Norges teknisk-naturvitenskapelige universitetet

Ikkje all auke er klok politikk

Opposisjonspartia på Stortinget har i ein merknad til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2012, føreslått å gi meir pengar til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Bodø. Grunngjevinga er dei ikkje lenger er statlege høgskular, og at forholda difor bør leggjast betre til rette for at dei kan konkurrera om forskingspengar på likare vilkår med dei gamle universiteta.   

I eit intervju med Uniforum seier stortingsrepresentant frå Vest-Agder og Høgre, Svein Harberg at “dei tradisjonelle universiteta og dei nye universiteta handsama forskjellig, sjølv om alle er universitet. Medan forskarane ved dei tradisjonelle universiteta får forska i 50 prosent av arbeidstida si, får forskarane ved dei nye universiteta berre forska i 25 prosent av arbeidstida si.”

Sjølv om nokon kan hende vil hevde at eit kvart initiativ for å styrke økonomien i universitet- og høgskolesektoren er positive, synest eg ikkje dette er klok politikk. Det har eg også svart på spørsmål frå Uniforum, og ikkje uventa er mine rektorkolleger i Oslo og Bergen einige.

Heilskapleg politikk

Dette handlar likevel ikkje om dei “gamle” universiteta mot dei “nye”, eller om dei store mot dei små. Dette handlar om kva slags heilskapleg politikk Norge skal ha for utvikling i høgare utdanning.

I høve til folketalet, har me alt no fleire universitet enn dei landa me brukar å samanlikna oss med. Der går utviklinga tvert om i motsett retning, med konsentrasjon og fusjonar, ikkje minst av omsyn til ein stadig sterkare, internasjonal konkurranse om forskingsmidlar og talent.

Ikkje økonomisk drivkraft

Det har dessutan vore ein politisk premiss i utviklinga av sektoren, at det ikkje skal vera ei økonomisk drivkraft for å søkje status som universitet. Ei slik utvikling som den føreslegne, bør difor ha eit tydelegare politisk grunnlag i ei vurdering av kor mange universitet Noreg har rom for, og under kva føresetnader dei skal utvikla seg.

– Dersom dette blir gjort tydeleg, og det blir tilført friske midlar for å utvikla ein eigenart for desse institusjonane som kompletterer dagens struktur, så kan det vera ein politikk for ei positiv utvikling av norsk, høgare utdanning. Det som ikkje må skje, er at dei eksisterande midlane i sektoren blir spreidde tynnare ut over fleire institusjonar.

I merknaden føreslår opposisjonspartia og å auke den samla grunnløyvinga til sektoren. Det er klok politikk! Ei sterkare satsing på forsking og høgare utdanning er den beste investeringa nasjonen kan gjere for å trygge velferdssamfunnet og sikre verdiskaping i framtida.

Stikkord: , , , , , , , , , , , , ,

Stengt for kommentar.

Toppen