Meir makt på toppen
Rådmannen er vinnaren når kommunen
blir lik ei privat verksemd. Kor finn vi taparane?
 |
I ein kommune som driv etter New Public Management-prinsipp, vert makta flytta frå det politiske til det administrative nivået. Dette gir meir makt til rådmannen. Han eller ho kan velje å styre gjennom ein tett, liten krins av nære medarbeidarar.
Illustrasjon: Mads Nordtvedt
|
|
I eit aksjeselskap ligg den utøvande makta
hos administrerande direktør. I tradisjonelt kommunalt styre og
stell er det dei valde politiske organa som tek avgjerdene.
No ser vi at mange norske kommunar vert endra
til å likne meir på eit AS. Det kallast New Public Managment (NPM)
og fokuserer på effektivitet, kvalitet, heilskapleg leiing, mål-
og resultatstyring, og individuell medverknad sentralt.
Kva skjer når tradisjonelt kommunedemokrati
møter NPM?
Sosiolog Sissel Charlotte Trygstad er forskar
ved den samfunnsvitskaplege forskingsstiftelsen Fafo. Ho har teke
doktorgraden ved NTNU på nettopp dette emnet.
EIN LUKKA KRINS
• «Demokrati» kan her
forståast på to ulike måtar. Den eine er det klassiske borgardemokratiet
som handlar om folkeleg innverknad på dei avgjerdene som kjem ut
av systemet. Den andre er interndemokratiet – dei tilsette sitt
høve til å påverke kva som skjer på arbeidsplassane deira.
Trygstad har fokusert på det siste, men dei
to verkemåtane påverkar kvarandre gjensidig.
Sosiologen har undersøkt seks kommunar på
Austlandet, der tre er i gruppa «tradisjonelle », medan tre var
typiske NPM-kommunar. Det ho fann, var følgjande:
I NPM-kommunane vert makta flytta frå det
politiske til det administrative nivået. Dette gir meir makt til
rådmannen, som administrasjonens øvste sjef. Dersom rådmannen vel
å styre gjennom ein tett, liten krins av nære medarbeidarar, kan
styre og stell bli temmeleg lukka. Dei tilsettes representantar
kjenner at dei får mindre informasjon om kva som skjer, og får svekka
evne til å påverke avgjerdene.
– Det same gjeld for politisk valde representantar.
Det var dessutan kommunestyrerepresentantar i NPM-kommunar som opplevde
å bli lite informert om spørsmål som gjekk på kommunen som arbeidsgjevar.
Dermed måtte dei stole på rådmannens framstilling i slike saker,
seier Trygstad.
ANSVAR UTAN MAKT
• Samstundes fremjar
NPM-kommunane ei avhierarkisering av styringsnivåa: Ein kuttar talet
på nivå mellom topp og fotfolket. Dette kan høyrast demokratisk
ut, men treng ikkje vere det. – Det spørs kva som vert delegert:
ansvar og innverknad, eller berre ansvar? Eg har sett ein tendens
til det siste, seier Trygstad.
– For meg ser det ut til at sjefane delegerer
ansvar ned i organisasjonen, men dei beheld styresmakta. Eg finn
inga støtte for at dei tilsettes påverknad vart større i dei flate
organisasjonane, som var prega av mykje delegering. Eg kan ikkje
sjå at det ein kallar «jobbnære avgjerder », har auka. Dermed kan
det sjå ut som at makta i staden for å bli delegert, blir sentralisert
og gjort meir utydeleg.
NPM-kommunen bygger på ideen om den individuelle
arbeidstakar. Effektivitet står i førarsetet. Dette skal oppnåast
gjennom å redusere talet på nivå i organisasjonen, «trimme» den,
slik at ein får meir ut av færre folk.
Men dette er ikkje fritt for problem.
– Stamstundes innfører ein nye system for
kontroll av effektivitet og produksjon. Nokon må lage, utføre og
følgje opp slike undersøkingar, og det er langt frå gratis. Dermed
er spørsmålet om vinninga går opp i spinninga, seier Trygstad.
DEI «FLINKE»
TEIER • Sosiologen set
også spørsmålsteikn ved kor funksjonell organisasjonen er, dersom
kravet til effektivitet gjer det vanskelegare for dei tilsette å
kritisere tilhøva på arbeidsplassen sin:
– Vi ser ein tendens til at kritiske røyster
vert oppfatta som bakstreverske og kontraproduktive. Kritikk vert
generelt sett ikkje verdsett, og ein får ein «ja-kultur» der ein
«flink tillitsvald» er det same som ein «samd tillitsvald».
GLOBALT PRESS
• Trygstad ser endringane
i lokaldemokratiet i eit stort perspektiv:
– Dette er også ein del av den pågåande globaliseringa.
Eg ser på NPM som uttrykk for det globale presset som vert retta
mot dei arbeidslivsrelasjonane som har prega Noreg og Skandinavia
i etterkrigstida. Dette globale presset har vore kjenneteikna av
krava frå nyliberalismen om auka marknadstenking, deregulering,
konkurranseutsetjing og fristilling.
MÅ BLI SKUFFA
• Dei som promoterar
reformer á la NPM, lover meir enn kva det er mogleg å halde. Derfor
er det ikkje til å unngå at folk vert skuffa og desillusjonerte,
seier NTNU-professor Ann Rudinow Sætnan, som har vore vegleiar for
Trygstad.
Sætnan trur det er eit generelt problem at
det vert lagt for lite vekt på kostnadene som følgjer med reorganisering:
– Det kostar å omstille seg. Medarbeidarane i organisasjonar som
vert omstilt, går gjerne inn i dette med stor entusiasme. Men så
må ein lære nye rutinar, ta i bruk nytt utstyr. Ofte går ting går
tregare enn før, i ein overgangsfase som kan vare lenger enn kva
folk rekna med. Dette gjer dei frustrerte og skuffa, seier professor
Sætnan.
EI MOTESAK •
Det offentlege Noreg vil oppleve eit aukande krav til nedstrippa,
effektive organisasjonar. Ann Rudinow Sætnan er ikkje sikker på
at dette er framtida.
– Om du sit med det inntrykket, kan det vere
fordi konsulentbyråa som fremjar løysingar av typen NPM, har lukkast
med å få deg til å tru at det må vere slik, seier ho.
Sætnan trur det helst er tale om motar. Og
motar skifter etter som tida går.
– Eg trur desse konsulentbyråa vil komme
med nye oppskrifter, fordi dei er avhengig av å selje noko som er
nytt, om dei skal overleve i marknaden. Eg anar ikkje kva neste
oppskrift vil innehalde. Men at ho kjem, er eg rimeleg trygg på.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Sissel Trygstad, Fafo
Tlf: 22 08 86 64, e-post: sissel.trygstad@fafo.no
|