Hugseliste for prosjektskildringa

 

Prosjektskildringa skal vere på 5-10 sider og bør innehalde informasjon om følgjande punkt:

Tittel

Tittelen skal gi informasjon om kva prosjektet handlar om. Problemstillinga skal presisere, avgrense og innsnevre temaet. Problemstillinga må vere klart framstilt og tilfredsstillande avgrensa.

Bakgrunnen for prosjektet

Søkaren må dokumentere god kjennskap til forskingsområdet, både nasjonalt og internasjonalt. Originalitet, nyheitsverdi og relevans for anna forsking på feltet må kome fram av prosjektskildringa. Prosjektskildringa skal òg vise korleis prosjektet kan supplere tidlegare forsking og medverke til ny kunnskap.

Teoretisk fundament

Søkaren må gi ei kort skildring av den teoretiske ramma, og gjere rede for korleis teorien kan bli bruka til å utforske problemstillinga. Prosjektskildringa må innehalde argumentasjon for at dei metodane og teoriane som er tenkt bruka, er veleigna i forhold til problemstillinga, eller at det er gode moglegheiter til å utvikle dei nødvendige metodar og teoriar.

Data/materiale og metode

Forskingsopplegget og det metodiske utgangspunktet til prosjektet skal vere presentert og drøfta i prosjektskildringa. Det inneber at datamaterialet (t.d. originaltekstar, sekundærkjelder, feltarbeid, intervju, statistikk, osv.) som ein skal bruke, må vere skildra saman med informasjon om korleis innsamling og analysar skal skje.

Formidling

Det må vere gjort rede for planlagt formidling frå prosjektet, ut over avhandlinga.

Framdriftsplan

Prosjektskildringa skal innehalde ein framdriftsplan som viser at prosjektet let seg gjennomføre innanfor normert tid, dvs. eit fulltidsstudium på 3 år, inkludert ½ år til skolering.

Andre opplysningar

Prosjektskildringa må gjere rede for bakgrunnen og kvalifikasjonane til søkaren, i tillegg til eventuelle samarbeidspartnarar eller forskarnettverk søkaren kan knytte seg til. Språklege kvalifikasjonar bør vere nemnde eksplisitt i den grad det er relevant for prosjektet.
Tue, 11 Aug 2015 13:09:29 +0200