![]() |
|
SISTE NUMMER
|
KIKKHULLET
|
SØK
|
||||||||||||||||||||||||
|
Fugleinfluensa: Poker med grisen som joker
Ender og høns har fått hovudrollene i historia om farlige virus frå Asia. Men grisen kan være den største skurken. Kvar vinter kjem influensavirus av ulike slag luskande og sett oss ut av spel. Dei bitte små inntrengarane skvisar seg inn i cellene våre, der dei setter i gang massiv kopiering av seg sjølve, og dreper vertscella. Heldigvis har kroppen vår eit effektivt forsvarssystem mot mange av desse angrepa, og heldigvis er ikkje alle virustypar i utgangspunktet i stand til å true oss menneske. Dette gjelder for eksempel fugleviruset som har herja Asia i år. Grunnen er at det på overflata av eit virus finst eit slags festeapparat som må passe med reseptorar på cellemembranen hos mennesket, akkurat som ein nøkkel i eit nøkkelhol. Det er stort sett umulig for nøkkelen i fugleviruset å låse seg inn i våre celler. Men plutselig kan viruset mystisk nok finne ei menneskecelle kor nøkkelen passer, og det første hinderet inn i verda vår er overvunne. Mye skal likevel til før eit fuglevirus klarer å spreie
seg mellom menneske og starte eit verdsomfattande utbrot. Det ekspertane
fryktar mest, er at ein person som er smitta av fugleinfluensaen, samtidig
blir smitta av eit vanlig menneskeinfluensavirus. Resultatet kan i verste
fall bli ein ny undertype av viruset, med dei sjukdomsframkallande eigenskapane
til fugleinfluensaviruset og smitteeigenskapane til eit vanlig influensavirus.
Men ennå er det så ulikt menneskevirus at våre antistoff
ikkje kjenner det igjen og dermed slepper det gjennom forsvaret. Tekst: Elin Fugelsnes Vitskapelig rådgivar: Are Dalen, Institutt for
|
|
||||||||||||||||||||||||
Fugleinfluensa: Poker
med grisen som joker

Illustrasjon: Kolbjørn Skarpnes og Even
Gran (web)