Prosjekt
Det humanistiske fakultetet er involvert i store og små prosjekt, både nasjonalt og internasjonalt. På denne sida vil vi presentere eit utval av desse prosjekta. Fullstendig oversikt over prosjekta til dei ulike fagmiljøa ligg på prosjektsidene til institutta.
Filosofisk institutt
Program for anvendt etikk: Tverrfagleg program som skal utvikle kompetansen i etikk blant tilsette og studentar.
Institutt for arkeologi og religionsvitskap
European Forum for the Study of Religion and the Environment: Europeisk samarbeidsprosjekt som vektlegg forholdet mellom menneske og deira ulike kulturar, miljø og religiøs tro og praksis. Målet er å auke interdisiplinære dialogar om forholdet menneske-miljø og samspelet religion/natur/kultur.
Creativity and Craft Production in Middle and Late Bronze Age Europe (CinBA): CinBA er eit europeisk samarbeidsprosjekt som gir viktige innblikk i kreativiteten sin natur ved å utforske ein del av europeisk historie som ikkje er påvirka av moderne idear om kunst - bronsealderen - ved å sjå på utviklinga i handverk vi tar for gitt i dag: keramikk, tekstilar og metallarbeid.
Institutt for kunst- og medievitenskap
Høyblokka - post mortem: Høyblokka er den gamle hovedbygningen på det som gjennom en 15 års planleggings- og byggeperiode er blitt det nye St. Olavs Hospital i Trondheim. Nå rives Høyblokka. Et emosjonelt landemerke i byen, selve symbolet på trønderes lidelse og helbredelse gjennom 60 år, forsvinner for godt. Høyblokka post mortem er et kunstbasert forskningsprosjekt knyttet til denne transformasjonen.
Institutt for historie og klassiske fag
The Realm of Norway: Prosjektet analyserer Noregsveldet - området som den norske kongen hadde herredøme over i middelalderen - som politisk system.
Institutt for moderne framandspråk
Exhibiting Europe. The Construction of European Integration and Identity in the Musée de l'Europe: Prosjektet analyserer to beslekta kulturelle verdsettingsprosessar: på den eine sida, korleis museumsinstitusjonen omformar og tolkar historia, og, på den andre sida, ideen om eit trans- og overnasjonalt Europa integrert gjennom felles historie og identitet.
Å oversette kulturer: Å oversette kulturer er et tverrfaglig forskningsfellesskap forankret i en felles interesse for å forske på kulturell kontakt i form av oversettelser både i tradisjonell og i vid forstand. Med dette menes alle typer av språklig, kulturell og/eller litterær resepsjon og appropriering.
Tverrfaglige 1700-talls studier: Forskningsmiljø ved instituttet.
Språk og kognisjon: Forskningsmiljø ved instituttet med fokus på sammenhengen mellom språk og kognisjon, det vil si hvordan vi lærer språk - både førstespråk og andrespråk, hvordan vi danner språklige kategorier og hvordan vi forstår og prosesserer språk.
Institutt for musikk
Jazz: Jazzprogrammet er en del av det utøvende miljøet ved Institutt for musikk
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap
Kosen - Komparativ språkanalyse i engelsk og norsk: fleksibel utdanning og innovativ læring: Prosjektet er eit samarbeid mellom tilsette ved INL og IFS og har som mål å utvikle eit nettstudium i komparativ språkanalyse spesielt tilrettelagt for lærarar som ønsker vidareutdanning innanfor norsk og/eller engelsk.
Transkulturell estetikk: Samtidslitteratur og mediekultur: Prosjektet sitt hovudmål er å belyse samtidslitteraturens dialog med sentrale aspektar ved dagens mediekultur og utvikle analytiske reiskapar som vil gjere oss betre i stand til å forstå og beskrive dei estetiske normene, verdiane og posisjonane som denne litteraturen gjer uttrykk for.
Norsk litteraturkritikks historie 1870-2000. Verdiforvaltning og mediering: Prosjektet har som mål å presentere ei teoretisk og empirisk oppdatert analyse av litteraturkritikken sine normer, format og funksjonssamanheng slik disse har gjort seg gjeldande frå det moderne gjennombrot si litterære offentligheit fram mot vår tid sin flermediale kultur.
Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium
CALST - Computer-Assisted Listening and Speaking Tutor: Norsklærarar, forskarar på norsk som andrespråk, fonetikarar og taleteknologar samarbeidar for å utvikle ein "computer-assisted listening and speaking tutor" (CALST), eit dataprogram som norsklærande kan bruke for å trene på lytting og uttale og som kan være eit supplement i klasseromsundervisinga.
Institutt for tverrfaglege kulturstudium
Institutt for tverrfaglege kulturstudium har fleire overordna forskingsgrupper som samarbeider om større og mindre forskingsprosjekt. Under følgjer ei liste over dei ulike forskingsgruppene. Meir informasjon om dei konkrete prosjekta finn du på gruppene sine heimesider.
Etnisitiet, kjønn og likestilling
Oppdatering av nettsidene
Om du ynskjer eit prosjekt lagt inn på desse sidene eller har andre innspill, ta kontakt med Gro Lurås eller Vemund Warud