| Hugs du
kan døy
Kjenner du deg heilt frisk, seier
du? Då skal nok forskarane få deg på andre tankar!
Du er kvinne, i din beste alder, og du kiker
i postkassa. Opnar vindaugskonvolutten. Orda blinkar raudt mot deg:
«mammografi … brystkreft … reduserer dødelighet
… annethvert år … Kreftregisteret.» Memento
mori. Hugs, du kan døy. Kva tid som helst.
 |
|
Foto:www.hemera.com |
Er forskarar meir opptekne av fare og risiko
i dag enn for ein generasjon sidan? Ein peikepinn kan vere kor ofte
ordet «risiko» dukkar opp i medisinske vitskaplege artiklar,
før og nå. Førsteamanuensis John-Arne Skolbekken
ved Psykologisk institutt, NTNU, har undersøkt akkurat det.
Han telte kor ofte ordet dukka opp i titlar eller samandrag i den
medisinske litteraturdatabasen Medline. Resultatet?
Gjennom siste halvdel av 1960-talet vart
det registrert under eitt tusen treff på ordet risiko. Ein
liten generasjon seinare, på 1990-talet, har talet auka til
over 250 000. Kvifor er det blitt slik?
Den ungarsk-britiske professoren Frank Furedi
frå universitetet i Kent har eit svar:
– Frykt er blitt ein måte å leve på, eit
slags diffust kulturelt produkt. Vi fryktar heile tida eitt eller
anna. Frykt vert spegla i risiko. Ein gong i tida kunne risiko vere
eit positivt lada ord: Det er bra å tore å ta sjansar,
for å oppnå noko som er bra. Nå er risiko noko
ein må frykte, og unngå så sant ein kan.
| VART
DU SKRÆMT NO? DEL 1 |
|
I ei helseundersøking av 200 kvinner i alderen 15-75
år i Rogaland fann ein at 71 prosent hadde ein eller fleire
risikofaktorar for hjarte/karsjukdom. |
Vi er på seminar i Oslo, forskarar
og journalistar, og Furedi er ein av mange som snakkar om risiko
og frykt. I innkallinga til seminaret, som vart halde av Universitetet
i Oslo, spør ein om frykt er blitt ein publiseringsnøkkel
for forskarar som søker merksemd. Journalist og tidlegare
forskar Anne Hafstad i Aftenposten går langt i å svare
ja på spørsmålet. Ho får meir merksemd
frå forskarar som vil fortelje om alt det gode dei gjer, i
tida før søknadsfristane til Noregs forskingsråd.
Fear is the key.
| VART
DU SKRÆMT NO? DEL 2 |
|
I 2003 vart grensene for mogleg helseskadeleg blodtrykk sett
ned til 140/90 utan alderskorreksjon, og kolesterolen til 5
mmol/l. I klartekst tyder dette at med endra grenseverdiar har
halvparten av alle 24-åringar hamna i risikosona, og tjue
år seinare er ni av ti blitt potensielle pasientar. |
Professor Furedi er oppteken av korleis ekspertar
av ymse slag, og forskarar generelt, gjer folk reddare gjennom å
dvele ved risiko. Faktisk har det gått enda lenger, seier
han:
– Dei ikkje berre dveler ved risk. Dei er også travelt
opptekne med å evaluere teoretisk risiko. Og sidan alt, teoretisk
sett, kan hende, finst det ein uendeleg variasjon med teoretiske
riskar.
– Teknologien går framføre. I dag har vi reknekraft.
Vi har nok potent silikon til å rekne ut statistisk risiko
for alt, heile tida, seier John-Arne Skolbekken. Problemet, seier
han, er å velje ut kva vi skal vere redd for. Kva for risikoar
skal vi ta på alvor?
Sidan dødsangst er vår ultimate
redsle, handlar risiko mykje om helse. Det veit professor i sosialmedisin
ved NTNU, Steinar Westin, noko om:
– Spesialistmiljøas måte å handtere sjukdomsrisiko
på, gjer noko med mange ålmennlegar. Dei opplever at
dei vert oppfordra til å gjere ein urimelig stor del av befolkninga
sjukare enn kva den eigentleg treng å vere.
Westin meiner å observere eit skilje
mellom sjukehusspesialistar på den eine sida og ålmennlegar
og samfunnsmedisinarar på den andre, når det gjeld til
dømes grenseverdiar for kva som er farleg blodtrykk og kolesterol.
– Dette tyder at ein overveldande majoritet av det norske
folk må sjåast på som unormale, dersom risiko-
og sjukdomsomgrepet skal bli nytta med nokon rimeleg meining, slår
han fast.
 |
|
Kvart år får 2500 norske kvinner brystkreft. Mammografi
kan avsløre kreften før
kvinna sjølv merkar han. |
Du kan like godt lære deg uttrykket
først som sist: Presymptomatisk diagnostikk.
Kva tyder det? Det inneber at ein leiter
etter ein diagnose på folk som ikkje viser nokre teikn på
sjukdom. Med andre ord: Ein leitar etter mogleg sjukdom hos friske
folk. Vi talar om screening. Er du kvinne og har passert femti,
har du auka risiko for å få brystkreft. Er du mann i
same alder, har du auka risiko for å få prostatakreft.
Er du kvinne eller mann, og har røykt i mange år, har
du auka risiko for å få lungekreft.
Slik kan vi halde fram. Kreft i tjukktarmen,
kreft i livmorhalsen, hjartesjukdomar, ymse nevrologiske lidingar:
Statistiske utrekningar fortel oss at nokre av oss, med einskilde
demografiske karakteristika (bestemt alder, kjønn, bustad,
osv), har større risiko for å få ei sånn-eller-slik
liding. Så kva gjer vi med det?
Eitt alternativ er å satse på
at det går bra, og vente med å gå til doktoren
til du føler deg dårleg. Ein annan innfallsvinkel er
å late deg bli screena for dei sjukdommane som statistikken
fortel du har auka risk for å få. Argumentet er vanskeleg
å stå imot: Kvifor ikkje vere på den sikre sida?
Det skadar jo ikkje…
| VART
DU SKRÆMT NO? DEL 3 |
|
«Dei tidlege faresignala for tarmkreft er: Du føler
deg topp. Du har ein helsebringande appetitt. Du er berre femti
år.» (Kjelde: Memorial Sloan-Kettering Cancer Center)
|
På den andre sida – kvifor skal
ein bekymre seg for noko som ikkje er? Eg fortel John-Arne Skolbekken
ved Psykologisk institutt om ein pastor som prøvde å
frelse meg då eg var på konfirmasjonsleir: «Tek
du sjansen på at Gud ikkje finst?» var pastorens retoriske
spørsmål.
Skolbekken fortel at argumentet ikkje er
nytt: – 1600-talsfilosofen Blaise Pascal vart kjend for «veddemålsargumentet
» sitt, om at om du godtek Guds eksistens, og han ikkje eksisterer,
har du ikkje tapt noko. Gudstru som etterlivsforsikring.
Vi er attende i Oslo, og journalist og forskar
Gitte Meyer ved Syddansk Universitet refsar forskarane for å
nytte redsle som middel i kampen om pengar: – Vitskap vert
driven av frykt, av vårt behov for å eliminere uvisse.
Risikovurdering er blitt ein triggar for
forskingsfinansiering. Derfor er det eit problem at journalistar
som gruppe ikkje kjenner seg autorisert til å stille kritiske
spørsmål til forskarar. Dette handlar om naivitet og
manglande evne til refleksjon, meiner Gitte Meyer.
Kva er det ved vår kultur som gjer
oss så opptekne av risiko og frykt? Ved Institutt for samfunnsmedisin,
NTNU, sit ein stipendiat og syslar med ein liknande problemstilling.
– Vi lever i ein bekymringskultur, ein kultur der alle er
på vakt – ikkje berre for farar som trugar her og nå,
men for moglege farar i framtida.Dette er typisk for vår kristendomsbaserte
kultur, ein kultur påverka av ein dommedagsreligion: På
den yttarste dag får du svi dersom du ikkje har oppført
deg pent, seier stipendiat Monica Wegling.
| VART
DU SKRÆMT NO? DEL 4 |
|
I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år.
I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av
100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.
|
Ho er opphavleg utdanna idéhistorikar.
– Kristendomen har vore ein metode til å halde ut det
usikre ved livet – at vi ikkje veit kva som vil hende oss
når vi blir eldre. Vil vi bli sjuke; vil vi få det vondt;
vil dei vi elskar, bli tekne frå oss? I Gud kunne vi søke
trøyst, seier Wegling.
I dag er det ikkje lenger slik for dei fleste
av oss. – Vi vert åleine med vår manglande tryggleik.
Presymptomatisk diagnostikk vert ein måte
å takle det usikre ved tilværet på, meiner Wegling.
Ho peikar på det paradoksale at vi, i det rikaste og kroppsleg
sunnaste hjørnet av verda, bruker så mykje ressursar
på å leite etter teikn på sjukdom hos symptomfrie
menneske:
– Akkurat dette er kan hende ein eigenskap ved vår vestlege
kultur.
Steinar Westin er samd i mykje av kritikken
mot overdriven screening, men han ønskjer å presisere
kritikken.
– Førebyggjande helsearbeid er viktig og bra, så
lenge det er retta mot grupper i samfunnet. Det som blir feil, er
når førebygging blir eit spørsmål om individuell
risiko, og der ein leiter etter ei pille eller eit tiltak som kan
berge ein, seier Westin.
Han ber om at vi held tunga beint i kjeften:
– Dei som i si tid dreiv med førebyggjing av tuberkulose
gjennom å be folk late vere å spytte på golvet,
gjorde eit viktig arbeid for folkehelsa. Det ville vere urimeleg
å stemple slike aktivitetar som å spreie frykt.
| VART
DU SKRÆMT NO? DEL 5 |
|
I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år.
I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av
100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.
|
Eit anna framandord du bør få
med deg: Disease mongering. Omgrepet tyder at vanlege tilstander
vert gjort til medisinske problem (å vere skalla); at milde
symptom vert gjort til truverdige sjukdommar (irritabel tarm); at
personlege og sosiale problem vert gjort til medisinske problem
(sosiale fobiar vert gjort til biologi); at auka risiko hos friske
får merkelappen sjukdom; eller at ein bles opp kor utbreidd
eit helseproblem er (ereksjonsvanskar).
Eit mogleg norsk ord for dei som driv med
dette – disease mongers – kan vere «sjukdomskremmar.
»
Professor Westin oppsummerar slik: –
Der nokon før kunne klage over at tidas trend var «ein
pille for alt som var ille», er det i dag snarare sånn
at det gjeld å finne noko ille for alt som er pille. Når
legeindustrien marknadsfører nye medikament, er risikoreduksjon
et svært potent salsargument. Det aller beste er om ein får
redaksjonell omtale som går på at «medisin X reduserer
faren for å døy/bli alvorleg sjuk med Y prosent»,
og publikum slik får inntrykk av at ein talar om objektive
fakta.
Dagbladet-historia om pillen mot hjarteinfarkt
illustrerer dette: «Fastlegen skal beregne din dødsrisiko»
sto det å lese i Dagbladet 12. oktober 2002. Ein hjartespesialist
ved eitt av universitetssjukehusa konstaterte her at om lag ein
halv million friske nordmenn med høgt blodtrykk burde ta
ein dagleg dose med ein pille innehaldande statinar, for å
redusere risikoen for å døy av infarkt. Ein ikkje-publisert
forskingsstudie, den såkalla Ascot-studien, skulle støtte
opp om utsegna.
Etter kva avisartikkelen sa, synte forskinga
at risikoen for å døy vart redusert med 20-30 prosent.
Fantastisk! Men så viste det seg at ein her tala om relativ
risiko – altså den prosentvise reduksjonen bland dei
som er ramma. Motstykket er absoluttrisiko, som er prosentvis reduksjon
i heile populasjonen.
Døme: Om to personar av ein populasjon
på 1000 døydde av ein sjukdom eitt år, og medisinering
av alle saman fører til at berre ein person døyr neste
år, har den relative dødsrisikoen blitt halvert –
medan den absolutte risikoen er redusert med frå to til ein
promille: ikkje med 50 prosent. Risikoen for å døy
er framleis svært liten.
Professor Westin meiner at forskar, finansiering
og farmasiindustri er vevd saman i eit uheldig mønster. –
Forskaren veit at jo meir dramatisk effekten ser ut til å
vere, jo meir pengar til forskinga. Journalisten som skriv om forskinga,
veit at jo meir dramatikk, jo fleire lesarar. Ingen bremser. Og
bakom ler legemiddelindustrien.
Westin avsluttar:
– Kritikklause medisinarar fungerer som medvistlause agentar
for farmasien i å sjukeleggjere folk. OK, tenkjer du kanskje.
Greitt – forskarane fremjar frykt. Kva så?
| VART
DU SKRÆMT NO? SISTE DEL |
|
I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år.
I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av
100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.
|
Men bekymring og frykt har ein verknad på
kulturnivået, og den verknaden må vi bli oss medvitne,
seier panelet vårt: – Denne bekymringskulturen er typisk
for ein kultur påverka av ein dommedagsreligion. Den presymptomatiske
diagnostikken har ikkje noko med avlat og rettlivnad å gjere
– direkte – men han stadfester vår kulturbestemte
og nedarva angst for straff, seier Monica Wegling.
– Det kan sjå ut som om det einaste
som skil dei politiske partia, er kva dei meiner vi skal vere redde
for. Frykt vert politikk, og det er ein politikk vi kan hende likar
dårleg. Du såg det under den amerikanske valkampen,
som Bush vann – gjennom å spele ut «The Fear Card»,
seier professor Frank Furedi, medan Gitte Meyer oppsummerar det
heile slik:
– Risikovurdering vert ein metode til
å kontrollere folks åtferd.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin,
NTNU
Tlf: 73 59 88 87, e-post: steinar.westin@ntnu.no
|