|
Mindre til sengs i dårlige
tider
Kvifor går sjukefråværet ned når arbeidsløysa
går opp? To forklaringar står mot kvarandre.
Av Tore Oksholen
Når arbeidsløysa går ned, går sjukefråværet
opp. Og omvendt. Det veit vi frå statistikkane. Det gjeld både
korttidsfråvær og slikt som krev sjukemelding frå lege.
Altså: Er det godt om arbeid, er fleire borte frå jobben.
Men når mange går utan jobb, då er sjukefråværet
lågt hos dei som framleis har arbeid å gå til. Kvifor
er det slik?
Det finst to hovudforklaringar.
Teori 1: Disiplin
Den eine er at folk skjerpar seg når mange er utan arbeid. Dei går
på jobb sjølv om dei kan hende burde ha sjukmeldt seg. Den
kallast disiplineringshypotesen.
Mot dette vert det hevda at Noreg har eit så sterkt oppseiingsvern
at trusselen ikkje er reell. Men det finst fleire middel for å disiplinere
medarbeidarar, enn oppseiingar. Lønna er eitt. Folk som har stort
fråvær, kan
- med rette eller urette
- frykte for å bli hengande etter i lønnsutviklinga. Dei
kan også risikere å bli "parkert" karrieremessig,
eller miste individuelle frynsegode.
Teori 2: Samansetnad
Den andre forklaringa er at dei med svakast helse er dei siste som vert
tilsett i gode tider. Då vil dei også vere dei første
til å bli sagt opp i dårlege tider. Og når dei forsvinn
frå arbeidsplassen, går gjennomsnittleg fråvær
ned. Denne forklaringa heiter samansetnadshypotesen.
Når mange går utan arbeid, vil den store gruppa med arbeidslause
innehalde både friske og sjuke. Då vil arbeidsgjevarane sjå
etter dei med best helse først. Dermed er det først når
marknaden vert skikkeleg stram, at dei med større helseproblem
får jobb.
Eit vitskapleg svar
Er det mogleg å gje eit vitskapleg svar på kva for ein av
dei to forklaringane som stemmer best?
Førsteamanuensis Jan Morten Dyrstad har forska på dette,
saman med stipendiat Solveig Osborg Ose. Dei to har gått gjennom
fråværet ved medlemsbedriftene i NHO. Dei har kome fram til
resultat som støttar disiplineringshypotesen: Folk pressar seg
på jobb når arbeidsløysa er høg.
Dyrstad og Ose delte sjølve arbeidsløysa inn i ein "høg"
og ein "låg" kategori. Høg arbeidsløyse
betydde her meir enn 1,8 prosent av heile arbeidsstokken. Forskarane sette
som premiss at risikoen er større for å bli "straffa"
når arbeidsløysa er høg.
Resonnementet er slik:
Når arbeidsløysa er høg men begynner å gå
ned. Om samansetnadshypotesen (SSH) stemte: Då vert dei friskaste
tilsett først. Fråværet blir dermed uendra.
Om disiplineringshypotesen (DH)
stemte: Når fleire kjem i arbeid og arbeidsløysa går
ned, vil disiplineringa bli redusert. Dermed vil fråværet
auke.
Når arbeidsløysa allereie er låg, men går vidare
ned. Om SSH stemte: Då startar ein med å tilsette dei med
større helseproblem, og sjukefråværet vil stige. Om
DH stemte: Då er redsla for å misse jobben allereie blitt
så liten at fråværet alt har auka. "Disiplineringsfaktoren"
er borte, både blant dei nytilsette og blant dei som allereie er
i jobb. Ytterlegare nedgang i arbeidsløysa vil dermed ikkje ha
nokon effekt på fråværet.
Både med låg og med høg arbeidsløyse som startpunkt,
gir resultata støtte til disiplineringshypotesen: Folk let trugsmålet
om arbeidsløyse fungere som pressmiddel til å gå på
jobb.
Stramme inn på sjukelønna?
Dermed vil det vere mogleg å bruke undersøkinga som argument
for å stramme inn på sjukelønnsordninga. Men Dyrstad
peikar på at fleire faktorar må trekkast inn.
- Vi veit ikkje kva som er "naturleg" nivå på fråvær.
Kva vil langtidseffektane bli, dersom folk opplever press til å
gå på jobb når dei eigentleg er for sjuke til det? Det
kan tenkast at disiplineringsfaktoren tener til å presse ein del
folk permanent ut av arbeidsmarknaden, og dei endar opp som uføretrygda.
Undersøkinga vår fangar ikkje opp dette, seier Jan Morten
Dyrstad.
Kontakt: Jan Dyrstad
Institutt for samfunnsøkonomi, NTNU
Tlf. 73 59 19 37/06
E-post: jan.dyrstad@svt.ntnu.no
|