menu

menu


menu
menu
menu
menu

Heller produktiv enn effektiv

Av Noralv Pedersen


I forsking, offentleg administrasjon og i verksemder ønskjer ein å auke verdiskapinga. Då kan det lønna seg å ta i bruk produktivitetsmåling. Dr. ing. Einar Belsom har i doktorgraden sin ved NTNU vidareutvikla målemetodar som gjev eit meir nøyaktig og nyansert bilete av kor godt organisasjonar kastar av seg over tid.
- Mange verksemder kan betre produktiviteten mykje. Produktivitetsmåling kan såleis verte ein nyttig reiskap for desse, seier Belsom som har teke graden ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing.
- I dag er verksemder stort sett opptekne av å måle effektiviteten, kor godt verksemda yter akkurat for augeblinken. Verksemdene nyttar denne effektivitetsmålinga som grunnlag for til dømes å fastsetje leiarlønningar og finne ulønsame produksjonsledd. Men i staden for å måle den statiske storleiken "effektivitet", kan verksemdene skaffe fram data om produktivitet som fortel korleis organisasjonen kan verte stadig betre over tid, seier Belsom som er konsulent i McKinsey & Company.
- Økonomar og samfunnsvitarar vil ha umiddelbar nytte av forbetra metodar for produktivitetsmåling. Forskarane kan nytta slike målingar til å finne ut kva politikk som er den mest effektive for til dømes å heve produktiviteten i samfunnet. Også finansinstitusjonar og verksemder som har spesialisert seg på makroøkonomiske analysar, kan ha direkte nytte av målemetodane, hevdar han.