Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NTNU
SINTEF
Nyttige lenker
SISTE NUMMER
<-- TIL HOVEDSIDEN
NYHETER
SØK

 Forside

Bookmark and Share  

GEMINI PÅ PDF (3,5 MB)

Tidligere utgaver av Gemini

Engelsk versjon av Gemini

Om Gemini

Pris
Gemini vant priser
igjen!
Les mer

Neste Gemini har blant annet disse sakene.

Tlf. 73 59 24 76
Redaktør Åse Dragland
E-post: ase.dragland@sintef.no
Postadresse:
Gemini SINTEF, 7465 Trondheim
Tlf. 73 59 53 21
Redaktør Nina Tveter
E-post: nina.tveter@ntnu.no
Postadresse:
Gemini NTNU, 7491 Trondheim
Ansvarlige redaktører:
Informasjonssjef Christian Fossen, NTNU

Kommunikasjonsdirektør Petter Haugan, SINTEF



 
Lærd og alternativ

Folk med universitetsgrad er gjerne dei første til å prøve alt som er nytt. Også innanfor helsetilbodet.

Publisert 9. desember, 2009

Bookmark and Share  

Healing
 

GRIP OM SEG: Handspålegging eller homeopati, akupunktur eller soneterapi – stadig fleire tyr til alternativ behandling, og dei høgt utdanna aller mest.
Foto: photos.com

 

Bruken av alternativ behandling – alt frå homeopati og akupunktur til handspålegging og soneterapi – aukar år for år.

Kvart år oppsøker nesten 13 prosent av den vaksne befolkninga ein alternativ behandlar. Og så mykje som halvparten av alle vaksne nordmenn har gjort det ein eller annan gong i livet.

Bruken stig med utdanningsnivået. Dei aller flittigaste brukarane av alternative behandlingsformer er no folk med ein universitetsgrad.

Flest av dei kreftsjuke
Forskarar ved NTNUs Institutt for samfunnsmedisin har sett på opplysningar som 1406 nordtrøndarar gav under den andre Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag. Dette var personar som anten hadde kreft på det tidspunktet, eller som nyleg hadde hatt det.

På spørsmål om dei hadde oppsøkt alternativ behandling det siste året, svara 16,1 prosent at ja, det hadde dei.

Ser vi på utdanningsnivå, finn vi denne fordelinga: Folk med grunnskule: 13,9 prosent. Folk med vidaregåande/yrkesutdanning: 17 prosent. Folk med høgare utdanning: 19,1 prosent.

Logisk
Ein skulle kanskje trudd det var omvendt: at dei høgt utdanna heldt seg langt unna det mange kallar kvakksalveri.

Men homeopat Aslak Steinsbekk, som er ein av forskarane bak undersøkinga, seier at funna stemmer med internasjonal forsking. Det er slik ute i verda også.

– Det er ikkje ulogisk heller, meiner han. – Vi veit at det oftast er dei med utdanning som oppsøker det nye og ukjende, og som vågar å prøve nye ting. Det kan vere nye produkt, nye stader eller nye metodar. Dei går føre og brøyter veg, og så kjem dei andre etter.

– Skjønt, når det gjeld alternativ behandling, er det heller slik at dei tidlegaste brukarane var dei som var sjukast. Dei var mykje sjukare enn dei fleste som oppsøker slik behandling no, seier Aslak Steinsbekk.

Lisa Olstad

KONTAKT: Aslak Steinsbekk, Institutt for samfunnsmedisin, NTNU
TLF: 73 59 75 74   E-POST: aslak.steinsbekk@ntnu.no

Kommenter denne saken


Skrevet av Hans 15.12.09

Høyt utdannede har gjerne større ressurser til å søke løsninger, alternative eller ikke. Det er kanskje grunnen til tallene.

Er man dødssyk blir man like desperat enten man har høy eller lav utdanning. Da er pengene mindre viktig enn det å ha noe å klamre seg til.

For kvakksalverne er pengene derimot alfa og omega.


OBS: Skriv tittelen på artikkelen du kommenterer, som første linje i din tekst. Innlegg blir slettet eller redigert dersom de er rasistiske, diskriminerende eller svært usaklige. Det kan ta flere arbeidsdager før din kommentar blir lagt ut.



 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
ABONNEMENT:

Abonnere på Gemini? KLIKK HER.

Ønsker du å endre eller stoppe ditt abonnement?
KLIKK HER.

Ønsker du nyhetsbrev ved nytt nummer av Gemini? KLIKK HER.

Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST

FASTE SPALTER:
Kortnytt
Pusterommet
Brennende is?

Tema:
Økonomenes feilslåtte klimakur

Forskerintervjuet
Forsker
Kraftrefseren
Energiforsker Audun Ruud håper at Norge snart får så hatten passer, av EU.
Les mer

Kikkhullet
Snart slukner glødelampen.
Nytt om nytt:
Nye produkter

Sjukleg presisjonsnivå
av Linda Eide

Linda Eide