| |
Men er
dette litteratur da?
Det handlar om vår eksistens. Om kva som er
og ikkje er. Det dreier seg om kva vi trur på, håper
på, om våre ideal. Det er science fiction.
 |
| Illustrasjon:
Ole Kristian Øye |
Den som har teke seg tid til å vandre
omkring i ein gjennomsnitts norsk universitetsbokhandel, vil sjå
at hyllene merka Science Fiction (SF for dei innvigde) og Fantasy
er meir velassorterte her enn i dei fleste vanlege bokhandlar. Her
finn vi klassikarar som Henlein og Asimov, Clarke og Aldiss. Dei
skriv om galaktiske imperium, om tidsparadoks, om maskiner som tenker,
og om fryktelege diktatorar. SF er populær hyllevare bland
akademikarar. Men er det litteratur? Her strides både dei
lærde og dei ikkje fullt så lærde.
STAR WARS IKKJE SF
For den som fekk Obi Van Kenobi og lasersverda hans inn med morsmjølka
(og vart grundig avvend på vegen), kjem dette kan hende som
eit sjokk: Star Wars er ikkje science fiction. Ikkje eigentleg.
Doris Lessing skriv i føreordet til science fiction- romanen
sin, Shikasta, om pripne vaktarar av den litterære kanon;
om deira nedlatande haldning til hennar lefling med SFsjangeren.
Sjølv valde forfattaren å omdøype den til «Space
Fiction» fordi ho meinte det hadde meir med verdsrommet enn
med vitskap å gjere. Det hjelpte ikkje. Litteraturfundamentalistar
let seg ikkje lure. Lessing skreiv SF-romanane sine samstundes med
at Spielberg og Lucas kom med dei første to Star Wars-filmane.
At Star Wars eigentleg var cowboy og indianar-filmar flytta ut i
verdsrommet, var vanskeleg, for ikkje å seie uråd, å
kommunisere til SF-skeptikarane. Slike filmar er venteleg ei viktig
forklaring på kvifor mange etablerte forfattarar kvir seg
for å la seg bli assosiert med denne sjangeren. Science fiction
er og blir kiosklitteratur. Nokre tek likevel sjansen – som
Margaret Atwood, nå sist med Oryx og Crake, og Marge Piercy
med En fantastisk mann.
LITTERATURVITAREN: – SF ER
IDÉLITTERATUR
Knut Ove Eliassen er professor i litteratur ved NTNU og dermed per
definisjon trufast vaktar av den litterære kanon – dei
udiskutable meisterverka. Men professor Eliassen har ingen kvalar
med å vedkjenne seg si interesse for sjangeren.
– Med idélitteratur meiner eg at ein nyttar fortellargrepet
til å teste ut ein idé: Kva om det og- det var mogleg,
kva ville skjedd då? Kva om menneske og maskin vart eitt;
kva om vi kunne krype gjennom svarte hol; kva om telepati er mogleg.
Kva skjer då? Her kan ein spekulere fram ulike scenario, forskjellige
ting som kan skje, seier professor Eliassen.
– Men er det litteratur?
– Eg meiner at SF som idélitteratur fell utanfor det
tradisjonelle litteraturomgrepet. Dette vert meir som vitskapsjournalistikk
forkledd som forteljingar, seier Eliassen. Litteratur handlar om
å utfordre form – om å eksperimentere med kva
som er mogleg å uttrykke gjennom språket. Det er dette
dei store meistrane gjer, seier han: James Joyces Ulysses gjer det,
Paul Celáns Dødsfuge òg. Slikt er ikkje SF-sjangerens
greie, meiner Eliassen. Derfor vil han helst ekskludere Lessing
& co. frå sjangeren.
– Unnatak finst, men dei er få, seier Eliassen. Eitt
glitrande unnatak er novella Flowers for Algernon av Daniel Keyes.
– Mange trur at SF handlar om å spå om framtida?
– Det er feil. SF handlar om samtida vår, om kva vi
trur på og håper på, om våre idear. Orwells
1984 er eit instruktivt døme på det: Orwell skreiv
romanen i 1948 og bytta om på dei to siste sifra, seier professor
Eliassen, som har eit greitt svar på kven som fann opp sjangeren:
– Det var han som fann opp omgrepet science fiction: Hugo
Greensback.
HUMANISTEN: – LIKAR DET UVENTA
Sissel Lie er prodekanus ved Det historisk-filosofiske fakultetet
og professor i fransk. Ho lærte seg engelsk som tenåring,
gjennom å lese science fiction. – Eg har aldri hatt
så stor interesse for krim, det vert for oppskriftsmessig.
Eg likar det leikande, det uventa i SF-sjangeren, seier professor
Lie, som samstundes markerer avstand til fantasy-sjangeren, som
ho meiner er ein mykje flatare og eindimensjonal type historieforteljing.
– Men ein svært god ting med både fantasy og SF
er at dei appellerer til gutar og unge menn, får dei til å
lese: Mange går etter kvart over til meir generell litteratur.
Dette er bra. Professor Lie har førelest om SF for studentane
sine. – Eg nærma meg tekstane som alle andre litterære
tekstar, seier ho. – Finst det «ordentlig» litteratur
innanfor sjangeren? – Det kan vel hende. Men då er ikkje
dette med sjanger så viktig: Då er det berre god litteratur,
god historieforteljing. Les du ei god historie, bryr du deg ikkje
om sjanger.
FORFATTAREN: – SF ER VITSKAPSKRITIKK
– Medan annan litteratur er skriven slik at folk skal kunne
kjenne seg att og få stadfesta kva dei meiner frå før,
fører science fiction lesaren inn i heilt nye og uvante problemstillingar.
Stygt sagt kan vi si at medan ein vanlig roman er ein slags sutteklut,
så gir god science fiction lesaren ei utfordring. Det seier
SF-forfattar Tor Åge Bringsværd. Han meiner at SF er
den einaste vitskapskritiske litteratur vi har. – I det legg
eg at science fiction er den einaste litteratur vi har, som drøftar
kva for moglegheiter – og grøftekantar – dagens
forsking gir oss. Moderne vitskap endrar samfunnet, og den endrar
kvardagen til vanlege mennesker heilt ned på detaljplanet.
Likevel har eg til gode å sjå dette synleggjort i dei
kommersielle bokklubb-bøkene. Det finst framleis langt fleire
traktorar enn pc-ar i norske romanar! – SF er også den
mest samfunnskritiske litteraturforma. Det er den einaste litteraturforma
som bryr seg om hypotetiske spørsmål, som etter mi
meining er dei mest vesentlege spørsmåla ein kan stille.
Politikarar nektar som regel å svare på slikt. –
Eg saknar evna til kritisk tenking slik at vi også kan åtvare
kvarandre når vi aner at vi er på veg inn i ei blindgate,
seier Tor Åge Bringsværd.
Tekst: Tore Oksholen
Kontakt: Knut Ove Eliassen, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap,
NTNU
Tlf. 73 59 64 18, e-post: knut.eliassen@hf.ntnu.no
|