Sjukepleiarutdanning i endring

Norsk Sykepleierforbund (NSF) og sjukepleiarprofesjonen fekk på 1990-talet  mindre innverknad på nasjonalt rammeplanarbeid enn dei hadde hatt tidlegare. NSF har alltid arbeidd for kunnskapshegemoni i utdanninga. Det skriv cand.polit. Marit Kvangarsnes (48) frå Volda i doktoravhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU. Temaet i arbeidet er rammeplanarbeidet for sjukepleiarutdanninga på 1990- talet og fram til i dag. Ho ser spesielt på styring, profesjonar, diskursar og tekst.

På 1990-talet vart det gjennomført omfattande reformer i det norske utdanningssystemet som kan sjåast på som ein del av ei internasjonal reformperiode med liberal og konservativ forankring. Som ein lekk i arbeidet med Høgskulereforma vart det utvikla nye rammeplanar for høgskuleutdanningane i helse- og sosialfag som skulle vere tilpassa dei nye styringsrammene. 


Politisering av læreplanarbeidet
Etableringa av Rådet for høgskoleutdanningar i helse- og sosialfag (RHHS) i 1991 gjorde at nye aktørar fekk ansvaret for rammeplanutviklinga. På 1990-talet vart profesjonsinteressene nedtona i nasjonale læreplanar. Det skjedde ei politisering av læreplanarbeidet. Standardisering av rammeplanane og felles innhaldsdel var styresmaktene sitt bidrag til samordning av profesjonane. Omgrep som samordning, fleksibilitet, knutepunktfunksjonar, effektivisering og brukarmedverknad prega den helse- og utdanningspolitiske retorikken i denne perioden.


Sterkare styring
Sjukepleiarutdanninga vart sterkare styrt enn dei andre profesjonsutdanningane i helse- og sosialfaga. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet tok planarbeidet ut av dei organa som hadde fått ansvaret for planutviklinga (RHHS og Norgesnettrådet) og etablerte eit utval som fekk klare føringar for innhaldet i rammeplanen. Mandatet til dette utvalet var mellom anna å styrke praksisinnslaget og omfanget av medisinsk-naturvitskaplege fag. 

Ulike styringsdiskursar kjem til uttrykk i rammeplanen sin tekst. Det er haldepunkt for å seie at sjukepleieprofesjonen i mindre grad prega teksten enn til dømes rammeplanen frå 1987. Men eit fag sine tradisjonar er også ein del av endringsvilkåra. Det moralske aspektet er framtredande og planen frå 2000 har ei svært normativ utforming.


Sjukepleiarutdanninga i ein internasjonal samanheng Knapt tre år etter at sjukepleiarutdanninga hadde fått ny rammeplan, vart det sendt ut forslag til ny og forenkla plan. Avhandlinga sitt siste kapittel set sjukepleiarutdanninga inn i ein internasjonal og global samanheng. Standardisering og ein marknadsdiskurs pregar nasjonalt rammeplanarbeid.


Avhandlinga
Avhandlinga har tittelen «Sjukepleiarutdanning i endring - Nasjonalt rammeplanarbeid 1992-2004 med fokus på styring, profesjonar, diskursar og tekst». Arbeidet er utført ved Pedagogisk institutt, NTNU, med professor Stefan Hopmann som hovudrettleiar og dr.polit. Berit Karseth og førsteamanuensis Alfred Oftedal Telhaug som medrettleiarar. Arbeidet er finansiert av Høgskolen i Ålesund.

Marit Kvangarsnes er cand.polit. (1995) frå Universitetet i Oslo. Ho er tilsett som høgskolelektor ved Høgskolen i Ålesund.

Avhandlinga er innlevert til forsvar for graden dr.polit. Disputasdato er 29. april. Prøveforelesing kl. 10.15, disputas kl. 13.15. på NTNU, Dragvoll.

Doktorgrader ved NTNU - kontinuerlig oppdatert

08.12.04

Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør NTNU, Kontaktinformasjon