| Tek
rotta på rotta I det sørlege
Afrika fortærar rotter årleg mais som kunne fødd millionar av menneske.
Ein økonom har nøkkelen til løysinga på problemet: Rett timing.
| |
|
| |
Økonomisering
av gifta: Å utrydde rotta let seg ikkje gjere. Målet er å
sette inn rette mengder rottegift, til rett tid. Her kan samfunnsøkonom
Anders Skonhoft nytte sine kunnskaper.
Foto: Image100, Illustrasjon: Kolbjørn Skarpnes |
|
|
Mastomys natalensis heiter ho, ei
storvekst rotte som med jamne mellomrom straumar inn over maisåkrane
i det sørlege Afrika. Eit område av verda som frå før har meir enn
nok av natur- og menneskeskapte katastrofar å stri med, vert ytterlegare
svekka av at smågnagarar et opp store delar av avlingane.
NTNU-professor og samfunnsøkonom Anders Skonhoft
har mykje røynsle med å byggje modellar for norsk forvaltning av
vilt og rovdyr som ulv, bjørn og elg. No har han granska den glupske,
afrikanske gnagaren og kan fortelje at avlingssvikten på grunn av
rotteskade i Tanzania er estimert til å ligge på ein stad mellom
fem og femten prosent.
– Maten som forsvinn, kunne brødfødd om lag
to millionar menneske årleg, seier han.
Ein har ikkje samanliknande tal frå nabolanda,
men lite tyder på at situasjonen er monaleg betre her. Også i andre
stader i verda er problemet merkbart. Ein reknar til dømes med at
skadeverknadene i Indonesia er like store som i Tanzania.
Kva kan ein gjere med det?
REAGERER FOR
SEINT
– Den tradisjonelle måten å kjempe mot rotteplagen på, har vore
å legge ut gift når dei strøymer på. Men då er det for seint, seier
Skonhoft.
I ein fersk studie som snart blir publisert
i tidsskriftet Environment and Development Economics, forklarer
Skonhoft og ei gruppe biologar frå Universitetet i Oslo korleis
dei har nærma seg problemet på ein ny måte og funne fram til kor
ein bør sette inn verkemidla. Når rottene har yngla, og svermar
inn over maisåkrane, er det nemleg for seint å verje seg frå åtak.
Biologane har vore i felten og skaffa fram
kunnskap om åtferda til rottene; korleis dei veks og formeirar seg,
og korleis dei skadar avlingane. Dei har også studert kva dei lokale
bøndene gjer med avlingane og med rotteplaga, og korleis klimaet
påverkar det heile. Så har dei saman med økonomen modellert rotteøkologien
og kostnadene ved rotteplagene i komplekse system.
Forskarane har funne at det er to tider på
året at gnagarane vert ein plage – på våren, når dei et av såkorna,
og på seinsommaren, når dei meskar seg med fullvaksne maiskolbar.
– Rottene gjer størst skade på såkorna. Derfor
er det her motangrepet bør setjast inn, seier Skonhoft.
– GLØYM UTRYDDING
– Først og fremst handlar det om å late innsatsen bli styrt, ikkje
av observasjonar av rottemengda, men av kalenderen, seier økonomiprofessoren.
Han og biologane rår bøndene til å gje opp
målet om å utrydde rottebestanden, for dei ynglar så fort at det
i røynda er urealistisk.
– Ein får også eit samanfall i vekst i avlingane
og vekst i gnagarbestanden gjennom at begge får veksten regulert
av same faktor: regn. I tørre trakter er det vatn frå himmelen som
set fart på både maisen og rotteynglinga, seier Skonhoft.
Derfor bør bøndene satse alt på å slå ned
rottebestanden før og under utplantinga, for å hindre at dei et
såkorna. Modellforsøka som er kjørt, viser at avlingane vil vekse
samstundes som kostnadene som følgjer med, vert haldne nede.
– For fattige bønder i den 3. verda er marginane
små, og utgifter til såkorn, gjødsel og rottegift må takast med
i modellane. Våre utrekningar tyder på at dersom dei vel denne framgangsmåten,
kan utgiftene kanskje bli halvert, seier Skonhoft.
ÅLMENNINGSPROBLEMET
Prosjektet er støtta med EU-pengar. Forskarane samarbeider med bøndene
lokalt for å få sett den nye framgangsmåten ut i livet. – Skal dette
ha ein god effekt, er det avgjerande at bøndene samarbeider, seier
professor Skonhoft.
Den såkalla ålmenningsproblematikken viser
korleis det går an å vere «gratispassasjer» når nokre går til kollektive
tiltak. Om ein bonde bestemmer seg for å late vere å nytte rottegift
ein sesong, kan han trygt gjere det så lenge dei andre held seg
til avtalen. Det løner seg slik sett å vere asosial, men totalt
sett gjer det dårlege resultat.
– Dette vert vrangsida av ålmenningsproblemet:
Dersom ein bonde går til krig mot rottene på rett tidspunktet, mens
nabobøndene ikkje gjer det, vil han li for det ved at rotter i naboområda
strøymer inn, seier Skonhoft. Han og dei andre forskarane skal nå
ta tak i desse spørsmåla.
SPARAR PENGAR
OG MILJØ
Gjennom denne modelleringa, som går under nemninga økologisk basert
rottekontroll, har forskarane altså kome fram til ein metode som
sparar både pengar og miljøet. I staden for å bruke dyr og kanskje
miljøskadeleg gift mot rottene kor dei ikkje gjer nokon skade (i
alle høve mot avlingane), sett ein inn eit kort og hardt støyt der
det gjeld.
– Dette har vi kunne fått til gjennom samarbeid
mellom økologar og økonomar. Dette samarbeidet gjev mange moglegheiter,
og vi er i gang med nye prosjekt, seier professor Anders Skonhoft.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Anders Skonhoft, Institutt for samfunnsøkonomi,
NTNU
Tlf: 73 59 19 39, e-post: anders.skonhoft@ntnu.no |