| Nye
solceller ser lyset Ein ny generasjon
solceller ser dagens lys denne hausten. Dei blir både effektive
og vakre.
|
|
MYE
STØRRE EFFEKT: I neste generasjon solceller vil energiutnyttinga
vere to–tre gonger høgare enn dagens solceller,
seier førsteamanuensis Turid Worren, her foran solcelleveggen
på elektrobygget, NTNU.
Foto: Gorm Kallestad |
|
| |
|
Dagens solceller har ein verknadsgrad på
17 prosent (hundre prosent er når all energien i sollyset
vert teken vare på). Det finst to typar av dei – første
og andre generasjon. Den viktigaste skilnaden er produksjonsprisen:
Første generasjon er bygd av såkalla ein-krystallar
av silisium og er dyre å produsere, medan andre generasjon
er mykje billigare. Effektiviteten går ned, samanlikna med
første generasjon, men sidan prisen er mykje lågare,
går prisen per produsert watt også ned.
Nå er jakta i gang på ein tredje generasjon solceller.
Førsteamanuensis Turid Worren driv eit prosjekt der målet
er å laga ein forsøksmodell innan årsskiftet.
Her vil verknadsgraden bli ein heilt annan.
LABER INTERESSE
TIL NO
– Teoretisk vil vi kunne kome opp mot over 60 prosent.
I praksis reknar vi med om lag 40 prosent i første omgang.
I alle høve vil energiutnyttinga vere 2-3 gonger høgare
enn dagens solceller, fortel Worren.
Det vert ikkje forska på dette andre stader i Noreg. I verda
finst det nokre få grupper som forskar på slike nye
solceller, men så langt har interessa for det vore laber.
– Eg er overtydd om at nye generasjonar solceller ville vore
på marknaden allereie, var det ikkje for all den billege fossile
energien, seier Worren.
KVANTEPRIKKAR
Den nye solcella er såkalla kvanteprikkbasert. Alle solceller
nyttar halvleiarar til å absorbere sollyset. Men dagens solceller
kan ikkje absorbere mykje av den infraraude varmestrålinga
frå sola. I solcella som skal lagast i haust, har halvleiaren
i tillegg pyramideforma halvleiarprikkar i seg. Desse prikkane har
den eigenskapen at dei absorberer ein del av det infraraude lyset
som resten av solcella ikkje fangar opp.
Prosjektet nyttar nye teknologiar og er delfinansiert av NTNUs nanolab.
Målet er å få sett i produksjon solceller basert
på den nye teknologien.
VAKRE CELLER
– I solrike område i den tredje verda kan det
vere aktuelt å bygge svære solcellekraftverk. På
våre breiddegrader er det mest realistisk å kle bygningar
med kledelege plater laga av desse solcellene, forklarer Worren.
– Er det realistisk å tru at folk vil ha det?
– Ja, dersom dei er dekorative nok. Solcellene skal bli vakre!
Aller helst eit godt alternativ til dekorstein og liknande, fortel
Turid Worren.
| |
 |
| |
INTEGRERT: Estetikken står i
sentrum når dei nye solcellene skal utviklast. Dei skal
ikkje vere så synlege, slik dagens solceller er.
Foto: Gorm Kallestad |
STOR AUKE
På verdsbasis auka installasjonen av nye solcelleanlegg
(målt i kor mykje energi som vert produsert) med 63 prosent
frå 2003 til 2004, mykje på grunn av politiske verkemiddel.
I 2010 er det venta tre gonger så mange nye solcelleanlegg
som i 2004. I Noreg nyttast solceller i dag mest på stadar
der ein ikkje kan knytte seg på el-nettet, som på hytter
og fyrlykter.
– Men om ein dekkjer 0,3 prosent av Noregs landareal med solcelleanlegg,
vil ein kunne produsere 120 terawattimar. Dette tilsvarer forbruket
i 2002, fortel Worren.
– Det er altså fysisk mogleg å dekkje heile Noregs
energiforbruk med straum frå solceller, men det er korkje
naudsynt eller nskjeleg. Likevel er det ikkje utenkjeleg å
dekkje til dømes ein prosent av el-forbruket i Noreg frå
solceller. Dette ville tilsvare eit solcelleareal på om lag
90 000 hustak på 100 kvadratmeter, seier Turid Worren.
MANGEL PÅ
SILISIUM
Ein annan faktor som gjer det interessant å lage meir
effektive solceller, er mangel på råvarer.
Dei fleste solceller har ei tynn skive av silisium som si aktive
kjerne. Nå ventar næringa at det blir mangel på
dette råstoffet i åra som kjem. Jakta på andre
materialar er starta. I dette feltet vil auka utnyttingsgrad vere
viktig.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Turid Worren, Institutt for fysikk,
NTNU
Tlf. 73 59 03 86, e-post: turid.worren@phys.ntnu.no |