|
|
"Grønt arbeid" gir fast jobbAv Noralv Pedersen Gjenbruk av hus og møblar hjelper langtidsarbeidslause ut i arbeid.
Dei siste to åra har kommunane Östersund, Steinkjer og Trondheim tilbydd langtidsarbeidslause miljøutdanning og kurs i gjenbruk av bygningsmateriale og husinventar som tre, teglstein, møblar, stål og klosett. Slike sysselsetjingstiltak er miljøeffektive og økonomisk lønsame, og har ført fleire arbeidslause ut i arbeid enn tradisjonelle sysselsetjingstiltak i desse kommunane. Dette går fram av ein rapport skriven av Anders Klang, stipendiat ved Institutt for vassbygging, NTNU. Klang har evaluert det norsk-svenske samarbeidet som ein del av forskinga på avfallshandtering og berekraftig utvikling. Gjenbrukshus Stavne Gård i Trondheim har attvunne tremateriale, teglstein og andre bygningsmateriale frå RIT 2000. Arbeidstreningssenteret har også bygd opp ein sentral for sal av gjenbruksmateriale som opplever stor etterspurnad. - Me klarer ikkje å skaffe nok materiale. Folk kjøper alt frå takstein og liggjande plank til toalett og servantar, fortel Kenneth Urdshals ved Stavne Gård, som gjerne hentar eller tar imot meir rivingsavfall. Det føreligg også planar om ein firemannsbustad, der både den ytre og den indre husbunaden skal byggjast med gjenbrukt materiale. Ved bossplassen i Steinkjer har kommunen bygd eit mottak for grovavfall. Arbeidssøkjande, som har fått utdanning i møbelattvinning, har pussa opp møblar og anna laust innbu for sal. - Steinkjer har lukkast best med å få arbeidslause ut i arbeid. Også i Östersund har dei miljøretta arbeidstreningsprosjekta vore meir vellukka enn tradisjonelle sysselsetjingsprosjekt. I Trondheim er mange i målgruppa tyngre rusmisbrukarar og treng difor vere under oppsyn i lenger tid enn på dei to andre arbeidstreningssentra, fortel Klang. Byggjer campus I Östersund har eit arbeidssenter hjelpt til med å byggje om eit forsvarsregiment til ny campus for Mitthögskolan, der Anders Klang sjølv til dagleg forskar. - Sjølv om attvinning av til dømes teglstein, stål og porselen er tid- og arbeidskrevjande, er det miljømessig og økonomisk lønsamt i forhold til å produsere nytt materiale, seier Klang. I Sverige har det lenge vore ein bruktmarknad for bygningsmateriale. Som dei på Stavne Gård har erfart, er ein slik marknad i ferd med å vekse fram i Noreg også. Ifølgje Klang er kvaliteten på mykje av dei gjenbrukte materiala like god som ny. - For restauratørar er det gull verdt å få tak i gjenbruksmateriale med estetiske eigenskapar og dimensjonar dei ikkje får kjøpt i butikkar, seier Klang. "Gränsesprängning" kallast gjenbruksprosjektet, som gjennomførast i regi av Inter-Reg. Kontakt: Anders Klang |