| Don Quijote
Folk som har vindmøller
rundt seg, er endå meir positive enn før møllene
vart satt opp.
 |
Jørgen Løvseth (70)
slåst både for og mot vindmøller.
Foto: Rune Petter Ness |
|
YTST PÅ FORBLÅSTE SMØLA
står dei. vindmøllene og deira mest trufaste våpendragar.
Nå er dei alle i svevet. Anleggsbrakkene står tett i
tett, og dei står ikkje tomme.
Ti nye møller er under oppføring, og det kan bli fleire.
For vindentusiast Jørgen Løvseth tyder dette at tretti
år med aldri sviktande engasjement til slutt ber frukter.
Når du køyrer av ferja og over siste brua, legg du
samstundes dei fleste topografiske kurver bak deg. På Smøla
er det meste flatt. Berga her ute er slipt ned til slake ovalar,
medan dei låge trea minner om fjell- Noreg like under tregrensa.
Derfor gjev vindmøllene eit formidabelt
inntrykk når dei dukkar opp i synsranda. På geledd står
dei der, ranke og elegante, værar med snutene mot vinden,
snur seg heile tida dit vindkasta kjem frå. Dei har eitt mål
for auge: trekke mest mogleg energi ut av været.
Løvseth er ein slank sprett. Når
fotografen ber han flakse om kapp med mølleblada som susar
bak han, veiver han med armer og bein, lett som berre det. Likevel:
Han har nyss fylt sytti. Då vart det halde eit seminar til
hans ære. Det handla om vindmålingar og vindenergi og
hadde bilete av vindmøller på invitasjonen. Vindmøller
har vore livet hans – i alle fall den profesjonelle delen
av det. For ein som kjem på vitjing, ser møllene flotte
ut.
Men kva meiner dei som bur her ute,
og er nøydd til å sjå på dei dagstøtt?
– Eg er glad for at du spør.
For faktum er at eg kan gje eit eksakt svar: Vi har spurd dei, og
før den første vindmølla vart sett opp på
øya, var 60 prosent for det. Etterpå er talet 70 prosent.
Så om noko generelt kan trekkast ut av denne undersøkinga,
er det at folk som har dei rundt seg, er endå meir positive
enn før.
Kort fortalt, Løvseth: Kva
er så bra med vindmøller?
– Kort fortalt?? Greitt. Altså:
Noreg har ein kapasitet på vindkraft som er minst like stor
som vasskrafta. Ved å gje vindmølleparkar om lag ein
prosent av arealet i landet vårt, vil møllene kunne
produsere like mykje energi som vassfalla. Møllene vil stå
der det bles mest, til dømes ytst langs kysten slik som her,
kor busetnaden er spreidd. Derfor vil dei ikkje stå i vegen
for folk. Så er dei jo pene å sjå til.
Er vindmølleforsking eit avslutta
kapittel?
– På ingen måte. Du ser
det på utviklinga i produksjonskapasiteten deira. For tjuge
år sidan produserte ei vindmølle om lag 50 kilowatt.
I dag er produksjonen 5,5 megawatt. Når storleiken på
turbinane på to tiår aukar med ein faktor på 100,
tyder det at vi ikkje sit med ein moden teknologi. Her er mykje
å gjere.
Kvar ligg den største utfordringa?
– I at levetida på vindkraftverk
i Noreg er heller kort og at driftskostnadane er for store. Årsaka
er det harde klimaet, med kraftig og ofte uberekneleg vind. Påkjenninga
aukar bratt med auka fart på vinden. Dette er ein teknologisk
utfordring: Kvart blad må styrast individuelt i tilhøve
til vindstyrken, både for å verne seg sjølv mot
overlast, og for å suge ein høveleg mengde energi ut
av vinden. Opp til liten kulings styrke går turbinane for
fullt. Vidare oppover mot storm og orkan koplar møllene seg
gradvis ut av vinden, då tek dei berre akkurat så mykje
som tårn og generator tåler.
| MINI-CV |
•
Førsteamanuensis ved Institutt for fysikk, NTNU.
• Fylte sytti år i haust.
• Har forska på vindog solenergi i ein mannsalder.
• Meiner at vindkraft er like billeg som vasskraft, om
utbygginga er omfattande nok. |
Kvifor driv du med dette?
– Eg synest klimaproblematikken er
viktig. Slik sett er dette idealisme. Eg har i alle høve
ikkje tent pengar på det. Men nå trur eg kanskje det
lausnar. Både amerikanske og europeiske prognosar seier klart
at vind snart vert den billigaste kjelda til elektrisitet. Fleire
og fleire i Noreg trur og på det. Berre synd at vi ikkje får
nok pengar til forsking, så norsk industri kan stå rusta
for dei unike moglegheitene Noreg har i dette gamet. Du slåst
for vindmøllene. Don Quijote slost mot dei – berre
at han trudde dei var krigerske riddarar og uforstandige representantar
for dei som styrte.
Har du slåst mot slike?
– Der kan eg trygt svare ja. Ny fornybar
energi er i ferd med å bli konkurransedyktig i pris. Samkjøring
med vasskraft gjer det mogleg å spare vatn når det bles,
og det bles mest i vinterhalvåret når tilsiget er lite.
Det er til og med tenkjeleg å byggje ut pumpekraft, slik at
vindkraft pumper vatn opp frå eitt magasin til det neste,
om vi skal ha svært stor utbygging. Derfor har du slagordet
«Vind og vatn, hand i hand». Likevel er både Noregs
forskingsråd og NTNU trege med å engasjere seg. Noreg
har med vind og vasskraft, seinare kan hende også bølgjekraft,
unike moglegheiter for eksport av elkraft frå fornybare kjelder.
Og vi bør få ein norsk vindkraftindustri. Det kan gje
ein ny blomstring for verkstadindustrien og distrikta våre.
Av Tore Oksholen
|