menu

menu


menu
menu
menu
menu

Løgn og bedrag?

Av Tore Oksholen

- "Har du på deg ein konvolutt med 300 kroner?"
- "Nei"
Kopla til alskens elektronikk, sit eg med auga lukka og ser ikkje professor Svebak. Eg innbiller meg at han smiler. For på PC-skjermen hans går grafane bananas. Eg er tatt på fersken. Men er løgndetektoren eit bedrag?



Dei viktigaste måleinstrumenta er festa til fingrane. Dei to mansjettane på venstre hand måler sveitte, medan mansjetten på høgre hand måler blodgjennomstrømming.
Foto: Rune Petter Ness

Korleis kan ein avsløre folk som lyg? Det kan vere eit spørsmål om liv eller død. Folk kan bli uskyldig dømde for drap dei ikkje har gjort. Fordi ingen trur på dei. Og motsett: Mordarar kan gå fri etter å ha blitt trudd på løgner om eiga uskyld.

Men løgn eller sanning kan også handle om heilt daglegdagse ting. Om skrøning, om "kvite løgner", om halve eller kvarte sanningar.

Når fjortis-sonen din står føre deg og tviheld på at tobakkslukta av håret hans kjem frå passiv røyking frå ein røykande kompis. Når partneren din kategorisk avviser alle spørsmål om utruskap. Då hadde det vore kjekt å ha ein sikker metode å støtte seg til. Sanning eller ikkje?

I mangel av noko betre klamrar vi oss til vår "sunne fornuft". Kaldsveitte, flakkande blikk, ustø stemme, kroppsleg uro - sikre teikn på at løgn er i anmarsj. Trur vi. Men det kan like godt vere stikk motsett, seier professor i psykologi og løgnekspert Sven Svebak ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, NTNU.

- Flakkande blikk og ustø stemme kan like gjerne vere eit signal om at den som taler, gjer sitt ytste for å hugse rett. Du trur at vedkommande lyg, mens ho eller han faktisk gjer sitt beste for å tale sant, seier Svebak.

Krone eller mynt

I det heile er den sunne fornuft lite eigna til å avgjere om ein person lyg eller talar sant, seier professoren. Å avgjere om vedkommande talar sanning ut frå oppførsel, blir som å slå krone eller mynt: Du bommar like ofte som du treff. Om du trur på personen som ser deg rakt i auga og snakkar med klar røyst, vit då at du driv med rein gjetting.

- Men kva med erfarne politietterforskarar - folk som har mange års røynsle med å vurdere om den mistenkte talar sant eller ikkje?

- Desse folka har bare marginalt betre treffprosent enn vanlege folk. Deira vurderingar i så måte er ikkje betre enn den alminnelege lekfolk har. Vi har vitskaplege undersøkingar som viser det, seier Svebak. Han viser til fleire amerikanske undersøkingar kor politifolk vurderte kor truverdige dei mistenkte var ut frå audiovisuell observasjon.

I eit amerikansk eksperiment frå 1999 vart politifolka delt inn i to grupper. Den eine gruppa blei i løyndom instruert til å vise tilfeldige små rørsler med hender og fingrar, medan den andre fekk beskjed om ikkje å vise noko spesielt kroppsspråk. Så skulle dei avhøre dei mistenkte.

Videoopptak viste at dei mistenkte hadde ein tendens til å kopiere slike instruerte rørsler hos politikonstabelen. Andre politifolk fekk deretter i oppgåve å vurdere kven av dei mistenkte som verka mest løgnaktige. Dei med dei hyppigaste rørslene med hender og fingrar gav eit løgnaktig inntrykk, medan politifolka ikkje såg at slike rørsler var like hyppige hos politikonstabelen i desse avhøra.

- Fleire studiar kjem til same konklusjon, seier Svebak.

Avhør gjort av dommarar, går det ikkje betre med. Ei fersk norsk undersøking konkluderer med at nitti prosent av spørsmåla i norske dommaravhør er manipulerande, førande, villeiande, lukka i forma og ikkje eigna til å gje sannferdige svar.

Polygraf

Med markøren peker Svebak på kurvene frå då eg laug. Den gule kurva gir kraftig utslag. Etter at løgna er sagt, flater kurva meir ut: Spenninga er utløyst.
Foto: Rune Petter Ness

Grovt rekna finst det tre metodar for å avgjere om forteljinga til ein person er sann eller ikkje. Den første går på innhaldet i orda - tekstanalyse. Også her viser forsking at sannferdige forteljingar har ei anna struktur enn kva ein gjerne trur: Ein går gjerne ut frå at sanne historier er meir strukturerte og at dei inneheld færre unødvendige detaljar og færre spontane rettingar enn falske historier. Men eigentleg er det tvert om.

Den andre metoden går på kroppsspråket. Det er her det kan gå rett gale, dersom ein baserer seg på "sunn fornuft" (eit omgrep Svebak omringer med store hermeteikn).

Den tredje metoden målar fysiologiske reaksjonar med bruk av eit apparat som kallast polygraf. Det er dette som heiter løgndetektortest. Professor Svebak er den einaste i Noreg som kan bruka polygrafen.

Geminis utsende bestemte seg for å underkaste seg testen. Svebak gjekk med på å la meg teste, men understreka at dette var ein svært forenkla versjon, nærast ein selskapsleik. Den eigentlege testen er nøye bygd opp for å etablere ein fysiologisk profil før sjølve testen tar til.

Eg fekk ein konvolutt i eine handa og ti setlar pålydande 100 kroner kvar. Så gjekk eg til ein annan person ved instituttet og spurte om kor mange setlar eg skulle legge i konvolutten: Det blei 300 kroner. Så gjekk eg til Svebak og vart kopla til apparaturen. Han spurte meg så om eg hadde 100 kroner, 700 kroner, 500 kroner, og så vidare i ein tilfeldig rekkefølgje som dataprogrammet avgjorde. Eg hadde beskjed om å svare "nei" på alle spørsmåla.

Det heile kjendest litt snålt. Testen var heilt uskyldig, og eg sat der heilt roleg, med lukka auge og sa nei, nei, nei. Men på trehundrekronersspørsmålet slo grafane kraftig ut. Etterpå kunne eg sjå med eigne auge at det ikkje kunne vere tvil - rein løgn.

Justismord

Kvar einaste veke skjer det justismord i norske rettssalar, seier Sven Svebak.

- Eg er ikkje i tvil om at dersom ein fekk lov til å nytte polygraftestar som bevis, så ville det betre folks rettstryggleik. Polygrafen er best eigna til å bevise uskyld. Årsaka er at du ikkje kan tvinge nokon til å la seg teste. Men dersom ein person samarbeider, fordi han veit seg uskyldig dømt, kan polygrafen oftast avgjere om vedkommande lyg eller ikkje, seier Svebak.

Ulf Hammern frå Bjugn-saka og søskenbarnet til Birgitte Tengs er mellom dei sytti personane som har kome til Svebak for å la seg bli testa. Professoren kom til at begge var uskyldige.

- Ikkje behov for polygraf

Terje Lunde er etterforskingsleiar ved Trondheim Politikammer. Han er open for å høyre meir om metodane til Svebak. Men Lunde er lite interessert i å ta polygrafen i bruk som ein del av etterforskinga.

- Eg kan ikkje sjå at det er behov for løgndetektor som supplement i etterforskinga, seier han.

- Kva er det du ser etter når du sit overfor ein mistenkt og skal vurdere om vedkommande snakkar sant eller ikkje?

- Målet med bevisførsel er å avgjere skyldspørsmålet. Bevisa skal halde mål i retten. Då kan vi ikkje legge audiovisuelle observasjonar til grunn.

- Men likevel: Det verkar logisk at dine første, intuitive reaksjonar på kor truverdig den mistenkte er, får følgjer for korleis du går fram?

- Intuitiv oppfatning vil kunne farge situasjonen, men politifolk skal vere objektive. Dermed skal ikkje slike intuitive tankar ha nokon relevans. Det er kjeda av indisia som skal avgjere.

- Ein tenkt situasjon: Du har fått ein person dømt for ein alvorleg kriminell handling. Så les du ein dag i avisa at han har latt seg teste i polygrafen til Svebak. Testen gjev som svar at han er uskyldig. Kan du tenke deg korleis det ville ha vore?

Personleg har eg inga erfaring med polygrafen. Derfor har eg ikkje lyst til å reflektere over ein slik hypotetisk situasjon. Eg meiner vi skal legge dagens bevisbyrde til grunn for om ein person bør domfellast eller ikkje, seier Terje Lunde.


GEMINI Fakta

Polygrafen måler endringar i brystets omkrins når ein pustar, sveittesekresjon på innsida av peke- og langfinger, relative blodtrykksendringar og blodgjennomstrøyming i ein fingertupp.

Utforskinga av nokre elektriske signaler i hjernen vil kan hende auke presisjonen ytterlegare. Inga måling er i seg sjølv nokon løgntest, men dei kan bli det, dersom dei vert nytta i heilt spesielle prosedyrar.

I 1997 slo dei amerikanske professorane David Raskin og Charles Honts fast at dei seks beste feltstudiane i snitt hadde 98 prosent korrekte konklusjonar for skyld og 97 prosent for uskyld, når testar utan nokon klar konklusjon vart haldne utanfor. Men bruken av polygraf er omstridd, og norsk høgsterett avviste i ei avgjerd fatta i 1996 å tillate at polygraf kan bli ført som bevis i norske rettssalar, mellom anna fordi det kan føre til eit utilbørleg press på den tiltalte om å underkaste seg testing. I det svenske rettsapparatet er metoden tillaten.