| |
Mobilen
gjer deg varm om øyra
Det er plastens varmeisolerande
effekt som gjer øyret ditt varmt, ikkje strålinga.
 |
VARMEAUKE:
Modellen syner korleis temperaturen stig når ein avslått
mobiltelefon vert heldt mot øyret i 30 minutt.
Kilde: Gunnhild Oftedal |
KVA FOR SAMANHENG ER DET mellom bruk av
mobiltelefon og hovudplager?
Er det mobilens skyld om du kjenner deg varm eller kvalm, om du
har hovudverk, eller om du får kreftsvulst på hjernen?
Ei undersøking viser nå at bruk av mobiltelefon faktisk
fører til lokal oppvarming i og omkring det øyret
som er i kontakt med apparatet. Men samanhengen er kan hende ikkje
akkurat slik ein skulle tru.
1,6 GRADER OPP – MEN KVIFOR?
Førsteamanuensis Gunnhild Oftedal ved Høgskolen i
Sør-Trøndelag har tidlegare gjort ei spørjeundersøking
i Noreg og Sverige, der ho spurde 12 000 personar om dei har opplevd
plagar ved bruk av mobiltelefon. 23 prosent av nordmennene og 8,7
prosent av svenskane svarte ja. Blant plagene var varmekjensle den
vanlegaste.
Saman med professor Anders Johnsson og stipendiat Aksel Straume
ved NTNU har Oftedal nå gjort ein ny laboratoriestudie, basert
på Straume sitt doktorgradsarbeid: Dei undersøkte om
mobilbruk fører til oppvarming, og kva som eventuelt fører
til oppvarminga. Dei let ein frisk, ung mann sitje med mobilen mot
øyret i ein halv time. Det viste seg då at temperaturen
rundt øyret steig med 1,6 grader celsius.
Dermed skulle ein tru at det nå var bevist at strålinga
frå mobiltelefonen fører til oppvarming? Svaret er
nei. Fordi: Telefonen var avslått og utan straum. Deretter
vart forsøket gjenteke med ein telefon som var slått
på, men manipulert slik at antenna verken sendte eller mottok
signal, Då auka temperaturen med ytterligare 0,6-0,7 grader.
Til slutt fekk forsøkspersonen ein telefon som både
var slått på og hadde aktiv antenne som sendte signal.
Denne varianten gav ikkje ytterlegare temperaturauke som var mogleg
å registrere.
– Dette tyder på at det er den varmeisolerande effekten
av å halde eit stykke plast opp mot øyret over ei viss
tid, som gir det meste av varmeeffekten, seier Oftedal. Med andre
ord: Kva for helst av plastdingsar i liknande format ville gitt
same verknaden. Når temperaturen auka meir etter at telefonen
vart slått på, hadde det å gjere med at straumen
frå batteriet gav ekstra varme til plasten.
KOKER HOVUDET?
Når forskarane snakkar om moglege helseskadar ved mobilbruk,
deler dei dette inn i termisk og ikkje-termisk effekt. Termisk effekt
dreier seg om biologiske effektar som skuldast temperaturauke i
kroppsvev, og at årsaka til oppvarminga må være
elektromagnetiske felt. Slik oppvarming på over 1 grad celsius
kan gi helseskadar. Til dømes er det dokumentert at ein temperaturauke
på 1-2 grader i auget kan gi skader på auget. Ikkje-termisk
effekt er når den elektromagnetiske strålinga påverkar
oss på andre måtar enn ved oppvarming. Ein ting er at
aktiv mobiltelefonering fører til oppvarming i hovudet. Ein
annan ting er om denne oppvarminga er helsefarleg. Skader på
auget er nemnt. Meir diffuse plager som hovudverk er også
framme som ein mogleg verknad av mobilbruk. Men treng det skuldast
oppvarming åleine? Det kan vere at den elektromagnetiske strålinga
frå mobiltelefonar påverkar oss på andre måtar
enn ved oppvarming. Oftedal understrekar at her er forskarane på
gyngande grunn. Dei veit lite om kva for årsaksmekanismar
som eventuelt er involvert. Likevel vil dei ikkje sjå bort
frå at slike svake elektromagnetiske felt som ein mobiltelefon
gir, kan vere årsak til helseplager.
MOBIL OG HOVUDVERK
Derfor er desse forskarane i ferd med å sette i gang ei ny
undersøking. No vil dei sjå om dei kan påvise
samanheng mellom den elektromagnetiske strålinga frå
mobiltelefonen og hovudverk. Planen er å annonsere etter forsøkspersonar
som sjølve meiner å ha kjent at mobilbruk fører
til vondt i hovudet.
– Deltakarane vil bli sett i to ulike situasjonar: ein der
dei vert eksponert for elektromagnetiske felt lik dei ein får
av mobiltelefon, og ein situasjon utan slik stråling. Undersøkinga
vil gå som eit såkalla dobbelt blindforsøk –
det vil seie at korkje forsøksperson eller forskar veit når
dei vert eksponert. Slik reknar vi med å få vitskapleg
haldbare data, seier Gunnhild Oftedal.
Tekst av: Tore Oksholen
Kontakt: Gunnhild Oftedal, Høgskulen i
Sør-Trøndelag/NTNU. Tlf: 73 55 94 46,
e-post: Gunnhild.Oftedal@aft.hist.no
|