenter for Midt-Norge

Namnesaker er noko som verkeleg engasjerer folk, og det er til dels engasjerte debattar om kva skrivemåte som bør veljast.

Lov om stadnamn, sist revidert 01. august 2006, slår fast at stadnamn skal takast vare på som kulturminne, og at den offentlege skrivemåten av stadnamn skal normerast.

Namnekonsulenttenesta si hovudoppgåve er å tilrå skrivemåtar av stadnamn i offentleg bruk (stat, fylke og kommune), men vi kan også gje råd om namneval og svare på ymse spørsmål som har med stadnamn å gjera. Tenesta er delt inn i regionkontor.

Namnekonsulenttenesta for Midt-Noreg dekkjer området frå og med Romsdal og nordover til Saltfjellet. Statens namnekonsulentar i denne delen av landet er Eli J. Ellingsve og Ola Stemshaug. Kristin Fridtun er sekretær. Det er tilsvarande konsulenttenester i Oslo, Bergen og Tromsø, og eigne tenester for samiske og kvenske stadnamn.

Statens kartverk er den største oppdragsgjevaren. Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av namn på alle naturlokalitetar og alle tradisjonelle gards- og bruksnamn, samt alle riks- og fylkesvegar. Kommunen har vedtaksrett for skrivemåten av namn på kommunale vegar, bustadfelt og alle slags kommunale anlegg.

Verksemda til Namnekonsulenttenesta er nedfelt i revidert Lov om stadnamn. Hovudregelen for fastsetting av skrivemåtar er at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for moderne norsk.

Den som ønskjer å ta opp namnesaker, må ta kontakt med det organet som har vedtaksretten i kvart tilfelle eller med Namnekonsulenttenesta.

Vedtak i namnesaker kan påklagast, og dette fører til ny sakshandsaming. Klagesaker blir endeleg avgjort i ei særskilt klagenemnd.


Ta kontakt med oss:

Kristin Fridtun

Sekretær for namnekonsulenttenesta
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap
NTNU, 7491 TRONDHEIM
Telefon: 73 59 64 94
E-post: kristin.fridtun@ntnu.no
 

Eli Johanne Ellingsve

Namnekonsulent
Tlf. 73 59 79 98
E-post: Eli.Ellingsve@hf.ntnu.no

Ola Stemshaug
Namnekonsulent
Tlf. 73 59 65 43
E-post: Ola.Stemshaug@hf.ntnu.no