Kvart år deltek ca 2000 barn ved «Mostraspelet» i Sunnhordland. I kva grad opplever dei dette som eit fruktbart kulturmøte? I doktoravhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU presenterer førsteamanuensis Kjellfrid Mæland frå Stord i Hordaland ein kasusstudie i to sjetteklassar, med fokus på barnas mytisk-religiøse, historiske og estetiske erkjenning.
Undersøkinga kan gje auka innsikt i korleis barn utviklar kunnskap og erkjenning, og gje hjelp til å sjå den pedagogiske verksemda i eit kulturperspektiv.
Som teoretisk grunnlag nytter Mæland Ernst Cassirer's filosofi om dei symbolske formene i kulturen. Studien viser at barna si heilskapsforståing av kulturskiftet varierer frå eit konfliktperspektiv, i hovudsak hos gutane, til eit harmoniperspektiv, mest representert hos jentene. Nokre få tolkar kulturskiftet i eit dialogperspektiv. Fleirtalet av barna opplevde møtet med Mostraspelet positivt. Dei som opplevde det negativt, hevda det var kjedeleg og at dei gjennomskoda «triksa».
Både det mytisk-religiøse, det historiske og det estetiske perspektivet er med i barna si framstelling av kulturskiftet. Dette kan tyda på at skulen har lukkast i å nytta varierte arbeidsformer, som på ulik måte har appellert til barna. Det er likevel store variasjonar i kva barna legg vekt på innan dei nemnde dimensjonane. Dei fleste barna synest ikkje å sjå nokon direkte samanheng mellom temaet og deira eiga notid og framtid.
Avhandlinga har tittelen «Kulturmøte og kulturbryting: Dagens barn i møte med kulturskiftet i Norge ca 950 - 1050». Arbeidet er utført ved Pedagogisk institutt, NTNU, med førsteamanuensis Hansjörg Hohr som rettleiar. Arbeidet er støtta økonomisk av Høgskolen Stord/Haugesund..
Kjellfrid Mæland er utdanna ved Stord lærarhøgskule (1974) og Norsk lærerakademi (1985). Ho er tilsett som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskolen Stord/Haugesund, Avdeling for lærarutdanning.
Avhandlinga er innlevert til forsvar for graden dr.polit. Disputasdato er 1.
november
Doktorgrader ved NTNU - kontinuerlig oppdatert