| Då
nynorsken kom til Cluj
Noreg/Romania: Her heime er sidemålet
under hardt press. I Transilvania har rumenske norskstudentar stor
tru på nynorsken.
 |
Kort innføring i folkemålet – og dei rumenske
studentane er klar for nytt på nynorsk. Foto:
Lisa Olstad |
|
No skal vi lese om den bortkomne sonen! Ein
storvakst og kvitskjegga gudbrandsdøl slår entusiastisk
ut med armane og set eit mildt, lysegrønt blikk i 50-60 ungdomar.
Dei sit som lys ved pultane sine, i eit heilt alminneleg klasserom,
med konsentrerte andlet og blyant i handa, klar til å notere
dei gullkorna som måtte falle der framme ved tavla. Frå
veggane stirar Ibsen og Hamsun strengt ned på både dei
og denne røslege gjesten frå nord.
– «Jesus sa: Det var ein gong
ein mann som hadde to søner…» Ein gong på
nynorsk, ikkje en gang. Og søner, høyrer de? Son –
søner. Hankjønnsord, men med uregelrett bøying,
som vi snakka om. På bokmål er det…? Akkurat:
sønner. Frilansfilolog og tidlegare leiar for Noregs mållag,
Ola Breivega, har heldt mangt eit språkkurs i sitt lange liv.
Men aldri hadde han tenkt seg at han skulle bli den som presenterte
Ivar Aasen og alt hans verk for rumenarane.
 |
Ola Breivega har vore leiar av Noregs mållag, og synest
at også rumenske studentar bør kjenne til 150 års
strid for det norske folkemålet. Foto:
Lisa Olstad |
|
EI KVINNES VERK
Dølen les vidare frå Lukasevangeliet om faren som har
fått guten sin heim att og seier: «No skal vi vera glade
og fegne… »
– Vera, a-infinitiv, det er lov å
seie vere også. Fegen, fleirtal fegne, eit anna ord for glad.
De skjøner dette? Visst skjøner dei. Dei har då
studert norsk i både to og tre og fire år. Nokre av
dei held så menn på med ein bachelorgrad. For ved Babes-
Bolyai-universitetet (BBU) i den transilvanske byen Cluj Napoca
har dei ikkje mindre enn 135 norskstudentar. Korleis kan dette ha
seg? Det er rart kva eitt enkelt menneske kan få i stand.
Professor Sanda Tomescu er sjølv norskfilolog, og gløder
for faget. I 1991 fekk ho oppretta eit norsklektorat ved BBU, med
tolv studentar. Faget vart raskt populært, og lektoratet er
i dag blitt eit skandinavisk institutt, det einaste i Romania, der
ein også kan studere svensk og dansk. Tomescu sjølv
har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen.
– Det er litt slump og mykje hardt
arbeid som har ført oss hit, smiler ho.
– Studentar som tek eit typisk skolespråkfag,
må ta eit anna språk i tillegg. Så synest dei
norsk kan vere eit eksotisk val. Men vi har og lagt mykje arbeid
i å vekkje merksemd rundt faget, både her til lands
og i Noreg, og norske styresmakter stør instituttet vårt
med bokinnkjøp og stipendordningar.
– EI DEMOKRATISK MÅLFORM
For berre femten år sidan var Aust-Europa fullt av unge filologar
som aldri fekk reise til det landet språket dei studerte,
vart snakka. Heller ikkje hadde dei store vona om å få
høyre det frå ein innfødts munn. Det sytte Jernteppet
for. Blant studentane i Cluj er det fleire som har vore på
sommarskule i Oslo eller Bergen. Men for andre er dette det fyrste
– eller det andre – møtet med lys levande nordmenn.
Tomescu fekk nemleg i fjor Utanriksdepartementet til å støtte
eit opplegg med gjesteførelesarar frå NTNU. Dette året
er det litteraturprofessor Steinar Gimnes som har snakka om Vesaas.
Frilansfilolog Breivega har nærmast slengt seg med på
lasset. For stort meir enn ei generell orientering om nynorsk, og
eit valfritt kurs, er det ikkje plass til i norskstudiet i Cluj.
Og norsk målstrid har dei færraste studentane kjennskap
til. Så dei gjer store auge når Breivega tar kortversjonen
av 150 års kamp om folkemålet.
– Men det er då ganske demokratisk
å ha eit skriftspråk som er bygd på dialektar,
er det ikkje? Det er studentane Denisa, Claudia og Crina som spør,
og som sjølve gir svaret: Jau, det trur dei. Litt rart, men
demokratisk.
– Eg lærte ein del nynorsk då
eg var på sommarskule i Noreg, fortel Daria, som er vitskapleg
assistent på instituttet. – Fyrst tenkte eg at dette
var både merkeleg og unødvendig. Men no synest eg det
er ei fin og praktisk ordning de har i Noreg.
ARBEID FOR DEI FLESTE
Kva dei har tenkt å bruke norskfaget sitt til? Å, dei
er ikkje i tvil: Dei vil bli tolkar og oversetjarar. Skandinaviske
selskap etablerer seg med rekordfart i Aust-Europa, og lesande rumenarar
ropar etter oversetjingar av vesteuropeisk litteratur.
– Det er meir arbeid for norskfilologar
i Romania enn ein skulle tru. Mange av mine tidlegare studentar
gjer gode pengar på oversetjing, stadfestar professor Tomescu.
Andre syter for rekrutteringa til studiet. For i byen Cluj, med
330 000 innbyggjarar, har dei norsk som valfag ved to vidaregåande
skuler. Og ikkje langt unna sit åtte rumenskfilologar som
også på sitt sett puslar med det norske. Dei arbeider
ved Institutul de Lingvistica, ein forskingsinstitusjon under det
rumenske vitskapsakademiet. Tidlegare har dei arbeidd saman med
NTNU-professor Arne Halvorsen om ei rumensk-norsk ordbok. No har
dei og han planer om å lage ein rumensk grammatikk saman.
SPRÅKLEG EINFALD
Norskstudiet i Cluj er ikkje eineståande. Alle austeuropeiske
land seiest å ha tilbod om norskstudium på eitt eller
anna nivå. Ved BBU kan studentane velje mellom tjue framandspråk,
ved norske NTNU mellom åtte. For nokre år sidan kunne
ein studere rumensk ved Universitetet i Oslo. Så gjekk professoren
av for aldersgrensa. Nokon ny vart ikkje tilsatt. Samstundes forsvann
nygresk, og no ryk bulgarsk. Enno kan ein studere om lag 30 framandspråk
på høgare nivå i Noreg, men tendensen er avvikling
av tilboda snarare enn auking. Arne Halvorsen finn det merkeleg
at fattige, austeuropeiske land tar seg råd til å halde
seg med undervisning i mest all verdas språk, medan rike Noreg
ikkje gjer det. Også svenske og danske universitet har langt
fleire framandspråk å by på enn dei norske har.
– Noreg lider av framandspråkleg
einfald! Vi synest det er viktig at utlandet får kjennskap
til norsk språk og kultur, men føler tydelegvis ikkje
at kunnskap den andre vegen er noko å investere i, seier Halvorsen.
– Noreg kan sjølvsagt ikkje
kan dekke alle dei større språka som finst i verda.
Men vi treng mange impulsar frå ulike kantar om vi skal oppnå
eit språkleg og kulturelt handlingsrom og ikkje ende opp som
kulturelle leiglendingar.
Av Lisa Olstad
Kontakt: Arne Halvorsen, Institutt for moderne
framandspråk, NTNU
Tlf. 73 59 65 09, e-post: arne.halvorsen@hf.ntnu.no
|