|

| Ansvarlige redaktører: |
 |
Anne Katharine Dahl, NTNU |
 |
Gunnar Sand, SINTEF |
| Redaktør SINTEF: |
 |
Åse Dragland |
| Redaktør NTNU: |
 |
Nina E. Tveter |
|
Klart for MP4
 |
MP4: video, e-post, nettaviser og musikk på
ein gong?
Foto: Rune Petter Ness
|
MP4 blir for multimedia som MP3 i dag er for musikk. Men enno manglar
innhaldet.
MP3 er eit filformat som gjer det mulig å laste ned musikk frå
Internettet. MP3-spelarar er små dingsar som lastar ned musikk frå
PC-en og lagrar den i små harddiskar.
Koplar du til øyretelefonar, har du ein walkman. Ein slik spelar
kan bare spele musikk. Med MP4-formatet og MP4-spelaren kan du laste ned
og spele av multimediafiler.
Ei MP4-fil kan bestå av ei lydfil pluss fleire videofiler, samt
ekstrainformasjon.
Skjermbiletet som fila blir vist i, kan bestå av ulike videosnuttar,
til dømes eit bakgrunnsbilete og eit vindauge inni, der noko anna
rører seg - mens tekst eller grafikk er plassert ein tredje stad
på skjermen. Det innskotne videoauget kan bestå av objekt
som ligg rett på bakgrunnen. For med det nye formatet blir det mulig
å handsame einskilde objekt (t.d. hus, personar, bilar) i staden
for pikslar, dei ørsmå rutene videobiletet er delt opp i.
Harde nøtter
Teknologien for MP4 finst. Men det er fleire nøtter som må
knekkast før formatet kan takast i bruk. Eitt er å finne
ein metode for å spele av fila samstundes som ho blir lasta ned.
Då slepp du vente på at store filer skal bli overført.
Teknikken kallast "streaming". Som noen av dei første
i verda, har ei gruppe stipendiatar ved NTNU makta å implementere
streaming av MP4 filer.
- Denne teknologien er i konsept det same som de eksisterande produkta
frå Microsoft (WindowsMedia), Real og Apple (Quicktime), men opnar
for uendeleg fleire formar for bruk, seier førsteamanuensis Andrew
Perkis. - Det viktigaste er interaktivitet, det at vi sjølv kan
produsere vårt eige personlege innhald frå den same kjelda
- den same fila.
Multidings
Men jamvel om MP4 finst, manglar innhaldet. Det blir som om ein har CD-
spelaren, men ingen enno har kome på å lage ein CD. Dette
arbeider gruppa nå med. Det handlar om komplekse prosessar, der
ulike parallelle signal skal bli veva i hop på ein måte som
gir meining for mottakaren. Dessutan må filformatet ha metodar for
tovegs kommunikasjon, slik at mottakaren kan gå inn og styre komposisjonane
i skjermbiletet.
Perkis trur at om eit par år vil det vere like mange MP4-filer tilgjengelege
via nettet, som det er MP3-filar i dag. Men MP4-spelaren vil ikkje kome
i handelen som ein ny dings designa utelukkande for dette føremålet.
- Truleg vil vi ende opp med ein multidings, som er mobiltelefon, pc,
MP4-spelar, og meir til, i eitt, seier Andrew Perkis.
Tekst: Tore Oksholen
* Kontakt:
Andrew Perkis, Institutt for teleteknikk, NTNU
Tlf: 73 59 23 83, e-post: andrew.perkis@tele.ntnu.no
|
|