Forskarutdanning

Ph.d.-studiet er ei forskarutdanning for personar som tek sikte på ein karriere innan høgare utdanning, forsking eller andre sektorar som krev akademisk spisskompetanse. Ph.d.-studiet er normert til 3 års fulltidsstudium og er sett saman av ein opplæringsdel og ein forskingsdel.

Det humanistiske fakultet er vertsfakultet for fire ph.d.-program:

Du finn meir informasjon om ph.d.-programma ved å følgje lenkja til det aktuelle ph.d.-programmet. Menyen du då får på venstre side vil hjelpe deg vidare.

Det humanistiske fakultet tildeler i tillegg graden dr.philos.

Dr.philos.

Om du ikkje har opptak til den organiserte forskarutdanninga kan du likevel søkje om å leggje fram ei avhandling til vurdering for graden dr.philos. Ein norsk doktorgrad er ei sertifisering av forskarkompetanse på eit bestemt nivå. Det er dei same krava til forskarkompetanse for dr.philos. som for ph.d. Prinsippet om likeverd mellom gradane refererer til faglig nivå og kvalitet, ikkje aleine til avhandlinga sitt omfang. Sidan det ikkje er krav til ein organisert opplæringsdel, blir det forventa at sjølve avhandlinga er noko meir omfattande enn det ein ville krevje for ei ph.d.-avhandling. I bedømminga av avhandlinga blir det lagt spesiell vekt på om avhandlinga er eit sjølvstendig og heilskapleg vitskapleg arbeid på høgt fagleg nivå når det gjelder problemformuleringar, metodisk, teoretisk og empirisk grunnlag, dokumentasjon, behandling av litteratur og framstillingsform.

Du kan levere avhandling og søknad om å få arbeidet vurdert for doktorgraden til Det humanistiske fakultetet. Om du har eksamenar og gradar frå andre institusjonar enn NTNU, må du leggje ved stadfesta kopi av vitnemål som viser desse eksamenane og gradane. Vi tilrår at du kontaktar det aktuelle instituttet/fagmiljøet før du leverar, mellom anna med tanke på raskast mogleg oppnemning av vurderingskomité. Sjå dr.philos.-forskrifta for meir informasjon.

Illustrasjonsbilde/FOTO

Kontaktpersonar

Stine Ånes 
Telefon: 73 59 66 89

Vemund Warud
Telefon: 73 59 67 01

Viss du har spørsmål om disputas, kontakt:
Vera Hamran
Telefon: 73 59 61 72