Om Institutt for lærarutdanning

Om Institutt for lærarutdanning

Overskrift

Institutt for lærarutdanning (ILU) er Noregs største fagmiljø innan lærarutdanning og utdanningsforsking for det 13-årige skuleløpet. Vi har eit fullverdig lærarutdanningstilbod for grunnskulen og vidaregåande opplæring, ein brei etter- og vidareutdanningsportefølje for lærarar og skuleleiarar og eit eige tilbod i arkiv- og samlingsforvaltning. Fleire av utdanningane blir gitte i samarbeid med andre delar av NTNU. Instituttet har størst utdanningsaktivitet på NTNU, med om lag 4 400 studentar og rundt 500 tilsette.

ILU har ph.d.-program i utdanningsvitskap – fagretning lærarprofesjons- og skuleforsking, og deltar i det nordiske forskarskulenettverket for lærerutdanningsforskning NorTED. Vi har omfattande forskningsaktivitet retta mot skule og utdanning. Den utdanningsvitskaplege, fagdidaktiske og kunstnarlege forskinga gir  kunnskap om sentrale oppgåver og tendensar i skulen, og gjer det mogleg å tilby ei sterk, forskingsbasert utdanning.

Instituttet samarbeider med skular, kommunar og andre sentrale aktørar om lærarutdanning. Vi har ekstra tett samarbeid med universitetsskulane i Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune. Det gjer utdanninga praksisnær og forskinga relevant.

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (Matematikksenteret) og Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) er ein del av instituttet. Mandatet til sentra er å styrka kompetansen i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og i lærarutdanning.

Skulelaboratoriet er NTNU sitt ressurs- og kompetansesenter for undervisning i realfag, og har fagmiljø både ved Institutt for lærarutdanning og Institutt for fysikk.

Strategi: Kunnskap for ein betre skule og utdanning


Administrasjonen

Informasjon om fagseksjonane

Informasjon om fagseksjonane

Fagseksjonen har spesielt sterke fagmiljø innanfor fleirspråklegheit i engelskklasserommet og digital kompetanseutvikling i lærarutdanning. Dette er forskingsområde der vi har eksternfinansierte prosjekt. Andre forskingsområde inkluderer litteratur, språk, kultur og undervisningsmetodar i klasserommet. Dei er skildra på nettsidene til tilsette ved engelsk og fremmedspråk.

Fagseksjon for engelsk og fremmedspråk tilbyr engelskemner i

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
  • lektorutdanning for trinn 8–13
  • master i fagdidaktikk -  engelsk
  • engelsk fagdidaktikk innanfor praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
  • vidareutdanning for lærarar

Vi har òg undervisning i

  • fransk, tysk og spansk fagdidaktikk i lektorutdanning for trinn 8–13
  • framandspråk fagdidaktikk i praktisk-pedagogisk utdanning

I fagseksjonen for kunstfaga, kroppsøving og idrett står det kroppslege, sanselege og estetiske  sentralt. Fagseksjonen arbeider med både praksisleia og teoristyrt forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid, og dessutan inkluderande og kritiske perspektiv på fag og fagdidaktikk. Fagseksjonen legg vekt på mangfald og inkludering i kroppsøving og kunstfaga, og i seksjonen. Det er eit mål å fremje profesjonsretta og etisk medvitne relasjonar, dialogar og samarbeid på tvers av fag og forskjellar innanfor lærarprofesjonen som kontekst.

Fagseksjonen har tilbyr enkeltemner i

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
  • fagdidaktikkundervisning i ulike kunstfag og kroppsøving i praktisk-pedagogisk utdanning
  • lektorutdanning for trinn 8-13 i kroppsøving og idrett
  • mastar i fagdidaktikk - kunstfag
  • emne i instituttets profesjonsretta ph.d.-program
  • ulike etter- og vidareutdanningstilbod

Dei tilsette i fagseksjonen representerer fagfelta

  • kroppsøving og idrett kunst og handverk
  • billedkunst og kunsthandverk
  • visuell kommunikasjon og design
  • film og mediefag
  • musikk og komposisjon
  • dans og koreografi
  • drama, teater og dramaturgi

Utvalde område for forsking og undervisning i, om eller gjennom kroppsøving og idrett i seksjonen er

  • fagdidaktikk i kroppsøving
  • kroppslig læring
  • motorikk og læring
  • omvend undervisning og digital teknologi i kroppsøving og idrett
  • vannkompetanse
  • friluftsliv
  • inkluderande kroppsøving
  • helse, miljø og trygging i kroppsøving
  • kroppsøving og helse

Utvalde område for forsking i, om eller gjennom kunstfag og kunstnarisk utviklingsarbeid er

  • musikklærarutdanning, musikkpedagogikk, musikkteknologi, arrangering, kor
  • koreografi, dansepedagogikk og dansedidaktikk
  • dramaturgi, teaterproduksjon, drama og teater fagdidaktikk, sal og scene
  • kunst i offentlege rom, digital teknologi i kunst og handverk, skulptur, tekstil
  • kulturskulen
  • artists-at-risk
  • sosialt og etisk bevisst kunstfagdidaktikk
  • teaching artists
  • kroppsleg læring, estetiske læreprosesser, inkluderande læreprosesser
  • å forske med kunsten

Meir informasjon om fag- og forskingsområde er skildra på nettsidene til tilsette ved kunstfaga, kroppsøving og idrett.

Ved fagseksjonen for matematikk jobbar vi med lærarutdanning i matematikk for trinn 1–13 og gjer forsking innan matematikkdidaktikk. Målet vårt er å utdanne fagleg trygge, reflekterande og utforskande lærarar.

Fagseksjonen for matematikk tilbyr didaktikkemne i

  • grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn
  • lektorutdanningfor trinn 8–13
  • mastar i fagdidaktikk - matematikk
  • matematikkdidaktikk innanfor praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
  • vidareutdanningsemne for grunnskulelærarar, mellom anna saman med Matematikksenteret masterutdanning for lærarspesialistar trinn 1–13

Forskingsinteressene våre dekker eit vidt område:

  • matematisk kognisjon og digitale læringsplattformer
  • profesjonsutvikling av lærarar og overgangar mellom skuleslag
  • lærarutdanning og korleis lærarstudentar utviklar matematikklærarkompetanse og matematikklæraridentitet

I forskinga vår tar i bruk både kvalitative og kvantitative metodar.

Meir informasjon om fag- og forskingsområde er skildra på nettsidene til dei tilsette ved matematikk.

Fagseksjonen har brei kompetanse innan alle delar av det integrerte naturfaget i grunnopplæringa og grunnskulelærarutdanningane og innan naturfaga i PPU og lektorutdanning for trinn 8-13. Vi er eitt av dei største fagmiljøa i landet for fagdidaktikk og skuleretta kompetanse i naturfaga, både undervisningsmessig og forskingsmessig. Forskinga i fagseksjonen spenner vidt, med prosjekt innan naturfagdidaktikk, didaktikken til dei enkelte naturfaga og naturvitskaplege tema. Meir informasjon om fag- og forskingsområde er skildra på dei faglige nettsidene til tilsette ved naturfaga.

Fagseksjon for naturfaga tilbyr naturfaglige emne i

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
  • lektorutdanning for trinn 8–13
  • master i fagdidaktikk - naturfag
  • fagdidaktikk i naturfaga innanfor praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
  • vidareutdanningskurs for lærarar

Ved Fagseksjonen for norsk bidrar vi til å førebu studentane til å undervise i eit utfordrande norskfag, til å utvikle eit relevant norskfag og til å utvikle betre norskfaglig praksis. Dette gjer vi gjennom å blikk for skulefaget, lærerutdanningsfaget og forskningsfaget på same tid.
Fagseksjonen for norsk har sterke fagmiljø innanfor dei tre store fagområda språk og språkdidaktikk, litteratur og litteraturdidaktikk og literacy (tekstkyndighet). Meir informasjon om fag- og forskingsområde er skildra på dei faglige nettsidene til tilsette ved norsk og på instituttet si oversikt  over forskingsgrupper og -prosjekt.

Fagseksjon for norsk tilbyr norskemne i

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
  • lektorutdanning for trinn 8–13
  • master i fagdidaktikk - norsk
  • norsk fagdidaktikk innanfor praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
  • vidareutdanning for lærarar (inkludert kurs knytt til byrjaropplæring og dei grunnleggande evnene lesing og skriving)

Fagseksjonen representerer eit mangfald av tema og metodologiar i forsking og utviklingsarbeid. I forsking og undervisning er seksjonen er opptatt av områda

  • likeverd
  • demokrati
  • danning og læring
  • sosial forskjell
  • mangfald
  • inkludering og psykososialt skulemiljø
  • barndom og ungdom
  • klasseleiing
  • institusjonskritikk

Seksjonen er særleg opptatt av det demokratiske og solidariske oppdraget i utdanning, og vi ser på det som ei viktig oppgåve å stille utfordrande og vanskelege spørsmål om utdanning og samfunn. Å utvikle eiga undervisning og utforske korleis vi skaper ei berekraftig utdanning for framtidige lærarar er sentralt for seksjonen.

Fagseksjon for pedagogikk tilbyr pedagogikkemne i

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn*
  • lektorutdanning for trinn 8–13
  • praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)

*I grunnskulelærarutdanningane tilbyr vi to retningar innanfor pedagogikk:

  • master i spesialpedagogikk
  • master i sosialpedagogikk

Tilsette i pedagogikkseksjonen er òg involverte i vidareutdanningsemne for lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen innanfor tema som rettleiing og relasjonsbasert klasseleiing.

Meir informasjon om fag- og forskingsområde er beskrivne på nettsidene til dei tilsette ved pedagogikk.

Samfunnsfagseksjonen er eit av landets største fagmiljø for skuleretta kompetanse og fagdidaktikk i samfunns- og religionsfaga, knytt både til undervisning og forsking. Forskargruppene til seksjonen arbeider med relevante problemstillingar innan fag og fagdidaktikk, i samarbeid med fagfellar nasjonalt og internasjonalt.

Vi arbeider òg målretta med å styrke utdanninga for arkiv, samlingar og dokumentasjonsforvaltning. Utdanningane våre, forsking og formidling skal bidra til at kandidatane kan møte framtidige utfordringar og utvikle samfunns- og fagkritisk innsikt i tråd med behova i samfunnet og intensjonane i lover og læreplanar.

Meir informasjon om fag- og forskingsområde blir skildra på dei faglige nettsidene til tilsette ved samfunnsfaga.
Fagseksjon for samfunnsfaga tilbyr emnemodular innan:

  • grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
  • lektorutdanning for trinn 8–13
  • praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
  • mastar i fagdidaktikk - samfunnsfag
  • bachelor i arkiv og samlingsforvalting
  • master i arkiv og dokumentasjonsforvalting
  • etter- og vidareutdanning i arkivstudiar og lærarutdanning

Fagseksjon for yrkesfag, skuleutvikling og utdanningsleiing har ei eiga nettside med informasjon om fagseksjonen og fokusområda deira.

Meir informasjon om fagseksjonen

Nasjonale senter ved instituttet

Nasjonale senter ved instituttet

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa skal bidra til kvalitet i matematikkopplæringa. Senteret skal bidra til å auke motivasjonen og interessa for matematikk i barnehagen og i skulen. Senteret skal dessutan bidra til å styrke kompetansen i rekning som grunnleggande ferdigheit.

Matematikksenteret har følgjande oppdrag:

  • utvikle ressursar og modellar for kompetanseutvikling i barnehagar og skular
  • forskingsformidling
  • vere tett på praksisfeltet og arbeid forskings- og praksisbasert
  • bidra til at barnehagar og skular utviklar kompetanse til å tolke og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket
  • bidra til kompetanseutvikling i barnehagar og skular
  • trygge andre institusjonar, og særleg lærarutdanningane, i arbeidet deira med å utvikle kompetanse i skulane og barnehagane
  • vere rådgivar for nasjonale utdanningsmyndigheiter innanfor matematikk og rekning som grunnleggande ferdigheit

Senteret sine målgrupper er lærarutdanningar, skule- og barnehageeigarar, leiarar og tilsette i barnehagar, skular og PP-tjenesten.
 

 

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking skal bidra til å auke kvaliteten i skriveopplæringa. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter i arbeidet med å styrke kompetansen i skriving som grunnleggande ferdigheit.

Gjennom verksemda si skal Skrivesenteret stimulere til skriving og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringa.

Kontakt

Kontakt

  Tilsette
  Om oss
  (+47) 73 59 04 00 (man.–fre. 09.00–15.00)
  kontakt@ilu.ntnu.no


Postadresse:
Institutt for lærarutdanning, NTNU
7491 Trondheim

Besøksadresse


Studenttillitsvalde

Instituttstyret

Samarbeidspartnarar i lærarutdanningane

Samarbeidspartnarar i lærarutdanningane

Institutt for lærarutdanning har samarbeidsavtalar med skular om å utdanne lærarar som skal vere rusta til å møte yrkeslivet.

Sjå oversikta over samarbeidspartnarane våre.

Universitetsskulesamarbeidet

Universitetsskulesamarbeidet

Nettverk for masterrettleiarar

Nettverk for masterrettleiarar

NTNU og Institutt for lærarutdanning er med å leia Nasjonalt nettverk for masterrettleiarar i lærarutdanningane.

Nettverk for offentlege ph.d.-stipendiatar

Nettverk for offentlege ph.d.-stipendiatar

Institutt for lærarutdanning er vertsinstitutt for NATPRONET, eit nasjonalt nettverk for lærarstipendiatar finansiert av Offentleg sektor-ph.d.-ordninga (OFFPHD).

Nordisk forskarskule

Nordisk forskarskule

NTNU og Institutt for lærarutdanning deltar i det nordiske forskarskulenettverket for lærarutdanningsforsking NorTED.