Informasjon om søknadsprosessen for
eksterne midlar
Fakultetsadministrasjonen er ein viktig støttespelar for vitskapleg tilsette som planlegg å søkje om eksterne midlar frå finansieringskjelder utanfor NTNU.
Alle som skal søkje får administrativ stønad på følgjande område av søknadsprosessen:
- Kvalitetssikring av dei ikkjefaglege delane av søknaden
- Budsjett
- Forankring av prosjektet hjå instituttet og fakultetet
Skal du starte ein søknadsprosess, må du ta kontakt med instituttleiinga og fakultetsadministrasjonen så snart planleggingsfasen er i gang. Ved større utlysingar er det tidsfristar for når dette må skje, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Last ned og følg rutineskildringa. Det vil vere til hjelp i denne prosessen! Hugs at du òg har ansvar for at sjekklistene for BOA-søknader er utfylte før søknaden blir sendt inn. Lykke til!
Horizon 2020
Horizon 2020 er namnet på EU sitt åttande rammeprogram. Dette programmet er no lansert.
Det er peika ut tre fokusområde, i tillegg til seks sentrale samfunnsutfordringar. Les meir om dette på forskingsrådet sine nettsider.
Sjå òg videoen der EU-kommissæren for forsking og innovasjon, Máire Geoghegan-Quinn, presenterer kortversjonen av Horizon 2020.
Les meir om den viktige rolla for humaniora og samfunnsvitskapen i Horizon 2020 på forskingsrådet sine nettsider.
Kontaktpersonar
Rådgivar Hanne Siri Sund
Tlf. (735) 96630
Seksjonssjef John Kamsvåg
Tlf. (735) 98377
Ressurssider
- Skjemabank med sjekkliste for prosjektleiar og instituttleiar
- Treng du å utvide nettverket ditt?
Prøv CORDIS sitt Partners Service - NTNU sin økonomiportal (BOA-prosjektsider)
- Nasjonal strategi for humanistisk forskning
- Internasjonalt samarbeid
Forskningsrådets strategi 2010-2020 - NTNU sine sider om prosessen fram mot ein EU-søknad