| Frå
vondt til verre For å spare
pengar innførte Forsvaret eit nytt system for økonomistyring.
Nettopp dette gjorde at pengebruken kom heilt ut av kontroll.
| |
|
|
Rakt til vers, som eit F16-fly, gjekk underskotstala
då Forsvaret innførte felles styringssystem
for både Luftforsvaret, Sjøforsvaret og Hæren.
Foto: Forsvarets mediesenter |
|
| |
|
I september hender det igjen: Dagsavisen
skriv at ei stor avdeling i Forsvarets logistikkorganisasjon varslar
om underskot i 2005 på over 500 millionar kroner. Dette kjem
på toppen av 1,15 milliardar kroner i underskot frå
året før. Korleis kan det gå an?
Kortversjonen er denne: Det var medisinen
som gjorde pasienten skikkeleg sjuk.
INTEGRERTE
SYSTEM
Thomas Østerlie er stipendiat ved Institutt for informasjonsteknologi
og datavitskap, NTNU. Seksjonen han tilhøyrer, forskar på
utvikling og bruk av store informasjonssystem. Eit av fenomena er
såkalla integrerte infosystem.
– Desse samlar funksjoner og tenester
frå fleire eksisterande system i eitt stort infosystem som
erstattar dei eksisterande systema. Banksystem, elektroniske pasientjournalar
og løns- og rekneskapssystem er døme på dette,
forklarar Østerlie.
FRÅ 40
TIL 1 SYSTEM
Vegen til helvete er brulagt med gode tankar. Dette hendte: I år
2000 vurderer nettstaden digi.no Forsvaret til å ha mellom
førti og femti ulike IT-system for konomistyring. Seinare
same haust seier forsvarssjefen at Forsvaret ikkje har gode nok
verkty for økonomistyring.
Forsvaret skal løyse problema med
å auke kontrollen og kvitte seg med systema. Ein skal få
til betre og meir resultatbasert styring ved å innføre
eit sams IT-system for økonomistyringa på tvers av
våpengreinene. Dette systemet vert innført i Forsvaret
i november 2003. Sidan går det meste gale.
TUSENKRONERSSPØRSMÅLET
Året etter nektar Riksrevisjonen å godkjenne Forsvarets
rekneskap for 2003. Når nyhendet om milliardoverskridingane
sprekk i januar i år, vert generalinspektøren for Hæren
og leiaren for Forsvarets logistikkorganisasjon utpeikt som dei
skuldige – fordi dei ikkje tidligare rapporterte til forsvarssjefen
eller forsvarsministeren om overskridingane.
Generalinspektøren på si side
forklarer i media at han ikkje rapporterte oppover fordi ingen rapporterte
til han: Det var ikkje mogleg å få tilstrekkelege rapportar
ut av IT-systemet dei innførte hausten 2003.
Det er dette som er tusenkronersspørsmålet,
seier Østerlie:
– Korleis kan eit IT-system som var
meint å gje auka kontroll over økonomien i Forsvaret,
føre til mindre kontroll, og påfølgjande milliardoverskridingar?
MENNESKA FORSVINN
Østerlie ser fleire strukturelle problem som følgjer
med innføringa av slike system. Det kanskje viktigaste er
at med systemintegrasjon forsvinn dei lokale kontrollørane,
dei menneska av kjøt og blod som ser at dette går gale,
og varslar frå. Dei, og systema dei administrerer, vert erstatta
av eit totalsystem som ikkje er tilstrekkeleg tilpassa dei spesifikke
krava der og då.
– Terrenget av arbeidsprosessar som
skal bli sameint og standardisert, vert for stort og uoversiktleg.
I staden for å ha fleire ulike IT-system som fungerer godt
for gitte delar av organisasjonen, har ein eit totalsystem som fungerer
halvgodt for heile organisasjonen.
Alle system har manglar. Med integrerte IT-system
som grip inn i forretningskritiske arbeidsprosessar, vert konsekvensane
av manglane store.
– Mange små, avgrensa IT-system
kan bli oppfatta som ineffektivt og rotete. Men det kan like godt
vere ein føremon, for om eitt system kollapsar, vil andre
delar halde fram som før, og slik sikre kontinuitet, seier
Østerlie.
ATTENDE TIL
LØNNINGSPOSEN
Dette handlar ikkje berre om Forvaret spesielt, presiserer
sterlie, men om situasjonen når svære organisasjonar
erstattar mange eksisterande system og samlar dei i eitt nytt.
– Vi har ei rad døme. I 1999
underkjente Riksrevisjonen årsrekneskapa til både Universitetet
i Oslo og NTNU på grunn av alvorlege manglar forbunde med
overgangen til eit nytt, sams løns- og personalsystem. Vi
er mange som hugsar korleis det var å stille opp i gangane
utafor lønningsavdelinga for å få feriepengane
i handa det året systemet kollapsa, seier Østerlie.
Det er uråd å sette tal på
kor mykje desse problema kostar samfunnet årleg, men det vesle
ein veit, tyder på store summar. Det såkalla Tress 90,
Trygdeetatens mislykka forsøk på eit integrert IT-system
på nittitalet, kosta nokre milliardar kroner, ifølgje
bladet Computerworld.
– Korleis stoda er i det private, veit
vi ingenting om. Dette er sensitiv informasjon private verksemder
ikkje gjev ifrå seg, seier Østerlie.
ENKLE LØYSINGAR
FINST IKKJE
Kva skal dei då gjere, leiarar som ønskjer å
reformere komplekse system som synest både uoversiktlege og
ineffektive? Ein ting å byrje med, er å endre måten
vi tenker på, meiner Østerlie
. – Tanken på at det finst enkle
løysningar for alle integrasjonsprosjekt, er i seg sjølv
ein del av problemet, seier forskaren.
– Slike integrerte totalsystem er så
store og komplekse at ingen kan ha full oversikt. Dette gjeld også
under utviklinga av systemet. Tanken om at berre ein utviklar og
sett i bruk systemet trinnvis, og så følgjer godt opp
under systemutviklinga, så går alt greitt, skriv seg
frå ein lineær logikk, seier han.
Slike komplekse system utviklar seg ikkjelineært.
Med det meinast at ein ikkje kan sjå effektane av systemet
på førehand, men i staden opplever dei som uheldige,
utilsikta sideverknader idet dei blir tekne i bruk.
VERDSVEVEN
FUNGERER
– Men finst det ikkje døme på svære,
vellukka, integrerte ITsystem?
– Joda – det du arbeider med
kvar dag: Internettet. Poenget med Internettet er at delane er laust
kopla. Det vil seie at dersom ein del av systemet feilar, fell ikkje
alt saman. Problemet med integrerte IT-system er at dei ofte er
så tett integrerte at om ein del kollapsar, kollapsar alt,
seier Østerlie.
Dette er også eit spørsmål
om kultur. – Totalsystema fokuserer på leiinga. Ein
tenker at sentral kontroll gjer leiinga betre skikka til å
ta dei rette avgjerdene. Dermed vert det sentrale IT-systemet sett
på som eit viktig verkty for styring av organisasjonen. Men
forsking viser at problemet for dei som tek avgjersler, ofte ikkje
er mangel på informasjon, men at avgjerslene dei skal ta,
er samansette og vanskelege, seier Thomas Østerlie.
Når du har ei vanskeleg avgjersle å
ta, er det ikkje sikkert at meir info gjer valet enklare.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Thomas Østerlie, Institutt
for informasjonsteknologi og datavitskap, NTNU
Tlf: 73 59 41 69, e-post: thomasos@idi.ntnu.no |