Allmenn litteraturvitenskap

Allmenn litteraturvitskap gir ei innføring i den vestlege litterære tradisjonen frå oldtida og fram til våre dagar. Sentralt i faget står utviklinga av dei store genrane: Epikk, dramatikk og lyrikk blir studert i eit samanliknande perspektiv over tidsepokar og over språk- og landegrenser. Dette historiske perspektivet blir supplert med ei innføring i dei viktigaste teoriane og metodane i litteraturfaget, slik dei har utvikla seg frå antikken og fram til vår eiga tid.

Allmenn litteraturvitskap er eit komparativt fag: Ingen litterære verk står aleine, men inngår alltid i ein dialog med andre verk og må bli forstått i forhold til desse. Men dette komparative aspektet avgrensar seg ikkje berre til litteratur.

Allmenn litteraturvitskap legg også vekt på å studere dei litterære tekstane i forhold til andre kunstartar, som biletkunst, film og musikk. På dette viset skal studiet gi ein omfattande og fagleg fundert kulturkompetanse som ikkje berre er høgst relevant for kurs innafor andre humanistiske og estetiske fag, men som også er nyttig innafor ei rekke arbeidsområde i samfunnet: for eksempel i skole eller forlag, kulturjournalistikk, kulturadministrasjon og innafor reklamebransjen.