| |
Skråsignal – meir olje
 |
| NY
METODE: Lydsignal sendt meir på skrå ned i vatnet,
vil avdekkje om havbotn av harde bergartar inneheld olje eller ikkje. Foto: Arvid Steen |
Av Tore Oksholen
Olje som ligg i harde bergartar under havbotnen, er vond å finne.
Ein ny leitemetode kan gje store gevinstar.
Over halvparten av verdas oljereservoar ligg i karbonat. Det er ein
hard bergart, og det kan vere vanskeleg å vite om karbonatet inneheld
olje eller berre vatn. No har eit forskarteam med professor Martin Landrø
i spissen vidareutvikla ein metode som kan løyse dette problemet.
SLEPP Å BORE I BLINDE
Metoden er i seg sjølv ikkje ny. Den kallast «repeterande
seismikk » og kartlegg geologiske strukturar under havbotnen ved
hjelp av lydbølgjar. Seismikken lagar bilete av reservoara, både
for å finne ut kor mykje olje som finst der, og – under utvinninga
– for å sjå kor mykje vatn som renn inn. Repeterande
seismikk har fungert svært bra på reservoar i sandstein. Statoil
har teke metoden i bruk på sytti prosent av felta sine i Nordsjøen,
og Norsk Hydro ligg ikkje langt etter. Oljeborarane ser kor dei har tømt
lagra, og kor det er meir att. Dermed slepp dei å bore i blinde.
Statoil stipulerer fortenesta metoden byr på, til å vere på
om lag fem milliardar kroner.
MILLIARDGEVINST
Fram til nå har ikkje metoden fungert på karbonat. Dette er
ein mykje hardare bergart, og det har ikkje vore mogleg å lese skilnaden
i signalrefleksen mellom karbonat med olje og karbonat med vatn. Men nå
har Landrø, saman med forskar Anh Kiet Nguyen frå SINTEF
Petroleumsforsking og stipendiat Hossein Mehdizadeh frå NTNU, funne
ein ny variant av metoden. Kort fortalt går den ut på å
sende lydsignalet meir på skrå ned i vatnet, og leite seg
fram til det punktet der heile signalet vert slått vekk: Signalet
«sklir» langsetter havbotnen – på toppen av laget
der olja ligg – og går så oppover mot overflata att.
Poenget er at oljehaldig og vatnhaldig karbonat slår signalet attende
på ulike punkt, og denne skilnaden er forventa å vere målbar.
– Dersom vi lukkast med den nye metoden, er det rimeleg å
tru at gevinsten ligg langt over dei fem milliardane Statoil sparar alt
i dag, seier Landrø. Metoden skal presenterast på ein internasjonal
konferanse i USA i oktober.
Av Tore Oksholen
* Kontakt ved NTNU:Martin Landrø, Institutt for petroleumsteknologi
og anvendt geofysikk, NTNU
Tlf: 73 59 49 73, e-post: mlan@ipt.ntnu.no
|
|