Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NYTTIGE LENKER
SINTEF
NTNU
SISTE NUMMER
NYHETER
SØK

Siste Gemini - oversikt

Tidligere utgaver
Om Gemini
Kontakt oss

Ansvarlige redaktører:
Anne Katharine Dahl, NTNU
Gunnar Sand, SINTEF
Redaktør:
Åse Dragland, SINTEF
Red. koordinator
Nina Tveter, NTNU

Tjærerøyk kan gi blærekreft

Forskar Pål Romundstad ved NTNU er overraska over at ikkje fleire norske aluminiumsarbeidarar får lungekreft.
Foto: Werner Juvik

Aluminiumsarbeidarar står i tjærerøyk som tilsvarar 1000 røykte sigarettar dagleg. Kreft får dei likevel ikkje i lungene, men i blæra.

Tilsette i aluminiumsindustrien har opp mot dobbelt så stor risiko for å få blærekreft som nordmenn elles, fordi dei har pusta inn kreftframkallande tjæredamp frå smelteomnane. Dette viser ei gransking av 11.000 personar som har arbeidd i meir enn tre år ved eitt av seks aluminiumsverk i Noreg. Undersøkinga viser også at på grunn av mykje støv og irriterande gassar i smeltehallane, er faren for å døy på grunn av astma, kronisk bronkitt og emfysem dobbelt så høg hos dei mest eksponerte aluminiumsarbeidarane, samanlikna med landsgjennomsnittet.

Granskinga, som er utført av sivilingeniør Pål Romundstad ved NTNU, er blant dei mest omfattande i verda innan dette forskingsfeltet. Resultata frå Romundstad si doktorgradsavhandling vil ha spesiell interesse for industrien.

- Eg er overraska over at tala på krefttilfelle ikkje er endå høgare. Forskinga viser til dømes ingen samanheng mellom eksponering for tjæredamp og lungekreft, sjølv om det å stå ved smelteomnen kan samanliknast med å røyke 1000 sigarettar dagleg, fortel Romundstad. Fleire tidlegare undersøkingar - norske og utanlandske - har dessutan dokumentert ein auka risiko for lungekreft blant tilsette i aluminiumsindustrien.

- Det er vanskeleg å finne ei god forklaring på kvifor risikoen for lungekreft ikkje er høgare i aluminiumsindustrien enn blant folk flest. Arbeidarar ved norske verk kan vere mindre utsett enn ved utanlandske verk. Dessutan brukar norske smeltehallar mindre asbest enn dei utanlandske, forklarar Romundstad.

- Men kvifor får arbeidarane kreft i blæra, og ikkje i lungene?

- Tjærerøyken inneheld fleire komponentar. To av desse, såkalla aromatiske aminer og PAH, påverkar høvesvis blæra og lungene. Medan ein forholdsvis høg konsentrasjon av aromatiske aminer har ført til større risiko for blærekreft, har mengda av PAH neppe vore stor nok til å gi større risiko for lungekreft.

Romundstad utelukkar at arbeidarane sine røykevanar har påverka resultata, fordi han i analysane i undersøkinga har teke omsyn til denne faktoren.

- Kor stor er risikoen for å få kreft i aluminiumsindustrien i dag?

- Undersøkinga seier berre noe om kreftrisikoen for dei som blei tilsatt for meir enn 25 år sidan. Dette fordi det vanlegvis tek mellom 10 og 30 år frå du har vore utsett for eit kreftframkallande stoff til du eventuelt får symptom og kreftsjukdomen kan bli oppdaga, seier Romundstad. Men han legg til at risikoen truleg er noe lågare i dag, sidan eksponeringa for både tjærerøyk, støv og irriterande gassar er meir enn halvert i perioden 1985-1990.

Av Noralv Pedersen

* Kontakt ved NTNU: Pål Romundstad
Tlf.: 73 59 75 23
E-post: Pal.Romundstad@medisin.ntnu.no

Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST