Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NTNU
SINTEF
Nyttige lenker
SISTE NUMMER
<-- TIL HOVEDSIDEN
KIKKHULLET
SØK

 Forside - Gemini nr. 3 - 2009

GEMINI PÅ PDF (2,5 MB)

Tidligere utgaver av Gemini

Engelsk versjon av Gemini

Om Gemini

Pris
Gemini vant priser
igjen!
Les mer

Neste Gemini har blant annet disse sakene.

Tlf. 73 59 24 76
Redaktør Åse Dragland
E-post: ase.dragland@sintef.no
Postadresse:
Gemini SINTEF, 7465 Trondheim
Tlf. 73 59 53 21
Redaktør Nina Tveter
E-post: nina.tveter@ntnu.no
Postadresse:
Gemini NTNU, 7491 Trondheim
Ansvarlige redaktører:
Informasjonssjef Christian Fossen, NTNU

Kommunikasjonsdirektør Petter Haugan, SINTEF



  Fossil er berre flaks

Viss eg grev ned katta i hagen, blir ho då med tida eit fossil?

Bookmark and Share  

Kikkhullet

Trykk her for stor versjon eller trykk her for pdf-versjon

Eit fossil kan vere ein rest eller eit spor av ei plante eller eit dyr frå tidlegare tidsperiodar – som har blitt bevart i lag av jord eller fjell. For å kallast fossil må det vere minst 10 000 år gammalt. Det er den geologiske alderen som avgjer, ikkje om det er ein utdøydd art. Dei eldste fossile funn i verda er om lag 3,5 milliardar år gamle.

Fossil blir til på ulike vis. Mest vanleg er forsteining, av anten organismen eller deler av han. Eller vi kan finne eit avtrykk etter organismen viss han er heilt nedbroten og holrommet etter han har blitt fylt med anna materiale. Fossile organismar kan og vere bevart i sin heilskap i tundra (mammutar), myr, saltsjøar eller rav (insekt, planterestar).

For at ein organisme skal kunne bli eit fossil, må mykje flaks til. Dei fleste organismar blir brotne ned straks etter at dei døyr. Men om dei umiddelbart blir dekka av til dømes mudder – og oksygen ikkje kjem til – kan dei med tida bli fossile. Desse tilhøva finst for det meste i vatn. Difor er fleirtalet av fossil vi har funne, sjødyr eller planter.

Vi kjenner til mange hundre tusen ulike arter av fossile dyr og planter. Stadig nye blir funne eller kartlagde. Fossila som er funne i fastlands-Noreg, er for det meste frå kambrium, ordovicium og silur; dei fleste er funne på Austlandet. Men det er også funne fossil frå devon, perm, jura og kritt. Under havbotnen utanfor Noreg, og på Svalbard, finst det store mengder fossil frå ulike periodar av jordas historie.

Det er funne fossile dinosaurfotspor på Svalbard, og restar av fiskeøgler på Svalbard og Andøya. Dei likna på delfiner og levde på dinosauranes tid i Noreg. Når vi ikkje kan finne dinosaurfossil på (i) norsk jord, er det fordi alle bergartar i Noreg er eldre enn dei eldste dinosaurane. Det har sikkert gått slike dyr her, men spora etter dei er skura vekk av vind, vatn og isbrear. Men ein fossilisert bit av ein plateosaurus følgde i 1997 med ei bergartsprøve frå ein brønn på Snorrefeltet i Nordsjøen! 

Tekst: Nina Tveter

ILLUSTRASJON: Kolbjørn Skarpnes
Kjelde: Allan Krill, Institutt for geologi og bergteknikk, NTNU


Publisert 16. september, 2009

 

 

 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
ABONNEMENT:

Abonnere på Gemini? KLIKK HER.

Ønsker du å endre eller stoppe ditt abonnement?
KLIKK HER.

Ønsker du nyhetsbrev ved nytt nummer av Gemini? KLIKK HER.

Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST

FASTE SPALTER:
Kortnytt
Pusterommet
Henriettas celle

Tema:
Den usynlige teknologien

Forskerintervjuet
Forsker
Salamanderkrigeren
Dag Dolmen sto på en stein i Dzhungaria og visste hva som lå under.
Les mer

Kikkhullet
Fossil er berre flaks.
Nytt om nytt:
Nye produkter

Om fakta og sånn
av Linda Eide

Linda Eide