| |
Feila
frå i går
Skjelvet under havbotnen i Indiahavet
skaka ei heil verd. Når regionen skal byggast opp på
ny, må vi ikkje gjenta gamle tabbar.
 |
I den indiske delstaten
Gujarat vart mykje utanlandsk hjelp pøst inn etter ein
flaumkatastrofe i 2002. Ikkje alt var av det gode.
Foto: Lutheran World Relief |
Jordskjelvet som skaka havbotnen utafor kysten
av Malaysia, rydda plass for eit nytt ord i vokabularet vårt.
Etter 2. juledag 2004 skal ein vere blind og døv for ikkje
å vite kva «tsunami» tyder.Nå ventar gjenreisinga
for dei som står att på raserte strender; og hjelparar
verda rundt har travle tider. Skjønar hjelparane kva konsekvensane
kan bli om dei trør feil?
TAKKAR NEI TIL HJELP
Teikna var der: 1-2 dagar før skjelvet som målte 9
på Richters skala, kunne kystfolk melde om hundrevis av delfinar
som søkte opp i elveos. Samstundes fekk mange fiskarar langs
denne delen av Malaysiakysten rekordstore fangstar. Det vart tala
om «mirakelfiske».
Livet i havet flykta medan menneska vart
att. Nesten ingen hadde føresetnader for å forstå
kva som var i ferd med å skje. Berre dei som har erfaring
frå utsette soner langsmed Stillehavet, veit kva det tyder
når havet brått trekkjer seg attende. Dei for til skogs
då vatnet forsvann. Slik er det også med gjenreisinga:
Berre dei som har opplevd uforstandige gjevarar, og mottakarar,
veit kor gale det kan gå. Som India. Landet vart hardt råka
av flodbølgjekatastrofen. Likevel valde styresmaktene å
takke nei til hjelp frå utlandet. Det synest arkitekt og postdok.
ved NTNU, Hans Skotte, var ei klok avgjersle:
– India har erfart kva slik hjelp kan føre til, og
dei vil ikkje ha det igjen.
KLIENTIFISERING
Etter storflaumar i dei indiske delstatane Orissa og Gujarat, med
fleire titusen omkomne, strøymde hjelpa inn frå utlandet.
Det var ikkje berre bra. Når store mengder med pengar og bistandsfolk
frå heile verda fossar inn i lokalsamfunn som ikkje på
noko vis er budd, kan resultata bli særs negative, også
på lang sikt.
Kva talar vi om? Korrupsjon, misbruk av makt,
undergraving av lokal produksjon. Klientifisering. Vi snakkar om
kva som skjer når eit land, ein region, ei folkegruppe, som
før greidde seg monaleg bra, vert råka av ei ulukke,
så får mykje hjelp, altfor mykje, og som følgje
av det ikkje får attende evna til å greie seg sjølve.
| NTNU TILBYR
HJELP |
| Fleire av NTNUs fagmiljø
har kome med innspel om moglege bidrag til gjenreising av katastrofeområda,
og NTNU-leiinga er i dialog med Utanriksdepartementet om saka.
Eitt av forslaga er at arkitekturmiljøet ved NTNU stiller
lærarpersonell til disposisjon for universitet nord og
aust på Sri Lanka, slik at delar av staben der kan frigjerast
til å planlegge gjenreisinga. |
PÅ GJEVARENS PREMISSAR
Hans Skotte har røynsle frå gjenreising i Bosnia-Herzegovina.
Han fortel om stor internasjonal godvilje og mykje pengar –
og om eit samfunn som i dag, ti år etter, er prega av stillstand.
Dette har fleire årsaker – årsaker som er direkte
relevante for situasjonen ein står overfor etter tsunamien,
meiner Skotte.
– I Bosnia vart dei overkjørt av internasjonale organisasjonar,
til dømes EU, som sette som vilkår for finansieringa
av attreising av hus, at bustadene vart reist på ruinane av
dei gamle. Men den etniske reinsinga hadde gjort dette umogleg mange
stader. Resultatet er at kvart femte hus – om lag 25 000 –
står tomme i dag, seier Skotte. Når bistand vert kanalisert
utanfor lokale institusjonar, vert desse svekka. Når hjelpa
kjem på gjevarens premissar, tek ein ikkje omsyn til lokale
røynsler, ein ignorerer lokal kompetanse. Dette blir eit
svært problem den dagen dei internasjonale aktørane
trekkjer seg ut.
KORRUPSJON
Sjølve storleiken på dei summane som vert køyrd
inn, vert også eit problem, poengterer Skotte.
– Eigentleg er det pussig at vi ikkje er meir merksam på
dette – vi som er så opptekne av at ikkje for mykje
av oljepengane skal bli sprøyta inn i norsk økonomi,
fordi vi fryktar skadeverknadane for eigen industri. Men det er
jo dette som skjer, berre mykje sterkare, når store summar
vert tømt inn i skrinne u-landsøkonomiar. Dette fører
også til korrupsjon.Kven får, kven får ikkje?
Uklare rutinar og uprofesjonelle, private bistandsaktørar
gjer vondt verre.
– Manglande profesjonalitet hos bistands- NGO-ar (nongovernmental
organizations) kan vere eit større problem enn lokal korrupsjon,
meiner Skotte.
KVA KAN VI FORLANGE?
Var det då betre om den internasjonale bistanden heldt seg
vekke, etter at den reine nauda er avhjelpt? Skottes instituttkollega,
professor Hans Bjønness, synest ikkje det. Han er samd i
at India står seg bra på å takke nei til utanlandske
gjevarar, men poengterer at andre land i regionen er så fattige
at dei ikkje har noko val. Men føresetnaden er at ein samarbeider
tett med dei som skal ta imot hjelpa:
– Det verste som kan skje, er om vi trær våre
løysingar ned over hovuda på folk. Slik gjenreising
er ein vanskeleg sak, poengterer Bjønness.
– Kor skal ein bygge opp att? På den eine sida kan det
vere at folk bør flytte på seg, fordi dei bur i høgrisikoområde.
På den andre sida er det slik at fattige buset seg der dei
kan få arbeid. Og skal ein då forlange at dei flytter
dit dei inga inntekt får? Slike dilemma har ingen enkle svar.
FORSKARAR UTFORDRAR MAKTA
Cathrine Brun ved Geografisk institutt forskar på tvungen
migrasjon, og har røynsle frå mellom anna Sri Lanka.
Ho trur at forskarar kan vere nyttige i fasen med planlegging for
gjenreising av sosial og fysisk infrastruktur og av bustader etter
katastrofen.
– Eg trur forskarane kan hjelpe til med å få fram
stemmene til lokalbefolkninga, og deira unike kompetanse. Forskarane
kan også utfordre lokale aktørar og maktstrukturar,
seier Cathrine Brun. Vest-Europa fekk Marshallhjelp etter andre
verdskrigen. Dette er ein dårleg idé for landa som
er ramma av flodbølgjen, seier Skotte.
– Dei har ikkje det mottaksapparatet som skal til for å
administrere ein så omfattande hjelp.
– Trur du at denne regionen vil ende opp som bistandsklientar?
– Nei, eigentleg ikkje. Men eg trur regionen vil vere fattig
svært lenge. leiglendingar.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Hans Skotte, Institutt for byforming
og planlegging, NTNU
Tlf: 73 59 50 27, e-post: hans.skotte@ark.ntnu.no
|
|