| |
Kva
har ho med fred å gjere?
Kritikken mot å gje Nobels
fredspris til miljøaktivisten. Wangari Maathai har vore uvanleg
sterk.
 |
Wangari Maathai
Foto: Scanpix |
Den 10. desember kjem ein kenyansk botanikar
til Oslo for å ta imot ein av verdas gjevaste prisar: Nobels
fredspris. Mange har stussa over valet av ei som er mest kjend for
treplanting.
– Eg vart svært glad då
eg høyrde at ho fekk prisen. Og eg vart like deprimert då
eg såg kritikken mot tildelinga. Førsteamanuensis Gunilla
A. Olsson fekk oppgåva med å introduserte Wangari Maathai
for NTNU i 1997. Maathai er professor i botanikk ved University
of Nairobi, og deltok på ein konferanse i samband med 8. mars-feiringa
det året. Olsson, som deler fagfelt med kenyanaren, leier
sjølv eit studieprogram for forvaltning av naturressursar,
og kjenner godt arbeidet til fredsprisvinnaren. Wangari Maathai
er den første kvinna frå Afrika som vert æra
med Nobels fredspris. Etter komiteens meining representerer ho eit
døme og ei kjelde til inspirasjon for alle i Afrika som kjempar
for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred. Olsson stadfester
karakteristikken av Maathai som «inspirerande.»
– Personleg opplevde eg henne som utprega
karismatisk. Ho sto fram som både intelligent og humoristisk,
seier Olsson. NTNU-professoren har vanskeleg for å akseptere
kritikken mot tildelinga.
– Maathai arbeider på grasrota,
jobbar nedanifrå, med kvinner på landsbygda. Sånn
sett representerer denne tildelinga eit radikalt brot med hovudtendensen
i fredspristildelingar, som mest går til menn som verkar på
eit overordna plan, seier Olsson.
«MERKELEG»
Det er uvanleg at leiande aktørar i den norske politiske
debatten går så sterkt ut og kritiserer ei tildeling
frå Nobelkomiteen. Men det tok ikkje mange timane frå
tildelinga vart kjent, til dei første kritikarane kom på
banen. Leiar av utanrikskomiteen på Stortinget, Torbjørn
Jagland, meinte såleis at det var lite modig å gje henne
prisen.
– Eg ville trudd at det var viktig
å gje prisen til nokon som kan bety noko for fred i framtida,
sa Jagland – medan Carl I. Hagen karakteriserte tildelinga
som «merkeleg.» Også forskarane slengte seg på.
Espen Barth Eide ved Norsk utanrikspolitisk institutt gav uttrykk
for uro for at Nobelkomiteen nå har sett seg på eit
sidespor, medan direktør Gunnar M. Sørbø ved
Christian Michelsens institutt i Bergen sa at «Nobelkomiteens
formann har en litt misjonerende stil. Det blir veldig mye ’afrikansk
kvinne kjemper mot forørkning’. »
 |
|
Alfred Nobel (1833–1896), dynamittoppfinnaren som ville
tene menneska.
KVA SA NOBEL?
Alfred Nobel etablerte opphavleg fem priser – innanfor
fysikk, kjemi, medisin, litteratur – og for fredsarbeid.
Det norske stortinget fekk til oppgåve å velje
komiteen som skulle stå for utdelinga. I testamentet
skreiv Nobel at fredsprisen måtte gå «…åt
den, som har verkat mest eller bäst för folkens
förbrödrande och afskaffande eller minskning af
ståande arméer samt bildande och spridande af
fredskongresser.»
DETTE SEIER NOBELKOMITEEN:
«Den norske Nobelkomité har bestemt at Nobels
fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar
innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.
Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja
livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen
for å fremje ei økologisk forsvarleg sosial,
økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika.
Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig
utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg
kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt. Maathai
stod i motig strid mot det tidlegare undertrykkande regimet
i Kenya. Hennar unike aksjonsformer verka til å setje
søkjelyset på politisk undertrykking både
nasjonalt og internasjonalt.
Ho vart til inspirasjon for mange i striden for demokratiske
rettar, og særleg oppmuntra ho kvinner til å forbetre
sin situasjon. Maathai kombinerer vitskap, sosialt engasjement
og aktiv politikk. Meir enn berre å verja det miljø
som finst, er det hennar strategi å tryggja og forsterka
grunnlaget for ei berekraftig økologisk utvikling.
Ho grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti
år har mobilisert fattige kvinner til å plante
30 millionar tre. Metodane hennar er tekne i bruk også
i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogsdød
fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange
område i rundt om i verda – også i Europa.
Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak
i strevet for å styrkja livsmiljøet på
vår felles jord.» |
VATN OG KRIG
Å stille retoriske spørsmål av typen «kva
har miljøvern å gjere med fred?» blir feil, synest
Olsson.
– Dette handlar om samanhengen mellom
fred og tilgang til naturressursar. Om du ikkje har naturressursar
som vatn og dyrkbar jord å leve av, vert det vanskelegare
å utvikle demokrati, og med det respekt for grunnleggjande
menneskerettar. Dette er fundament for varig fred, seier ho.
Professoren har sjølv røynsle
frå India, kor tilgang til vatn vart årsak til konflikt.
Også i Midtausten er vatn ein stadig viktigare forklaring
på fiendskap mellom israelarar og palestinarar: Grunnvatnet
er nå så lågt at saltvatn frå Middelhavet
renn inn. Dette har ført til at palestinarar jamt over ikkje
får lov til å bore nye brønnar.
I denne samanhengen er Green Belt Movement,
som Maathai har stifta, eit middel i kampen for å styrke demokrati,
respekt for menneskerettar – og fred, seier Olsson, og viser
til grunngjevinga frå Nobelkomiteen, som skriv at «Ved
opplæring, familieplanlegging, ernæring og kamp mot
korrupsjon legg Green Belt Movement vilkåra til rette for
utvikling nedanfrå. Vi trur Maathai er ei sterk røyst
for dei beste kreftene i Afrika til å fremja fred og gode
livsvilkår på kontinentet. »
– Maathai arbeider for dei fattige,
dei undertrykte, for kvinnene i samfunnet, seier Olsson, og minner
om at Maathai ikkje er den første med biologibakgrunn som
får fredsprisen: I 1970 valde Nobelkomiteen å gje den
til den amerikanske genetikaren Norman Borlaug for hans arbeid med
foredling av mais og kveite. Olsson får støtte frå
professor Helge Brattebø ved Institutt for vatn- og miljøteknikk.
Også han ser på Maathais arbeid som konfliktdempande.
– Utarming av ressursgrunnlaget fører
uvilkårleg til dårlegare levekår over lengre tid,
noko som igjen venteleg verkar konfliktskapande, seier professor
Brattebø.
FRED = FRÅVER AV KRIG?
Gunilla Olsson meiner kritikken av tildelinga til Maathai aktualiserer
behovet for ein ny diskusjon om kva ein eigentleg legg i omgrepet
«fred».
– Er fred det same som fråver
av væpna konflikt? Eller inneber det også at folk har
høve til å leve anstendige liv, til å få
grunnleggjande behov tilfredsstilt, at ressursane er nokolunde rett
fordelt? Har fred å gjere med fridom frå fattigdom?
Fridom frå svolt og undertrykking er basis for demokratisk
utvikling, som igjen er fundament for varig fred, meiner ho. Ein
av dei som har ytra seg kritisk til denne tildelinga, er Nils P.
Gleditsch, professor II ved NTNU og seniorforskar ved Fredsforskingsinstituttet.
Han åtvarar mot at omgrepet «fred» vert utvida
til å gjelde alle faktorar som utgjer eit trugsmål mot
menneskes liv og helse, og ikkje berre fråver av krig:
– Då glir ein i retning av ein
type argumentasjon som går ut på at «alt heng
saman med alt». Vert tryggingsomgrepet utvida så mykje
at det gjeld for alle moglege gode saker, kan ordet fort tape innhald,
er Gleditsch’ oppfatning.
– Dersom kampen mot fattigdom, epidemiar
og naturkatastrofar skal kvalifisere for fredsprisen, representerer
denne tildelinga ein radikal omdefinering av innhaldet i prisen,
seier han. Dette er professor Brattebø usamd i:
– Nobelkomiteens forståing av
kva som er fredsskapande arbeid, har blitt utvida dei siste tiåra.
Korkje Rigoberta Menchu, Aung San Suu Kyi, Shirin Ebadi eller organisasjonen
Legar utan grenser fekk prisen for fredsskapande arbeid i streng
forstand. Dei fekk den for arbeid for menneskerettar, demokrati
og betre humanitære tilhøve. Innsats for å sikre
det økologiske resursgrunnlaget må sjåast på
som ei vidareføring av denne linja.
MÅ KLARGJERE
Både Olsson og Brattebø argumenterer med ressursmangel,
som til dømes mangel på vatn, som ein viktig forklaring
på konflikt og ufred. Dette stiller Gleditsch seg kritisk
til.
– Spekulasjonar om «vatnkrigar»
med atomvåpen og endetidsvarsel gjer seg bra i media, men
er ikkje særleg godt fundert. Dersom mangel på ressursar
som matjord, ferskvatn og skog fører til krig, skulle ein
vente at land med slik mangel oftare er utsett for krig enn land
med overflod. Men forskinga gjev inga sterk støtte til slike
synspunkt, slår Gleditsch fast. Fredsforskarane har også
kjørt statistiske analysar omkring borgarkrig og ressursar.
Her har dei funne at land som opplever sterk vekst i befolkninga,
eller har mange innbyggjarar innafor eit lite areal, ikkje opplever
auka sjanse for at det skal bryte ut borgarkrig, samanlikna med
land med lågt press på jordbruksressursane. På
eitt vesentleg punkt kjem Gleditsch Olsson og Brattebø i
møte.
– Kan hende er Maathais innsats for
menneskerettar og demokrati i Kenya eit viktigare fredsbidrag enn
treplanting. Utfordringa for Nobelkomiteen blir då å
gjere klart kva for fredsteori ein eigentleg byggjer på.
Av Tore Oksholen
Kontakt: Gunilla A. Olsson, Institutt for
biologi, NTNU
Tlf. 73 59 60 74, E-post: gunilla.olsson@bio.ntnu.no
| Fredsprisar
til kvinner: |
|
|
1905: Bertha Sophie Felicita von
Suttner, Austerrike, ærespresident for Det
internasjonale fredsbyrået. Forfattar av boka «Ned
med våpnene».
1931: Jane Addams, USA, sosiolog. Internasjonal
president for Den internasjonale kvinneliga for fred og fridom.
Ho delte prisen med Nicholas M. Butler.
1946: Emily Greene Balch, USA, professor
i historie og sosiologi. Internasjonal president for Den internasjonale
kvinneliga for fred og fridom. Ho delte prisen med John R.
Mott.
1977: Betty Williams og Mairead Corrigan,
begge Nord-Irland. Stiftarar av den nordirske fredsrørsla.
1979: Mor Teresa, India. Leiar for Misjon
for nestekjærleik.
1982: Alva Myrdal, Sverige, tidlegare statsråd,
diplomat og representant ved FNs nedrustningsforhandlingar.
Ho delte prisen med Alfonso García Robles.
1991: Aung San Suu Kyi, Burma, opposisjonsleiar,
menneskerettsforkjempar. |
1992:
Rigoberta Menchú Tum, Guatemala, menneskerettsforkjempar,
særleg oppteken av urfolkets rettar.
1997: International Campaign
to Ban Landmines (ICBL), og Jody Williams, USA.
2003: Shirin Ebadi,
Iran, for hennar innsats for demokrati og menneskerettar,
særleg rettar for kvinner og barn, i Iran og den muslimske
verda generelt.
Fredsprisvinnarar frå
afrika:
1961: Albert John Luthuli,
Sør-Afrika, president for Den sørafrikanske
frigjeringsrørsla ANC.
1984: Desmond Mpilo Tutu,
Sør-Afrika, biskop, tidlegare leiar av Sør-Afrikas
kyrkjeråd.
1993: Nelson Mandela, og Frederik
Willem de Klerk, begge Sør-Afrika. |
|
|