Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NTNU
SINTEF
Nyttige lenker
SISTE NUMMER
<-- TIL HOVEDSIDEN
NYHETER
SØK

 

Tidligere utgaver av Gemini

  Om Gemini


Neste Gemini kommer i juni og har blant annet disse sakene. Les mer

Bestill realfag-gemini til de unge. Les mer

Tlf. 73 59 24 76
Redaktør Åse Dragland
E-post: ase.dragland@sintef.no
Postadresse:Gemini SINTEF, 7465 Trondheim
Tlf. 73 59 53 21
Redaktører Lisa Olstad (kst)
og Jan Erik Kaarø
E-post: lisa.olstad@ntnu.no
Postadresse: Gemini NTNU, 7491 Trondheim
Ansvarlige redaktører:
Infodirektør Anne Katharine Dahl, NTNU

Direktør for samfunnskontakt og strategi Gunnar Sand,
SINTEF



 

Improvisert teknologi

Kva slags ny teknologi trengsi sjukehusverda? Rollespel gjev nokre svar.

RINGSIDE: Helsearbeidaren «finn opp» ein ny funksjon medan teknologane sit ringside.
Foto: Rune Petter Ness

Sjukehusfolk må ofte ta i bruk ny teknologi som er utvikla av folk som ikkje kjenner situasjonen på kroppen. Derfor er kan hende den nye teknologien ikkje alltid optimal. Førsteamanuensis Dag Svanæs og stipendiat Gry Seland ved NTNU arbeider med ein metode for utvikling av teknologi-i-praksis, der ein unngår det teoretiske skrivebordsarbeidet.

Dei kallar det «teknologi-improvisasjon».

MINIMALISTISK • Innfallsvinkelen kan seiast å vere minimalistisk. Grunnreiskapen er ein kvit, rektangulær plate i skumplast. Ho skal tene som kva-som-helst av ny teknologi. Plata kjem i ulike storleiker, og alle har ein tynn spikar slått inn i den eine kortsida. Spikaren fortel at dingsen er trådlaus.

– Grunnprinsippet er enkelt, fortel Svanæs: – Vi spelar ut eit sjukehusscenario til nokon ser eit behov eller potensial for ny teknologi eller nye bruksformer av eksisterande teknologi. Når slike situasjonar oppstår, frys vi scena, og plukkar ei skumplastplate for å fylle behovet. Så held vi fram medan vi ser for oss funksjonen til denne spesifikke dingsen, og visualiserer gjennom teikningar og forklaringar. Sesjonen ender med at teamet har designa ein prototyp av dingsen, til bruk ei ein framtidig situasjon.

FRYS! • Eit slikt rollespel kan skje på denne måten: Legane og sjukepleiarane har satt i scene ein daglegdags sjukehussituasjon, med dei sjølve samla rundt ein pasient i senga. Teknologane sit ringside. Så tek ein av deltakarane opp ein «blank» firkant. Ho forsøker å finne ut kva som skal skje vidare. Spelleiaren spør «Kva skjer nå?» og ho begynner å tappe på firkanten med penna si. Leiaren spør kva ho gjer, og ho svarer at ho skaffar seg tilgang til resultata av blodprøvene frå pasienten.

Dag Svanæs forklarar: – Det som skjedde, var at denne helsearbeidaren fann opp ein funksjon på staden, medan ho var mentalt til stades i situasjonen og dermed kunne sjå for seg kva ho trengte der og da. Svanæs og teamet hans følgde opp i etterkant, ved å be ho teikne kva ho hadde «sett» på skjermen ho fann opp. Desse rollespela kan også få fram situasjonar der teknologien er uønskt. I ein annan situasjon blir pasienten brått livstruande dårleg. Spelleiaren seier «frys» og spør sjukepleiaren om ho treng noko. Ho seier «Nei! Eg må få liv i pasienten først.» Akkurat der og då må teknologien vente, og gje plass til livredding.

Teknologi er ikkje alt.

 

Av Tore Oksholen

Kontakt: Førsteamanuensis Dag Svanæs, Institutt
for datateknikk og informasjonsvitskap, NTNU
Tlf. 73 59 18 42, e-post: dag.svanes@idi.ntnu.no

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST

FASTE SPALTER:
Kortnytt
Pusterommet
Det ekkofrie rommet
Foto: Thor Nielsen
Kilde: Truls Gjestland
Tema: Når tro blir politikk
av Tore Oksholen
Kommentar av Dr. Matthew M. Carlson
Forskerintervjuet
Randi E. Reinertsen kan mye om gåsehud og svette. Hva skal hun i Bioteknologinemda? Les mer

Kikkhullet
Vi må høyt til værs skal vi få vite hvordan det står til med kystområdene våre.
Nytt på nytt:
Nye produkter
Teknodiktet
Av William Carlos Williams, gjendiktet av Jan Erik Wold.
Det siste ordet
Av Tor Åge Bringsværd