|




|
Den gløymde Tellefsen
Av Noralv Pedersen
Thomas Tellefsen var Chopin-elev og ein av dei store pianistane i
musikkmetropolen Paris på 1800-talet. Likevel har Trondheims-komponisten
gått i gløymeboka.
 |
|
Thomas D. A. Tellefsen var ikkje politisk korrekt. Han valde
eit liv utanfor det norske kulturlivet og skreiv musikk som ikkje
var norsk nok.
|
Thomas Tellefsen (1823-1874) komponerte dei to første norske
klaverkonsertane og fekk rosande kritikkar for desse i Noreg, men etter
at han døydde, forsvann verka hans raskt frå repertoara.
I dag kjenner berre eit fåtal musikken hans.
Cand.philol. Ingrid Loe Dalaker ved Musikkvitskapleg institutt, NTNU,
forklarar i doktorgradsprosjektet sitt kvifor Tellefsen har fått
så liten plass i den norske musikkhistoria:
- Musikkhistoria har lagt vekt på "det store verket" og
dyrka det særeigne norske, - eit historiesyn som stammar frå
vitskapstradisjonane romantisk historisme og historisk positivisme. Innafor
desse rammene var Tellefsen korkje stilhistorisk original nok eller norsk
nok - sjølv om han nytta folkemusikk frå Noreg i komposisjonane
sine, fortel Dalaker.
Tellefsen, som - for ordens skuld - ikkje er i slekt med Arve Tellefsen,
budde store delar av livet sitt i Paris der han opparbeidde seg ein høg
posisjon som komponist, pianist og pedagog.
- At Tellefsen vart elev og nær ven av Chopin, prega komposisjonane
hans. Mange har oppfatta verka hans som usjølvstendige etterlikningar
av meisteren, seier musikkforskaren. Mekanismar i publikumsmottakinga
av Tellefsen kan også forklare kvifor musikken hans ikkje overlevde.
- Medan det parisiske musikklivet på 1800-talet flytta ut frå
dei private salongane til offentlege konsertar for store publikum, vart
konsertane til Tellefsen knytta til den private salongsfæra. Trønderen
hadde på det viset same aristokratiske image som Chopin, noko som
sto i sterk kontrast til den samtidige rådande ideologien til nasjonsbyggjarar
som Bjørn-stjerne Bjørnson. Tellefsen ser ut til å
falle utanfor det som var politisk akseptabelt i Noreg, fortel Dalaker
og legg til at Tellefsen, med bupelen sin i Paris, var lite tilstades
i norsk kulturliv og aldri vart marknadsført på ein måte
som førde han inn i konsertrepertoara.
Dalaker er klar over faren for no å overvurdera Tellefsen.
- Mange av verka skulle gjerne ha vore litt meir spanande. Men Tellefsen
var ein personlegdom som fortener merksemd og som har skrive musikk det
er verdt å høyre på. Trondheims-komponisten fortener
difor ein plass i norsk musikkhistorie, seier ho.
Kontakt ved NTNU: Ingrid Loe Dalaker
Tlf.: 73 55 07 35
E-post: ingrid.dalaker@hf.ntnu.no
|