| |
Sjukmeldt,
men aktiv
Sju av ti som gjekk på aktiv
sjukmelding, gjorde like mykje som før.
 |
INKLUDERT: Eit inkluderande arbeidsliv kan bli
så inkluderande at den sjukmelde ikkje får seg
til å halde seg heime.
Illustrasjon: Mads Nordtvedt |
|
Ei aktiv sjukmelding kan gjere pasienten
meir aktiv enn meininga kanskje var. Det viser ei undersøking
frå Oppdal kommune i Sør-Trøndelag, der hovudfagstudent
Britt Karin Støen Utvær har granska korleis denne sjukmeldingsordninga
har fungert. Ho fann at at eit fleirtal av dei aktivt sjukmeldte
gjorde akkurat like mykje arbeid som før. Dessuten at det
i over halvparten av tilfella ikkje vart leigd inn vikar for å
erstatte den sjukmeldte medarbeidaren. Også førsteamanuensis
Geir Arild Espnes og stipendiat Siw Tone Innstrand har tatt del
i undersøkinga.
INKLUDERANDE ARBEIDSLIV
Ordninga med aktiv sjukmelding var ein del av tiltaket «Inkluderande
arbeidsliv» (IA). IA vart innført i 2003 og hadde til
mål å få ned sjukefråveret. IA skulle gjere
det mogleg for tilsette å halde kontakten med arbeidsplassen,
jamvel om dei var sjukmeldte. Der den sjukmeldte hadde helse til
ein avgrensa innsats, skulle arbeidstakar og arbeidsgjevar avtale
kor stor denne skulle vere. Slik ville den sjukmeldte unngå
å bli passivisert, og kome attende i full jobb tidlegare enn
elles. Slik var tanken. Derfor hadde Rikstrygdeverket som mål
for året 2003 å auke bruken av aktiv sjukmelding med
førti prosent. Året etter vart bremsene sett på.
– Ordninga viste seg å vere svært lukrativ for
arbeidsgjevarane, men spørsmålet var om føresetnadene
for bruken, sett frå arbeidstakarane si side, vart oppfylt,
seier Utvær.
INGEN VIKARAR
«Det føles lite OK å ikke være i form,
men synes en må på arbeid, for elles blir det for mye
på de andre.» Sitatet er henta frå rapporten,
og peiker på eit alvorleg problem mange sjukmeldte kjente
på: Det vart i liten grad leigd inn vikarar for å dekke
opp for dei, og det førte til at om lag sju av ti utførte
dei same arbeidsoppgåvene som dei gjorde då dei var
i ordinær jobb.
– Dette var lovleg på det tidspunkt undersøkinga
vart utført (før 1. juli i fjor), men viser kor lukrativ
ordninga har vore. Dette har mellom andre professor i ålmennmedisin,
Steinar Westin, peikt på tidlegare, seier Støen. Sjølve
kjernen i IA-ordninga var at dialogen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar
skulle bli betre. Slik vart det ikkje.
– Eg fann inga skilnad i dialog mellom IA-verksemder og andre,
seier Utvær. Ho fann også at i tjue prosent av tilfella
hadde ikkje arbeidsgjevaren sytt for å utarbeide ei skriftleg
avtale, slik føresetnaden var.
MISLYKKA?
Undersøkinga avslørte ein skilnad mellom arbeidsgjevar
og arbeidstakar i synet på om vilkåra for aktiv sjukmelding
vart oppfylte. Leiarane meinte at kriteria var fylt, medan dei tilsette
opplevde manglar her, og at ingen tok ansvar. Britt Karin Støen
Utvær vil likevel ikkje konkludere med at ordninga med aktiv
sjukmelding har vore mislykka.
– Mange av dei som har nytta ordninga, har positive opplevingar
med den, sjølv om føresetnadane ikkje har vore følgd,
seier ho. Etter at Rikstrygdeverket bremsa på bruken av aktiv
sjukmelding, er det blitt slik at legen først skal vurdere
gradert sjukmelding, som klart regulerer kor mykje den sjukmeldte
skal arbeide.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Britt Karin Støen Utvær,
Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap, NTNU
E-post: brittkar@stud.ntnu.no
|
|