| |
Stålmannen
«Vi kan gjere lettmetall
sterkt som superstål og formbart som mjukt bly. Dette er noko
Noreg som nasjon kan leve av».
 |
Hans
Jørgen Roven(46) lover ein ny industriell revolusjon-om
industrien vil.
Foto: Rune Petter Ness |
VI HAR HØYRT DET mange gonger: Det
står dårleg til med norsk industri. Lønene er
for høge, elevar og studentar på alle nivå les
for lite. Forskarane er for dårlege eller dei forskar på
ting industrien ikkje har nytte av. Men så tenner nokon eit
lite lys. Ei ekspertgruppe fekk for ei tid tilbake i oppgåve
av Forskingsrådet å vurdere mellom anna den vitskaplege
kvaliteten på forskinga som skjer i norske ingeniørfag.
NTNU var, naturleg nok, tungt representert.
Resultatet?
Dei 33 evaluerte gruppene fekk ein gjennomsnittskarakter klart over
middels (good). Kvar tredje gruppe – 11 i alt – fekk
karakteren «svært god» eller betre.
Av desse igjen fekk seks karakteren «eksellent» eller
«nesten eksellent. » Professor Hans J. Roven er med
i ei av dei eksellente gruppene, fysikalsk metallurgi ved Institutt
for materialteknologi ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Mange miljø skulle gjerne fått den karakteren de fekk.
Kva er løyndomen?
– Reint bortsett frå svært dyktige og visjonære
medarbeidarar, eit godt kollegialt miljø og gode rammevilkår?
Det kan vere så mykje. Ein ting som eg vil trekke fram, er
at vi har hatt ein strategi på å søke kontakt
med dei beste på kvart felt. Når vi til dømes
gjekk inn på det som har å gjere med nanostrukturering
av kommersielle legeringar, oppretta vi fagleg kontakt med den leiande
på feltet, slik fekk vi ein flying start. Her føler
eg at vi har lukkast bra.
Så de forskar altså på «nanostrukturering
av kommersielle legeringar» Kva er det?
– Emnet er neste generasjons lettmetall, eit viktig forskingsfelt
for oss. Det handlar om å lage så fine krystallittar
som mogleg. Alle metall er bygd opp av små korn – krystallittar
– som vi prøver å gjere så små som
råd er. Forskinga på dette har vakse med enorm fart
det siste tiåret. Gjennom å endre på strukturane
på nanonivå vonar vi å kunne framstille legeringar
som er supersterke og som er superraske å forme. I dag er
det slik at skal du forme ei kompleks form av metall, til bruk i
til dømes fly eller bilar, kan det ta timar å få
gjort. Dersom ein får til å gjere metalla ekstremt formbare,
kan dette gjerast i løpet av få minutt eller mindre.
Dersom slike legeringar blir to til fire gonger så sterke,
eller formingsprosessane blir hundre til tusen gangar raskare, talar
vi i realiteten om ein industriell revolusjon.
Kva meiner du?
Sivilisasjonane har til alle tider vore på leit etter nye
metall eller metallegeringar. Det er derfor ein talar om bronsealderen,
jernalderen osb. Då det vart mulig å starte storskala
produksjon av aluminium, vart verknadene enorme, til dømes
for luftfarten. Med desse nanoteknikkane kan vi gjere ulikt lettmetall
sterkt som superstål og formbart som mjukt bly. Dette er noko
Noreg som nasjon kan leve av.
Dersom norsk industri får ut fingeren…
Norsk industri er svært tradisjonsbunden, men det finst personar
som evnar å tenke nytt, til å vere visjonære og
kraftfulle. Du finn dei mellom anna i Norsk Hydro. Eg trur det er
særs viktig å fange opp slikt potensial vi kan by på:
Vi kan ikkje i dag konkurrere med Kina på løner i noko
fall, men vi kan endre på produkt og produksjonsmåtar
slik at timelønningane får mindre å seie. Industrileiarane
må vere vakne på kva som går føre seg internasjonalt,
og på kva som ein kan hente nasjonalt – til dømes
hos oss.
Men konkret, Roven – kor lang tid tar det å
utvikle desse metodane, og kva kan ein lage?
– Ein starta å forske på nanostrukturering for
om lag ti år sidan. Nå går publiseringsraten rett
til himmels. Eg vil tru at forskarane i feltet vil få fram
dokumentasjon på at dette lar seg gjere i løpet av
dei neste 3-5 åra. Ti år fram i tida bør det
vere mogleg å tenke på å starte produksjon. Då
vil konsekvensane vere mange, og store: Du kan til dømes
lage hydrogenbilar, kor hydrogentankane består av slanke strukturar
i metall, og kor drivstoffet finst i krystalittform integrert i
fast materiale. Det meste er mogleg.
Tekst av: Tore Oksholen
|