| A-a-a-atsjo!!!
Frå 1997 og fram til i dag
har den totale perioden med vindstpreidd pollen blitt forlenga med
nærare en kalendermånad.

Foto:
Rune Petter Ness |
Om
du er pollenallergikar og aldri legg planar før
du har sett pollenvarselet for dei næraste dagane, så
er Hallvard Ramfjord mannen for deg. Han står bak dei daglege
pollenvarsla som vert spreidd gjennom tv, aviser og nettsidene til
Noregs astma- og allergiforbund. Våren er ei travel tid for
han. Pollen er i vinden, og Ramfjord med.
Pollenkornet er ein ørliten
djevel – eit gjennomsnittleg korn veg mindre enn 0,00005 gram.
Det er forklaringa på at det kan sveve så langt med
vinden. Men den låge vekta til tross: Pollenet kan utrette
utruleg mykje ugagn. Korna kjem i store mengder, og det vert ikkje
så reint få kilo når dei vert samla i hop. Målingar
har vist at på eitt mål spreier nordiske barskogar kvar
sesong mellom ein og åtte kilo pollen. Det svarar til mellom
30 000 og 280 000 pollenkorn per kvadratcentimeter.
Eit pollenkorn er planterikets
svar på dyrerikets sædceller. Det inneheld det mannlege
arvestoffet, som altså for mange planteslag må bli spreidd
for ver og vind, om slekta skal bli ført vidare.
Kva er det med desse
ørsmå partiklane som gjer at kvar femte norske mann
og kvinne reagerer så sterkt når vi får dei i
munn, auge og nase?
– Det
er ikkje sjølve pollenet, arvestoffet, vi reagerer på
– men protein som ligg i overflata på korna. Det dreier
seg om vassløyselege antistoff som utløyser allergiske
reaksjonar hos somme når dei kjem i kontakt med fuktige slimhinner.
Kvifor er proteina
der?
– Dei
fungerer som ID-kort for pollenkorna, for å sikre seg mot
ukontrollert kryssbestøving: Bjørkepollen held seg
til bjørk, og så vidare. Desse spesielle proteina fortel
kven ein er, kort og godt.
| MINI-CV |
| •
Forskar ved Institutt for biologi, NTNU.
• Var med og bygde opp pollenvarslinga i Noreg.
• Hovudansvarleg for dei nasjonale pollenvarsla i norske
medium.
|
Kvifor er det så
mykje pollen?
– Det
handlar om å tilpasse seg. Medan mange blomar har insekta
til å gjere transportjobben, må trær i nordiske
skogar lite på seg sjølve. Ein reknar med at denne
tilpassinga kom då vegetasjonen spreidde seg mot nordlege,
kalde strøk med lite insektliv. Pollenkorna vart mindre slik
at dei flaut på vinden, og det vart svært mange fleire
av dei. Men i klimasoner med mykje insektliv er det lite pollen.
Derfor kan ein allergikar vandre rundt i blømande regnskog
utan å kjenne noko som helst.
Kva for pollenslag
gjev mest allergi?
– I
Noreg gjev bjørka frå seg mest pollen. Elles har vi
or, hassel, gras, burot og muggsoppsporer som fører til allergiske
reaksjonar. Globalt er det eit ugras som heiter Ambrosia, på
engelsk ragweed, som er verst. Den finst enno ikkje i Noreg. Men
med dei pågåande endringane i klimaet kryp den nordover,
og har slått seg ned sør i Skåne inntil vidare.
Ambrosia kjem saman med importert fuglefrø, og vert spreidd
nokså effektivt i naturen. Men framleis er det altså
for kaldt. Elles så finst det mange slags pollenallergiar
– langs Middelhavet får mange kraftige reaksjonar av
pollen frå oliventreet.
Men eg er pollenallergikar
og har då opphalde meg mellom oliventre utan å kjenne
noko som helst?
– Det
tar tid før allergi slår ut. Det er derfor ein bjørkeallergikar
kan tåle olivenpollen utan problem, og motsett. Ting tar tid.
Heldigvis.
Det seiest at kunnskap
om pollen kan avdekke løyndomar i historia?
– Dersom
pollen søkk ned i såkalla anaerobe miljø (utan
luft), som til dømes myr, er det nesten ingen grenser for
kor lenge det kan bli bevart. Ein tek borkjerneprøvar nedover,
og kan lese årstider tusen av år attende. På våre
breiddegrader vil det seie til siste istid. Lenger sør i
Europa, der iskappa aldri la seg, har ein spora pollen attende for
heile kvartærtida,med istider og mellomistider. Gjennom mengde
og type pollen kan ein slutte seg til korleis klimaet har vore til
ulike tider, ein kan sjå når og kor nye planteartar
kom til landet, ein kan finne spesielle urter som tyder på
jordbruk. Og meir til.
Så har vi det
kriminalteknikarar kallar «buksebretteffekten »?
– Det er pollen som vert liggande att inni bøygar og
brett i klesplagga, og som til dømes kan prove at ein avliden
er drepen ein annan stad enn der liket vart funne. Funn av pollen
kan også vere avgjerande i noko så prosaisk som forsikringssvindel.
Ein huseigar påstod til dømes at sprenging i nærleiken
av bustaden hadde ført til sprekker i grunnmuren, og kravde
erstatning. Då ein pollenanalytikar fann rester av pollen
i sprekkane, var det prov godt nok på at det måtte dreie
seg om ein gammal sprekk.
Den globale oppvarminga
er neppe godt nytt for oss som nys?
– Med varmare klima ser vi at or og hassel, som er først
ut med pollenspreiinga, kjem endå tidlegare, medan dei seine
artane, gras og burot, kjem på same tid som før. Konkret
ser det ut til at frå 1997 og fram til i dag har den totale
perioden med vindspreidd pollen blitt forlenga med nærare
ein kalendermånad.
Av Tore Oksholen |