| Kriminelt
kryptisk
Kriminelle av mange slag har fått
auga opp for kryptologien. Med krypterte meldingar kan dei kommunisere
utan å bli oppdaga.

Illustrasjon: Mads Nordtvedt
|
I «Da Vinci-koden»
jaktar helten og heltinna på mystiske løyndomar, og
må undervegs knekke den eine koden etter den andre –
frå rebusar og spegelvend skrift til skjulte bodskap i måleri.
Den som har forlese seg
på kode-thrillarar, kan kome til å tru at det er dette
kryptering vert nytta til: å hjelpe skumle brorskap til å
halde på løyndomane sine gjennom hundre- og tusenår.
Men det er heilt andre typar brorskap som nyttar kryptering i dag
– jamvel om motiva deira ikkje står tilbake for nokon
når det gjeld vondskap.
I dag er kryptologi eit
farleg våpen i hendene på kriminelle. Og det har fint
lite å gjere med rebusar og spegelvend skrift.
HÅRETE
BODSKAP • Krypto er gresk og tyder skjult
eller hemmeleg. Ein gong i tida kunne ein kurer få ein hemmelege
bodskap tatovert inn i hovudskalla, før han let håret
gro fram att, og så vart sendt av garde med meldinga. I dag
har vi det meir travelt, og vi har andre metodar. Viktig informasjon
vert gjerne sendt digitalt.
– Men på
eitt vis dreier det seg om det same, seier kryptologiekspert Kristian
Gjøsteen ved NTNU. – Om kryptologen greier å
kamuflere bodskapen, slik at dei som spionerar, ikkje greier å
skilje info-biten frå tilfeldig støy på nettet
– så har han lukkast. Meldinga er blitt så hårete
at den er løynd.
 |
|
Leonardo da Vincis
berømte nattverdsbilete frå 1498 seiest å
skjule nøkkelen til gåta om den heilage gralen.
Det er denne gåta Dan Brown har bygd thrilleren «Da
Vinci-koden» på, men dei såkalla krypterte
tekstane i denne boka er ikkje meir avanserte enn Roald Øyens
Påskenøtter, meiner dagens kryptologar. |
PÅ NIVÅ
MED PÅSKENØTTENE • I ei tid kor tilgangen
på informasjon veks med stadig brattare kurve, er den store
utfordringa å lage statistiske verkty for å finne akkurat
dei rette opplysningane. Vinnarane er dei som greier å kalibrere
søkemotorane så nøyaktig at ein fangar inn bare
akkurat det ein er ute etter.
For kryptologen er utfordringa
den stikk motsette: Han skal gjere informasjonen så utilgjengeleg
og så uforståeleg som mogleg.
Etter at Dan Brown skreiv
bestseljaren om den løynde bodskapen i Da Vincis kjende nattverdsmåleri,
har mange fått ny interesse for kryptologi. Og det er vel
og bra, synest kryptolog Gjøsteen, men presiserar:
– Dei såkalla
krypterte tekstene til Brown er omtrent like avanserte som Roald
Øyens Påskenøtter! Ikkje rare greiene, med andre
ord. Men er det mogleg å kode ei melding slik at ho ikkje
kan dekodast?
LØYND
I TUSEN ÅR • – Svaret er ja. Men føresetnaden
er at nøkkelen er lengre enn sjølve meldinga som du
sender, seier Gjøsteen.
Absolutt tryggleik er
altså mogleg, men upraktisk – for korleis får
ein transportert nøkkelen til mottakaren? Kan hende ved å
kode den med ein ny nøkkel. Som også må transporterast…
Og så vidare.
– Dermed fann ein
ut at ein må vere nøgd med det nest beste: ein kode
som kan stå imot angrep i minst tusen år, og det sjølv
om den vert angripen med den tyngste datakrafta som finst, seier
han.
Tusen år held.
Då skulle oppgåva for dekodaren vere bortimot umogleg?
– Det treng ikkje
vere slik. Eit sentralt spørsmål er om dekodaren er
avhengig av å lese heile meldinga, eller om ein bare treng
bitar – som namn på stader eller personar. I nokre tilfelle
er det tilstrekkeleg å vite identiteten til mottakaren, seier
Gjøsteen.
«E»
MEST BRUKT • Moderne dekoding tek statistikken i
bruk for kva han er verdt. Den enklaste forma for statistikk her
er kva for bokstaver som figurerar hyppigast. Det er «E».
Om den aktuelle nøkkelen omset E på same måte
kvar gang, og meldinga er på ei viss lengd, er denne bokstaven
fort å dekode. Neste steg er kva for andre bokstavar E førekjem
oftast saman med. Snart har ein tatt neste bokstav. Sidan går
det fortare.
Derfor er statiske krypteringsnøklar
over og ut. – Nøkkelen må vere dynamisk, slik
at E ikkje vert omsett på same måte kvar gang. Ein enkel
variant kan vere at ein grupperer bokstavane to og to. Ein annan
måte er å nummerere omsetjinga, til dømes frå
1 til 10, slik at den første og den ellevte gangen E dukkar
opp i teksten, ser den lik ut, seier Gjøsteen, før
han legg til at dette framleis dreier seg om kodar så vidt
over Roald Øyen-nivå.
Kor ligg så dagens
utfordringar for kryptologane?
– Det må
vere å føre bevis for datatryggleik, seier Gjøsteen.
– Kor sikker er den koda meldinga? Dersom den står imot
direkte angrep, kan du kjenne deg rimeleg trygg, spesielt fordi
føresetnaden er at meldinga alt er oppdaga. I røynda
er situasjonen altså den at angriparen først må
oppdage og identifisere meldinga, før han kan prøve
seg på dekoding.
NETTBANK •
Kundane – dei som treng å sende sikker informasjon –
er så ymse. Dei tradisjonelle brukarane er sjølvsagt
dei militære, tryggingspoliti og slikt. Men i dag er den sivile
bruken i sterk vekst, fortel Gjøsteen: bankar, forsikringsselskap,
finans- og mobil- og teleselskap.
Sjølv har underteikna
lenge lurt på korleis kodaren til nettbanken fungerer. Eg
nyttar Nordea, og her får brukarane ein liten koder som, kvar
gang ein tastar in PIN-koden, genererer ein unik, åttesiffers
kode. Koden vert kjend att av banken sin servar, og den kan bare
nyttast ein gong. Korleis går dette føre seg?
Gjøsteen presiserer
at han ikkje kjenner Nordeas tryggingsrutinar. Men prinsipielt sett
er metoden grei. Det trengst to ting: ein kodenøkkel og ein
dynamisk faktor – ein teljar av eitt eller anna slag. Dersom
kodaren er utstyrt med klokke, er det enkelt. Ein annan, endå
enklare, måte er heilt enkelt talet på gongar kodaren
vert brukt. – Vanlegvis vil du bare generere ein ny kode kvar
gong du gjer noko på nettet. Derfor vil banken registrere
kvar kode. Då kan ein bare halde orden på teljinga,
seier Gjøsteen, og presiserer:
– Dette er altså
ikkje kryptering, men autentisering, som er ein del av kryptologien.
«Dei
krypterte meldingane er ofte ikkje krypterte når dei ligg
i PC-ane til avsendar og mottakar. Alle system har sine svake punkt.»
André Årnes, spesialetterforskar
PERSONVERN?
• I dag er kryptologi eit kraftfullt våpen
i hendene på kriminelle. Med moderne kryptering er det klassiske
dilemmaet sett endå meir på spissen: Den einskildes
rett til personvern og rettstryggleik versus politiets behov for
innsyn i kva kriminelle driv på med. Om vi bare tenkte på
kva politiet trengte, kunne vi hatt overvakingskamera på kvart
eit gatehjørne og kontinuerlig monitorering av all elektronisk
trafikk – men vil vi at styresmaktene i prinsippet veit alt
om oss?
Vi har lyst til å
få halde på med vårt i fred. Men samstundes vil
vi helst at styresmaktene rundt om veit kor bin Laden held til.
– Denne balanseringa
av ulike omsyn vert aldri avslutta ein gong for alle, seier Gjøsteen,
og viser til Frankrike, der dei lenge har hatt generelt forbod mot
omfattande bruk av kryptering. – Men dette endra seg visstnok
då nokon oppdaga at amerikanarane i sin kamp mot global terror
overvaka fransk elektronisk trafikk.
ETTERFORSKAR
VED NTNU • – Det finst kraftige verkty for
kryptering som er offentleg tilgjengelege og ikkje særleg
vanskelege å ta i bruk, seier André Årnes. Han
er doktorgradsstipendiat ved et av NTNUs sentre for fremragende
forskning, «Senter for kvantifiserbar tjenestekvalitet i kommunikasjonssystemer».
Årnes arbeidar
innafor området datatryggleik. Nå har han permisjon
frå jobben sin som spesialetterforskar ved Politiets datakrimsenter.
Senteret vart flytta frå Økokrim til Nye Kripos for
ei tid attende, og heiter nå Datakrimavdelinga. Flyttinga
er eit uttrykk for at dette har meir og meir å gjere med organisert
kriminalitet med internasjonale forgreiningar. Her er kryptering
eit viktig felt.
– Dei krypteringsalgoritmane
som er tilgjengelege i dag, er så kraftige, og så lett
å få tak i, at det vert svært vanskeleg å
bryte gjennom forsvarsverka, seier Årnes.
– Tyder det
at politiet er makteslaust?
– Nei, men politiet kan bli nøydd til å ta i
bruk andre metodar. Om vi ikkje kan knekke krypterte meldingar og
datatrafikk, kan vi prøve å få tak i passord
og nøklar, eller vi kan forsøke å finne fram
til datamaskinane i enden av kommunikasjonsstraumen. Dei krypterte
meldingane er ofte ikkje krypterte når dei ligg i PCane til
avsendar og mottakar. Alle system har sine svake punkt, seier Årnes.
FARTA AVSLØRER
• Dermed er det viktig å kunne spore opp datamaskinar
på internettet. Det er mange register på nettet som
er ope tilgjengelege, og aktive sporingar kan hjelpe til med å
lokalisere ein maskin Ein mogleg metode er nettverkstrigonometri
– krysspeiling av PC-ar på nettet. Denne metoden er
framleis på forsøksstadiet, og er tema for ein masteroppgåve
som er under arbeid ved Institutt for telematikk.
– Utgangspunktet
er round trip time – tida det tek frå spanaren sender
eit bodskap til den kriminelle datamaskinen og til svaret kjem.
Datakommunikasjon over nettet går med om lag to tredelar av
lysets fart. Om ein sender slike bodskap til same maskin frå
ulike stader, kan ein kome fram til eit avgrensa område som
maskinen truleg er innafor. Sjølv om farten varierer, er
dette likevel ei brukbar målestokk. Metoden er ny og uprøvd,
men lovande, seier Årnes.
TO NØKLAR
• Kven er så dei kriminelle som nyttar sofistikert
dataverkty? Politiet har konsentrert seg mykje om datakriminelle
som nyttar nettet til å angripe andre maskinar, og om pedofile
nettverk, som i stor grad nyttar PC-ar til å dele bilete.
Men også tradisjonelle forbrytarsyndikat får meir og
meir auga opp for moderne kryptering når dei kommuniserer
med kvarandre, seier Årnes.
Eit særs veleigna
krypteringsverkty er eit program som vert kalla PGP – Pretty
Good Privacy – som er basert på offentleg nøkkelkryptografi,
med offentlege og private nøklar. Den offentlege nøkkelen
kjenner alle i nettverket, medan ein held den private for seg sjølv.
Ei melding som er kryptert med ein offentleg nøkkel, kan
bare dekodast med den tilhøyrande private nøkkelen,
og omvendt.
På denne måten
støtter systemet både sikker kommunikasjon av ei melding,
og sikker identifikasjon av avsendaren av meldinga. Ei melding som
er kryptert med ein offentleg nøkkel, er uleseleg for alle
andre enn mottakaren (som har den tilhøyrande private nøkkelen).
Ei melding som er kryptert med ein privat nøkkel, kan samanliknast
med ei signert melding.
– Slik kan ein
sende nye nøklar av garde i bodskapen som er koda med den
private nøkkelen, som sikrar avsendar-ID. Slik kan kriminelle
nettverk byggje ut eit system med offentlege/ private nøkkelalgoritmar
som det er svært vanskeleg å bryte gjennom, seier Årnes.
MANIPULERTE BILETE
• Ved sidan av kryptering er også anonymisering
og steganografi viktige utfordringar.
Steganografi er ein
avart av kryptering, der ein til dømes gøymer informasjonen
i bilete.Då leggjest små bitar av digital informasjon
i kodestrengen som vert omsett til bilete på skjermen, slik
at det med det blotte auge vert uråd å skilje dei manipulerte
frå dei ordinære bileta.
– Det finst slikt
verkty for steganografi, men kjenner ikkje omfanget av bruken, seier
Årnes.
| PRØV
KRYPTERING |
| Det
finst mange program på internettet, som brukar avansert
kryptering. Her er to vanlege program:
Kryptering
av e-post
Med programmet PGP (Pretty
Good Privacy) kan du kryptere e-post og anna innhald på
datamaskina di. Om du sender ein kryptert e-post til nokon,
må mottakaren ha riktig «nøkkel»
for å kunne lese posten.
Skjult
bodskap i bilete
Med programmet «Hide
in Picture» kan du prøve ut steganografi.
Her kan du skjule bodskap i ein vanleg biletefil.
|
Kriminelle søker
anonymitet. Dersom ein kan få fatt på ein IP-adresse
som ikkje kan sporast attende til ein sjølv, er ein godt
i gang. Til dømes finst det internettkafear og bibliotek
der ein kan vere anonym. Det er dessutan mange tekniske moglegheiter
for å skjule både kven ein er og kor ein er. Dette stiller
store krav kompetansen om sporing på nettet, seier Asbjørn
Årnes.
KRIPOS TRENG
FORSKARAR • Nye Kripos ønskjer tettare samarbeid
med forskarar innanfor dataetterforsking og elektroniske spor. –
Utviklinga innan datateknologi akselererer, og dei kriminelle finn
nye måtar for å misbruke teknologien, seier Rune Fløisbonn,
leiar for Datakrimavdelinga.
Nye Kripos har starta
eit fagleg samarbeid om doktor- og masterutdanning, og initiert
forskingsprosjekt som vert finansiert av Noregs forskingsråd.
– Vi har allereie
knytt til oss stipendiatar og masterstudentar ved NTNU og Universitetet
i Oslo, fortel Fløisbonn.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Kristian Gjøsteen,
Institutt for telematikk, NTNU
Tlf: 73 59 46 16, e-post: kristiag@item.ntnu.no
|