Klippfisk - Forskning - Institutt for internasjonal forretningsdrift
Stor verdiskaping i klippfisknæringa
Stor verdiskaping i klippfisknæringa
NTNU i Ålesund er koordinator for eit internasjonalt forskingsprosjekt som skal sjå nærare på klippfisknæringa på nordvestlandet. Det første arbeidsnotatet tek for seg verdiskapinga i næringa i perioden mellom 2009 og 2011.
Foto: Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
I 2013 vart det eksportert salta torsk og klippfisk til ein verdi av 3,8 milliarder kroner frå Noreg. Om lag 90 prosent av denne fisken vart skipa frå Ålesund og omegn. Her finnast ein næringsklynge av produsentar og eksportørar som over tid har utvikla seg til å bli tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon og eksport.
Det er klart at næringa gir betydeleg bidrag til regionen, men kunnskapen rundt dette er likevel avgrensa. Prosjektet som no er satt i gong er det første som gjennomfører ein heilskapleg konkurranse-, klynge og marknadsanalyse av klippfisknæringa på nordvestlandet. Formålet er å skaffe til vege kunnskap som kan auke konkurransekrafta til næringa på den internasjonale marknaden.
Stor betyding for sysselsettinga og verdiskapinga
Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd og vert leia av Trond Bjørndal, professor ved Høgskolen i Ålesund. Det skal gå over ein treårsperiode frå 2014 til 2016. Dei første arbeidsnotata i prosjektet er no presentert, og det tek for seg verdiskapinga i næringa i perioden frå 2009 til 2011. Den viser at i alle ledd, frå fangst til foredling og eksport, er klippfisknæringa av stor betyding for sysselsettinga og verdiskapinga i fiskeforedlingsindustrien.
Mellom anna har ein har berekna verdiskapinga per årsverk i 2011 til rett over ein million kroner innan foredling og eksport av klippfisk. Til samanlikning ligger verdiskapinga per årsverk innan fiskeforedling på 708 000 kroner. Samanliknar ein med fastlands-Noreg er talet 803 000 kroner. Analysane viser også at klippfiskproduksjon gir større verdiskaping enn alternativ bruk av råstoffet.
Les heile arbeidsnotatet, skrive av professor Trond Bjørndal i samarbeid med Nils Arne Ekerhovd og Marianne T. Bjørndal ved SNF. Notatet er publisert av SNF.
Marknaden endrar seg
På tross av dette står klippfiskindustrien overfor fleire store utfordringar knytta til å betre dei økonomiske resultata. Brasil, Portugal og Spania er dei viktigaste marknadene, og her har både kjøpekrafta og konkurransen auka. I arbeidsnotatet «Consumer trends and preferences in the demand of food» peiker prosjektgruppa på viktige konsumenttrendar og kjøpsdrivarar. Forbrukaren legg mellom anna stadig større vekt på helse og sunnheit, samfunnsansvar hos produsentane, produktinnovasjon, berekraftig produksjon og opphavsland.
- Dette er trendar som vil kunne slå positivt ut for konsum av klippfisk i framtida, dersom næringa er dyktige til å kommunisere styrkane sine i marknadane dei skal nå ut til, seier Bjørndal.
Dette notatet, som óg er publisert av SNF, er skrive av professor Trond Bjørndal i samarbeid med professor Jose Fernandez-Pollanco ved Universitetet i Cantabria og Audun Lem og Alena Lappo ved FAO: Consumer trends and preferences in the demand for food.
I løpet av prosjektperioden skal ein sjå på følgjande områder:
- Analyse av næringa
- Klyngeanalyse
- Foredling og produktutvikling
- Prisanalyse
- Konkurranse- og marknadsanalyse
Fakta om prosjektet
Fakta om prosjektet
Tittel: Konkurranse-, klynge og marknadsanalyse av klippfisknæringa
Prosjektleder: Trond Bjørndal, professor ved NTNU.
Prosjektpartnare:
- NTNU i Ålesund (prosjektleiar)
- Møre Research (MF), Ålesund
- SNF Centre for Applied Research at NHH, Bergen
- The University of Calgary, Canada
- Universidade Lusófona, Portugal
- The Federal University of Rio Grande, Brazil
- Universidad de Cantabria, Spain
Finansiering: Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd og har eit budsjett på 7,8 millionar kroner.