| Forskerintervjuet:
Valdebutanten
 |
Toril Aalberg tror aldri Carl I. Hagen vil bli
statsminister
Foto: Rune Petter Ness |
Av Tore Oksholen
Vi er midt oppe i kommunevalet. Landet over skjelv ordførarane
for kjedene sine – og i Trondheim kommenterar dr.polit. Toril Aalberg
valkampen på TV for NRK Midtnytt. Valet i haust er eit lokalval.
Men sidan vi nå har med ein valforskar å gjere, nyttar vi
høvet til å spørje om noko vi har lurt på lenge,
nemleg:
Når blir Carl I. Hagen statsminister?
– Eg trur vel aldri han blir det. Sjølv om han har rydda
opp i partiet sitt det siste året, er han likevel for ekstrem i
meiningane sine.
Men når Anders Fogh Rasmussen kan bli det i Danmark, og Hagen
jobbar med å gjere både partiet og seg sjølv stuereine
– er det ikkje då ein reell sjanse for at han vinn neste stortingsval?
– Fogh Rasmussen representerer det liberale partiet Venstre, som
har vore eit av Danmarks fire største parti sidan 1945. At han
i 2001 blei valets vinnar, var mykje på grunn av si anti-innvandrings-haldning
og fokus på lov og orden. Men partiet kan likevel ikkje samanliknast
med det norske Framstegspartiet. Det danske valet i 2001 blei halde eit
par månader etter 11. september, noko som sikkert kan forklare kvifor
innvandringspolitikk fekk dominere valkampen. Men Hagen kan kome
til å gjere det svært godt dersom innvandringspolitikk blir
viktigaste sak føre neste stortingsval.
Rikspolitikken spelar ei viktig rolle også i lokalval. Trur
du regjeringspartia kjem ut som vinnarar?
– Nei. Hovudgrunnen er ein utstrakt regjeringsslitasje, som vi
ser har utvikla seg. Slik sett er det lettare å vere i opposisjon.
Samstundes har det vore slik i ei årrekkje nå at Høgre
gjer det godt i lokalval.
MINI-CV:
- Dr.polit. i statsvitskap
- Post doc.-stipendiat ved Institutt for
sosiologi og statsvitskap, NTNU
- Aktuell som: Valkommentator på
NRK
|
Den reelle politiske makta vert i aukande grad flytta, dels over til
næringslivet, dels til overnasjonale organ Får val etter kvart
mindre å seie?
Nei, val er framleis viktig, jamvel om politikarane sjølvsagt
ikkje er allmektige. Framleis er det slik at dei folkevalde kan bestemme
om einskilde saker bør regulerast gjennom næringslivet eller
internasjonale avtalar. Stortinget er framleis det lovgjevande organet.
I prinsippet kan nasjonalforsamlinga til dømes velje å sei
opp EØS-avtalen.
Veljarane vandrar meir enn nokon gong mellom partia. Kva for konsekvensar
får det for din jobb som kommentator? Blir den vanskelegare?
– Det var kan hende enklare å forklare åtferda til
veljarane den gongen då stemmegiving mest spegla den sosiale og
økonomiske bakgrunnen deira. Stabiliteten var større. På
den andre sida har forskinga kome lengre, og vi har fleire studiar å
støtte oss på. Samstundes vert nok det å kommentere
valkampen oppfatta som like utfordrande og vanskeleg nå som tidlegare.
Media har dårleg tid, og forskarane skulle gjerne hatt meir tid
til å studere datamaterialet.
Du er ung, og kvinne i ein bransje totalt dominert av middelaldrande
og eldre herrar - synest du ikkje det er vanskeleg?
– Nei.
Kvifor ikkje?
– Det seier seg sjølv at dei som har halde på lengre,
kan uttale seg med større tyngde. Dei har ei heilt annan referanseramme,
dei kan seie «hugsar du valet i 1981…». Då var
eg elleve år, og politikk var det siste eg tenkte på. Men
ein kan lese seg opp på svært mykje, og ein kan uttale seg
om ting sjølv om ein ikkje har levd lenge og har opplevd alt personleg.
Men kjønn og alder er viktige variablar når forskarane
skal forklare kvifor folk vel som dei gjer. Er dei ikkje også viktige
når det gjeld dei som forskar på val?
| "Den variabelen som forklarer
veljaranes åtferd best, er den forskarane ikkje greier å
fange opp: personlegdom" |
– Kjønn og alder forklarer ein del. Men den viktigaste variabelen
er den vi ikkje greier å fange opp, nemleg personlegdom. Elles vil
eg vone at eg ikkje tolkar resultat og funn i valet annleis fordi eg er
ung og kvinne.
Vi får fleire kvinner på Stortinget, samstundes som mange
meiner den politiske makta renn ut av det. Er det ein samanheng her, gjennom
at menn overlet kvinner eit organ som vert tømt for reell påverknad?
– Eg er ikkje samd i føresetnaden din. Stortinget er ikkje
tømt for verkeleg slagkraft. Sjølv om kvinnerepresentasjonen
i nasjonalforsamlinga er høgare enn i dei fleste andre land, tyder
ikkje det at Stortingets rolle i det norske samfunnet er svakare, samanlikna
med til dømes den franske nasjonalforsamlinga. Det tyder derimot
på at norske kvinner har meir politisk makt enn sine franske systrer. |