Det humanistiske fakultetet

Forskarutdanning

Alle nye doktorar saman med rektorat og dekanar på doktopromosjon november 2016. Foto.

HF tilbyr forskarutdanningane ph.d. og stipendiatprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid.

Ph.d.-studiet er ei 3-årig forskarutdanning for personar som tek sikte på ein karriere innan høgare utdanning, forsking eller andre sektorar som krev akademisk spisskompetanse.

Stipendiatprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid er jamstilt på nivå med anna forskarutdanning og fører fram til førstekompetanse.

Det humanistiske fakultetet tildeler óg graden dr.philos.

Stipendiatprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid

Stipendiatprogrammet tilbyr kandidatar som har avslutta den høgste kunstutdanninga innan sitt fagfelt moglegheit for tilsetting i ei treårig stipendiatstilling for å sluttføre eit kunstnarisk utviklingsarbeid på høgste nivå.

Ved Det humanistiske fakultetet er Institutt for musikk knytt opp til programmet. For meir informasjon sjå stipendiatprogrammet sine eigne nettsider og nettsidene til Institutt for musikk.

Disputasar ved HF