Kan ein lære å kommunisere? spør Sigrun K. Ertesvåg frå Ulstein i Møre og Romsdal i doktoravhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU. Ho presenterer ein studie av trening av kommunikasjonsdugleikar i ei åttandeklasse.
Resultata viste at elevane auka bruken av kommunikasjonsdugleikar gjennom treninga. Gutar utvikla bruken av dugleikar meir enn jenter, noko som var overraskande på bakgrunn av tidlegare studiar. Moglege årsaker til dette vert drøfta i avhandlinga. Gutar kan vere motiverte for å trene samarbeidsorienterte dugleikar, medan jenter er meir motiverte for å utvikle empatisk orienterte dugleikar. Resultata tyder på at ein i undervisninga bør vere meir medviten om kva type dugleikar ein trenar elevane i, slik at både jenter og gutar kan utvikle dugleikar dei kan meistre og er motiverte for å meistre.
Gjennom treningsperioden endra relasjonane mellom elevane seg; det vart tettare og meir gjensidige relasjonar mellom mange av elevar i klassa. Dette kan ha samanheng med treninga.
Kommunikasjonsdugleikar er viktige for at alle elevar skal fungere sosialt og fagleg i skulen. At elevane meistrar slike dugleikar er også ein grunnleggjande føresetnad for at læraren kan undervise effektivt. Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen vektlegg skulen sitt ansvar i utvikling av sosial kompetanse og kommunikasjonsdugleikar hjå elevane. Studien som avhandlinga presenterer, lysset spørsmål kring trening av kommunikasjonsdugleikar integrert i den daglege fagleg aktiviteten i klassa. Her er det særleg lagt vekt på arbeid i små grupper av elevar og høvet desse gir til sosial samhandling, som er ein føresetnad for å utvikle gode kommunikasjonsdugleikar. Målsetjinga med slik trening er todelt. Ein ynskjer at kvar einskild elev skal få maksimalt læringsutbytte av undervisninga, samstundes vil trening i kommunikasjonsdugleikar medvirke til førebygging på utvikling av åtferdsproblem hjå elevane.
Avhandlinga har tittelen «Små elevgrupper som sosial læringsarena - ein kort longitudinell studie av trening av kommunikative dugleikar i 8. klasse». Studien er finansiert innan det Statlege spesialpedagogiske støttesystemet og har vore utført ved Pedagogisk institutt, NTNU.
Sigrun K. Ertesvåg er utdanna cand.polit. (1994) frå NTNU og er tilsett ved Trøndelag Kompetansesenter, statleg spesialpedagogisk senter for samansette lærevanskar.
Avhandlinga er innlevert til forsvar for graden dr.polit. Disputasdato er 6. desember.
Doktorgrader ved NTNU - kontinuerlig oppdatert