![]() |
| SISTE NUMMER |
NYHETER |
SØK |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Ny membran fangar CO2
Ein billeg og miljøvenleg plastmembran kan skilje ut CO2-gass frå andre gassar.
Om lag ein tredel av verdas utslepp av karbondioksid (CO2) kjem frå energiproduksjon. CO2-frie gasskraftverk baserer seg på at karbondioksida vert fjerna frå avgassane og deponert i grunnen. Men før CO2 kan bli lagra, må den bli trekt ut av avgassane. Dagens metodar for slik filtrering er dyr og krev tilsats av kjemikalie. Det skal ny membranteknologi endre på. Ein ny type membran er no internasjonalt patentert av NTNU-forskarar. Membranen er laga av eit plastmateriale som er strukturert ved hjelp av nanoteknologi. Han fangar opp CO2-en, medan andre avgassar fritt får passere. Teknologien er effektiv, billeg og miljøvenleg, og kan nyttas til mest alle former for fjerning av CO2 frå andre gassar. Den er meir effektiv jo høgare konsentrasjonen av CO2 er i gassen. Etterliknar lunger – Det nye er at vi i staden for eit filter som skil direkte mellom CO2-molekyla og andre molekyl, nyttar ein såkalla agent. Det er ein fiksert berar i membranen som hjelper til med å omdanne den gassen vi vil ha fjerna, fortel NTNU-professor May-Britt Hägg. Ho leiar forskingsgruppa Memfo som arbeider med den nye membranteknologien. Agenten hjelper til at CO2-molekyla saman med fuktigheit dannar den kjemiske forma HCO3- (bikarbonat), og deretter raskt vert transportert gjennom membranen. Såleis slepp CO2-en gjennom medan dei andre gassane vert halden attende av membranen.
Nanoplast Til testing i Europa Denne nye teknologien bør vere svært interessant for kullfyrte kraftverk, trur professor Hägg. – Innan utgangen av ein femårsperiode er planen at membran- teknologien vert testa ut i fire større kraftverk i Europa. Vi trur dette vil føre til eit internasjonalt gjennombrot for energieffektive CO2-membranar, seier ho. Når det gjeld gasskraftverk, er konsentrasjonen av CO2 såpass låg at ein må nytte metodar for å auke trykket i avgassen, før den kan reinsast på dette viset. Men ho fortel at Statoil nå er i ferd med å utvikle ein metode for trykksett eksos, som kan kombinerast med denne membranteknologien, og då vil dette vere interessant også for reinsing i gasskraftverk. Ved sidan av CO2-reinsing ved energiproduksjon, kan metoden bli nytta til nær sagt alle typar reinsing der karbondioksid skal fjernast frå andre gassar. – Vi testar til dømes ut metoden til å reinse CO2 frå lystgass på sjukehus, og resultata er lovande, fortel professor May-Britt Hägg. Av Tore Oksholen Kontakt: May-Britt Hägg, Institutt for kjemisk prosessteknologi,
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||