Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NTNU
SINTEF
Nyttige lenker
SISTE NUMMER
<-- TIL HOVEDSIDEN
I STARTGROPA
SØK

 Forside

Bookmark and Share  

GEMINI PÅ PDF (4 MB)

Tidligere utgaver av Gemini

Engelsk versjon av Gemini

Om Gemini

Pris
Gemini vant priser
igjen!
Les mer

Neste Gemini har blant annet disse sakene.

Tlf. 73 59 24 76
Redaktør Åse Dragland
E-post: ase.dragland@sintef.no
Postadresse:
Gemini SINTEF, 7465 Trondheim
Tlf. 73 59 53 21
Redaktør Nina Tveter
E-post: nina.tveter@ntnu.no
Postadresse:
Gemini NTNU, 7491 Trondheim
Ansvarlige redaktører:
Informasjonssjef Christian Fossen, NTNU

Kommunikasjonsdirektør Petter Haugan, SINTEF



 

Kva vil vi med barn?

NYTT PROSJEKT: Kvifor vil vi – eller vil vi ikkje – ha barn?

Publisert 2. juni, 2010

Bookmark and Share

I startgropa  

Illustrasjon: Line Halsnes

 
Jensen  

An-Magritt Jensen

 

Sosiolog An-Magritt Jensen fortel til Gemini-journalist Lisa Olstad: Eg har nesten heile mitt yrkesaktive liv arbeidd med spørsmål knytt til demografi, familiemønster og barn. Statistisk veit vi det meste om barnefødslar i Noreg: kor mange som vert født kvart år, kor dei kjem til verda, kven som får dei og så vidare. Men vi veit nesten ingen ting om kvifor folk får barn – eller ikkje får barn. Er barn eit privilegium? Ein plikt? Noko ein «berre får?» Eller kanskje noko som tek frå ein fridomen?

Dette skal noen kollegaer og eg bruke dei neste par åra på å finne ut meir om.

I Europa har barnetala gått dramatisk ned dei siste tiåra. Så mykje at vi i mange land kan snakke om ei fruktbarheitskrise. Paradoksalt nok er dei barna som blir født, gjennomgåande fattigare enn før.
Noreg er atypisk: Her har fødselstala stige dei siste 25 åra. Nå får kvar norske kvinne i gjennomsnitt 1,96 barn mot 1,7 midt på 1980-talet. Den vanligaste forklaringa på dette er at Noreg har så god familiepolitikk og så fine velferdsordningar. Men er det difor? Dette ønskjer vi å finne meir ut om.

Blant norske kvinner rundt førti er det berre 13 prosent som er barnlause – frivillig eller ufrivillig, det veit vi ikkje. Samstundes er det stadig færre menn som blir fedrar! Av dei førti år gamle mennene er det nå heile 25 prosent som ikkje har barn. Kva er grunnen til dette? Det veit vi nesten ingenting om.

Vi er no midt oppe i intervjurundar, der vi spør 90 kvinner og menn om desse tinga. Nokre har barn, nokre ikkje. Alle er i arbeidslivet. Dei har både høgt og lågt utdanningsnivå. Dei som ikkje har barn, skal være gamle nok til å ha tenkt over saka. Dei som har barn, skal ha ganske små barn. Det er fordi vi vil at de skal hugse kvifor dei fikk barn. Blant dei 90 vil vi også ha grundigare intervju med 20 som vi trur vil gi oss viktig innsikt.

Det er særleg tre forhold vi vil sjå på.

For det første: Kva for økonomiske og praktiske ting må vere på plass før ein får barn? Er det til dømes viktig med betalte permisjonar og andre velferdsordningar? Nyare forsking tyder på at samanhengen ikkje er så openbar som vi har trudd.

FRUKTBARHEIT

NYTT PROSJEKT: Kvifor vil vi – eller vil vi ikkje – ha barn? Kva eller kven påverkar avgjersla? Eit treårig prosjekt, finansiert av Forskingsrådet, avsluttast i 2012.

PROSJEKTLEIING: Professorane Anne Lise Ellingsæter, UiO, An-Magritt Jensen og Merete Lie, NTNU.

MEDARBEIDARAR: Malin Ravn, NTNU, og Eirin Pedersen, UiO.

«Eit liv utan barn er i mange land i ferd med å bli normalisert.»

For det andre: Kven i eit parforhold er det som tek opp spørsmålet om barn – han eller ho?

Kva er argumenta for og imot? Korleis skjer eventuelle forhandlingar? Kven tek avgjersla? Var barna til dei vi intervjuar, planlagte? Låg det noko press der, frå noko eller nokon? Er forholdet likestilt, og er det slik en del forskarar vil ha det til: at likestilling hjelper på fruktbarheita?

For det tredje ser vi på noko som nesten ikkje har vært studert tidligare: det sosiale nettverket til informantane. Vi skal lage eit «barnekart» for kvar enkelt. Finst det barn i nettverket? Omgås informanten disse barna? Verkar det inn på om informanten sjølv får barn? Finst det «barnlause lommer» som forsterkar ein livsstil utan barn?

Det går no føre seg liknande studiar i fleire land i Europa. Vi samarbeider med forskarar som har studiar i Danmark, Sverige, Tyskland, Italia, Sveits og Frankrike. Vi skal samanhalde resultata våre, og det blir nok ei bok til slutt.

Prosjektet vårt handlar om den sosiale meininga med barn. Barn er ein viktig del av livet for dei fleste. Likevel er eit liv utan barn i ferd med å bli normalisert i fleire europeiske land. Store grupper menneske går rundt utan å ha med barn å gjere. Dette er eit tema som får store konsekvensar også for velferd og økonomi framover.

Lisa Olstad

Kommenter denne saken

OBS: Skriv tittelen på artikkelen du kommenterer, som første linje i din tekst. Innlegg blir slettet eller redigert dersom de er rasistiske, diskriminerende eller svært usaklige. Det kan ta flere arbeidsdager før din kommentar blir lagt ut.



 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
ABONNEMENT:

Abonnere på Gemini? KLIKK HER.

Ønsker du å endre eller stoppe ditt abonnement?
KLIKK HER.

Ønsker du nyhetsbrev ved nytt nummer av Gemini? KLIKK HER.

Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST

FASTE SPALTER:
Kortnytt
Pusterommet
Glødende slaggbad

Tema: Artenes forsvinnelse

I startgropa
I startgropa
Kva vil vi med barn?
Kvifor vil vi – eller vil vi ikkje – ha barn? Kva eller kven påverkar avgjersla?
Les mer

Kikkhullet
Den drømmeløse søvnen
Nytt om nytt:
Nye produkter

Schnavvel i verdensrommet
av Are Sende Osen

Are Sende OSen