Den hjelpa samfunnet yter er utgangspunktet, og ikkje klienten sin behovssituasjon. Klientar opplever det ofte som ei skam å søke hjelp frå sosialkontoret. Det skriv cand. polit. Siv Oltedal i doktoravhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU. Det kjem fram i avhandlinga at ein føresetnad for å utvikle verdighetsskapande relasjonar, er at sosialarbeidaren tek høgde for den konteksten hjelpa blir ytt innanfor. Sosialarbeidaren må då bevisst arbeide for at klienten skal oppleve seg verdig ved å motta hjelp frå sosialkontoret.
Avhandlinga er ei studie av klientsamtalar på sosialkontor, med fokus på å få fram det sentrale i kva sosialarbeidar og klient snakkar om, korleis dei snakkar saman og med kva for eit formål. For å gjennomføre analysen har Oltedal utvikla eit eige omgrep, “orientering”. Møtet mellom klient og sosialarbeidar blir fortolka som ulike former for forhandlingar. Det er aldri snakk om berre eit tosidig forhold mellom partane. Dei ulike orienteringane i samtalen er først og fremst kjenneteikna ved å vere fokusert i høve til ulike “tredjepartar”. I avhandlinga er det identifisert fire ulike faglege orienteringar.
Rettighetsorientering dreier seg om sosialarbeidaren si fortolking av lova, for å utløyse eller ikkje utløyse hjelp til klienten. I rådgivingsorienteringa forsøker sosialarbeidaren å formidle eit råd overfor klienten. Det kjem ikkje fram i denne studien at klientane spør om råd frå sosialarbeidarane. Dei formidlar likevel råd, sjølv om det gjennom intervju med sosialarbeidarane kjem fram at dei ikkje trur klientane vil ha råd frå sosialkontoret. Utforskingsorientering dreier seg om at partane fortolkar og reflekterer meir opent omkring eit fenomen i klientens livssituasjon. Samtalen innan samarbeidsorienteringa dreier seg om korleis klient og sosialarbeidar skal forhalde seg til ein samarbeidande instans.
Avhandlinga har tittelen «Praksis i sosialt arbeid. Ei studie av klientsamtalar på sosialkontor.» Ho er utført ved Institutt for sosialt arbeid, NTNU, med professor Rannveig Dahle, NOVA, Oslo, som hovudrettleiar og fil dr Elisabet Cedersund, Tema Kommunikasjon, Universitetet i Linköping, som medrettleiar. Arbeidet er finansiert av Helse- og sosialdepartementet og Høgskolen i Bodø.
Siv Oltedal, som er frå Bodø, er cand. polit. frå Universitetet i Trondheim (1983) og er tilsett som amanuensis ved Høgskolen i Bodø.
Avhandlinga er innlevert til forsvar for graden dr. polit. Disputasdato er 11. februar.
Doktorgrader ved NTNU - kontinuerlig oppdatert
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Teknisk ansvarlig: web@adm.ntnu.no |
![]() |