| |
A
nation apart
Demokratar og republikanarar i USA glir lenger frå
kvarandre.
Sørstatsamerikanar ved NTNU: – Det byrja med borgarkrigen.
Den intense motviljen mot den nåverande president Bush viser
seg på så ymse vis. Til og med i ein skrekkroman, som
ikkje har noko med politikk å gjere, skimtar vi sinnet: I
sin siste grøssar «From a Buick 8» refererer
Stephen King til president George W. Bush og visepresident Dick
Cheney som «The Florida Presidency».
Den nedsettande nemninga refererer til det skandaløse rotet
omkring oppteljinga av stemmer under presidentvalet i 2000. Delstaten
Florida, som vert kontrollert av guvernør Jeb Bush (George
W. sin veslebror), godkjente resultatet av ei oppteljing som gav
fleirtalet til Bush, jamvel om demokratanes kandidat Al Gore fekk
flest stemmer.
 |
Ikkje
eingong ketsjupen slipp
unna politikk. W-ketsjup blir lansert som det patriotiske
alternativet til Heinz, under slagordet «You don’t
support Democrats. Why should your ketchup?»
Presidentkandidat John Kerry er nemleg gift med ketsjup-arvingen
Teresa Heinz.
Foto: Scanpix |
NYKONSERVATISME
Med rekordlåg valdeltaking (så vidt over femti prosent)
og uklart mandat (Gore fekk fleire faktiske stemmer) skulle ein
tru at Bush d. y. ville velje ein forsonande presidentstil. Det
motsette skjedde. – George Walker Bush representerer ein ny
form for republikansk konservatisme, seier David C. Mauk ved NTNU.
Han er førsteamanuensis i amerikansk kulturkunnskap ved NTNU.
Mauk har skrive boka «American Civilization – an introduction»
saman med NTNU-er John Oakland. – I motsetning til faren,
den førre president George Bush, som førte ein tradisjonell
republikansk politikk basert på motstand mot eit sterkt og
omfattande statsapparat, satsar junior på «big government»
for å få gjennomført sin høgreradikale
agenda, seier Mauk.
EIN LIBERAL TRADISJON
Samstundes eksisterer ein sterk liberal tradisjon i USA. Den har
sine røter i nord og i dei store byene. Men den demografiske
utviklinga gjer at det sosialt konservative sør veks i folketal.
Derfor er det lenge sidan nokon frå det nordlege USA har vunne
presidentvalet. Clinton kjem frå Arkansas, Carter frå
Georgia. Av republikanarane kjem Bush senior og junior frå
Texas medan Reagan var guvernør i California før han
vart president. Situasjonen i USA før haustens presidentval
er altså denne: Det politisk/sosiale høgre veks, og
under George W. går det lenger mot høgre. Medan dei
liberale står att ein eller annan stad til venstre for sentrum.
FIENDSKAP FRÅ STARTEN
– Fiendskapen og dei bitre motsetnadane vi ser nå, har
djupe røter. Denne splittinga i nasjonen var der heilt frå
då den vart oppretta. Slik sett var den amerikanske borgarkrigen
den endelege erkjenninga av at det ikkje var mogleg å forlike
dei splitta partane. Krigen enda med at nordstatane vann og slaveriet
vart oppheva, men todelinga varte ved. Den kalde krigen gjorde at
nasjonen såg ut til å vere sameint, men det var på
overflata. Så snart den kalde krigen tok slutt, kom dei gamle
motsetnadane til overflata att. Det nye er eit nytt og meir respektabelt
språk: Nå talar ein om konservative familieverdiar.
For sjølv om det framleis finst mange rasistar i USA, representerer
rasisme enno ikkje akseptable haldningar, seier førsteamanuensis
Jennifer Bailey ved NTNU.
FORRÆDARAR
– Dei bitre motsetnadane vart fyrt opp på nytt under
vietnamkrigen, som mange enno meiner USA tapte på grunn av
«det liberale forrædariet» mot soldatane i felten.
Denne linja kan førast fram til krigen som framleis går
føre seg i Irak. For mange er dette ein revansj for Vietnam,
eit prov på at USA kan vinne slike krigar, berre ein vil.
Jennifer Bailey har sjølv røtene sine i sørstatane
– familien kjem frå Virginia og North Carolina, og faren
hennar er yrkesmilitær. Han tok dottera si med rundt på
stadene kor dei store slaga i borgarkrigen utspelte seg. Historia
lever. – Men trass i alt dette har vi hatt ein nasjonal konsensus
om å byggje bru over motsetnadane i styret av landet og ta
politisk omsyn til den andre part. Vi har hatt ein felles kjensle
av å høyre til ein nasjon. Dette bryr ikkje dei nye
republikanarane omkring Bush seg om lenger, meiner Bailey.
SAMFUNNET FINST IKKJE
Mauk meiner George W. leiar ein type konservativ politikk som liknar
på Storbritannia under Margareth Thatcher. Det var ho som
uttalte orda «There is no such thing as society» –
samfunnet er uinteressant, det er familien og slekta som tel, som
syter for kvarandre. Både Mauk og Bailey viser til George
W.s innanrikspolitiske agenda, som kan vere vanskeleg å få
auge på for utlendingar som er mest oppteken av krigen i Irak:
utdanning og trygder. Bush junior ønskjer å privatisere
delar av det offentlege pensjonssystemet. Dette kan få store
konsekvensar for amerikanarane om det vert gjennomført. Det
andre viktige tiltaket er den store utdanningsreforma, med namnet
«No Child left Behind» . omfattande reform ned over
hovuda på delstatane, noko som var uhøyrt for tradisjonelle
republikanarar, seier Mauk. – Reforma gjer det mogleg for
foreldre som er misnøgd med den offentlege skulen, å
flytte ungane over i private (religiøse) skular – og
dei offentlege pengane følgjer eleven. Slik vil delstatar
bli tvungne til å finansiere «home schooling»
enten dei vil eller ikkje.
MEST ORD
Historikar Tore Tingvold Petersen ved NTNU har utanrikspolitikken
til USA som sitt spesiale. Han åtvarar mot å legge for
stor vekt på den harde ordkrigen som utspelar seg mellom republikanarar
og demokratar. – Denne ordkrigen er mykje akkurat det –
ord. George W. fører eit anna språk, ein annan retorikk,
men amerikansk utanrikspolitikk er til dømes stort sett lik
under demokratar og republikanarar. Om du ser på valet nå,
så støttar til dømes John Kerry Irak-krigen,
jamvel om han ville ha gjort det på litt anna vis, seier Petersen,
og minner om at også demokratiske presidentar har vore villige
til å bruke mykje pengar på militær oppbygging.
– Ein snakkar om at Ronald Reagan gjennomførte ei gigantisk
opprusting. Men ikkje mange er merksam på at det var det siste
budsjettet til Jimmy Carter som sette i gang den auka pengebruken
på forsvaret, seier Petersen.
TO NASJONAR?
Men Petersen er samd med Bailey og Mauk i at Bush tek USA til høgre
når det gjeld sosialpolitikk – og i religiøse
og moralske spørsmål som går på abort,
homofili og religion i skulen. I skrivande stund er det heilt ope
kven som vinn valet – Bush eller Kerry. Men Bailey er ikkje
i tvil om at den politisk-kulturelle avstanden mellom republikanarar
og demokratar vil auke, uavhengig av kven som vinn. – Noko
av det som uroar meg mest, er den nemnde tendensen til at folk trekker
ungane sine vekk frå offentleg skule, seier ho. Ho trur likevel
ikkje at det er fare for at USA vert delt i to nasjonar. –
Det er inga aktuell problemstilling i dag og heller ikkje på
lang tid. Det er heller ikkje slik at folk er busett ut frå
kor ein høyrer til politisk, kulturelt og sosialt. Men ein
ser faktisk at folk i aukande grad flytter til område kor
dei kjenner seg heime, også politisk, til dømes konservative
som flyttar til konsevative bustadsområde, seier Jennifer
Bailey.
Tekst av: Tore Oksholen
Kontakt: Jennifer Bailey, Institutt for sosiologi og statsvitskap,
NTNU
Tlf. 73 59 81 52, e-post: jennifer.bailey@svt.ntnu.no
|