|
|
Reknar fram verdsrytmenAv Noralv Pedersen Ny forsking prøver å kartleggje universalrytmen i musikk. Datateknologi er eit viktig hjelpemiddel. Carl Haakon Waadeland meiner at det i musikk finst ein eller fleire universelle rytmar som på ein spesiell måte rører ved lyttaren. Førsteamanuensen ved Musikkkonservatoriet, NTNU, har i den ferske doktorgradsavhandlinga si prøvd å gje svar på kva det er med rytmar som får musikken til å svinge, og kva er det med ein rytme som får lyttaren til å knipse, trampe takten eller danse. Rytmiske avvik Waadeland fortel at det faktisk er desse rytmiske avvika som får musikk
til å svinge. - I wienervals, til dømes, skulle vi forvente vanleg valsetakt. Men i denne stilen skal derimot det første slaget i takten vere kort. Det andre skal vere langt og det tredje mellomlangt. Også i folkemusikken finst ulike variantar, dialektar, innan ein stil. Ein springar vert i Telemark spelen heilt annleis enn i Valdres, fortel forskaren. Modell viser rytmen - Ved å feste sensorar på trommestikkene kan vi feste både rytme og rørsler til data. Å sjå sine eigne rørslekurver kan vere nyttig for musikarar som vil betre teknikken sin. Dessutan er data programmet eit nyttig verktøy for komponering av elektro-akustisk musikk, seier Waadeland. - Særs interessant Hermundur Sigmundsson, førsteamanuensis ved Idrettsvitskapleg institutt, NTNU, karakteriserer forskinga til Waadeland som særs interessant. - Innan dans, rytmisk sportsgymnastikk og turn kan rytmemodellen kanskje hjelpe utøvaren til å studere inn ulike avgrensa rørsler, seier Sigmundsson. I idrettar som fri-idrett har idrettsforskaren derimot vanskar for å sjå overføringsverdi, sidan den ideelle rytmen i til dømes Michael Johnson sine rørsler ikkje er optimale for andre 400-meterløparar. Waadeland, som også har hovudfag i matematikk, har fått stønad frå NTNU sitt tverrfaglege forskingsprogram. Stipendiat Sigurd Saue ved Institutt for telematikk, akustikk, NTNU, har vore han til stor hjelp for å overføra den teoretiske modellen til dataprogram. * Kontakt ved NTNU:
|